Notisar.

 
Kand. filos. J. M. Moe hev fengjet eit Stipendium paa 350 Kr. fyr aa samla inn Folkediktingar i Thelemarki og Sætersdal.
 
Saki millom Morgenbladets Redaktør Chr. Friele og Driftsbestyrar Engelstad vart dømd igaar. Engelstad laut bøta 200 Kr. fyr det um Frieles "uforbederlige Slyngelagtighed" og dertil betala Søksmaalet med 25 Kr. Ordet "uforbederlige Slyngelagtighed" vart ikkje or Kraft sett (mortificerat), som dei plar gjera med slike ærekrenkande Utsegner, daa Friele meinte, det var soleids voret, at det inkje Orkrefting trengde.
 
Provst Preuss i Holt er braadt daaen. Han vart rørd av Slag.
 
Paa Lesja bar det i fyrre Vika ned so mykje Snjo, at dei laut brøyta fyr Posten med Snjoplog.
 
Sander Røo i Hallingdal, Sersjant hev voret, hev fengjet Pensjon av Thinget, av di han med uvanleg Trott og Ihuge hev hjelpt til det han kunne i Strævet fyr den aalmenne Upplysning. Han hev grunnlagt ei Boksamling i Bygdi si, mest paa eigen Kostnad og utan aa bry seg um Motstand fraa Sambygdingar, og han hev voret framifraa hæv til aa samla inn forvitnelege Ting av alle Slag, Fornsaker, Dyr, Steinar, Vokstrar og gamle Brev, og sendt dei til Universitetet.
 
Storthingsmann Aschehaug sette Spursmaal fram i Fullmagtsnemndi, um det kunde vera høvelegt fyr Thinget, at ein Mann kunde sitja der, som var klagad fyr Høgbrot. – Det var Løberg han meinte paa, veit du. - Nemndi brydde seg so litet um denne Aschehaugs Freistnad, at der ikkje eingong vart nokot Ordkast av um Saki.
 
Præsident Rektor Steen er i Besning.
 
Eit Faatal i Jarnvegsnemndi vil, at Jarnvegen fraa Drammen til Skien, (14 Mil) skal verta byggd med breidt Spor etter Ingeniør Størmers Framlag. Det vilde kosta 136000 Kr. - Daa maatte Kristiania-Drammensbanen og byggjast um, og det vilde koma paa 400000 Kr. - Fraa Hamar til Elverum tel Nemndi og til aa bruka breidt Spor, men ikkje fyr Resten av Nidarosbanen.
 
Vaagaa Prestegjeld hev av Kammerherre Holst fengjet 120 Bøker (fraa Fr. Wøldike i Kjøbenhavn) til gjevande. Detta vert vonleg Grunnlaget til ei Aalmugeboksamling, daa Vaagaa ikkje hev ei slik fyrr.
 
Galgebergs-Krigen. 32 Mann hev voret under Forhøyr; av dei skal det leggjast Søksmaal mot 6 fyr valdeleg Motstand mot Politi og Herfolk. Dei hev aldri fyrr voret i Naud soleids.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum