Kristiania, den 14de Juni 1878

 
Chr. Johnsen ligg i desse Tider og høgg og hakkar etter Johan Sverdrup mest som ein ør Mann. Alt som Sverdrup gjer, so sit Johnsen der upp i sitt trygge Almuven-Bøle og rengjer det um og tyder det ut paa alle dei verste Maatar han veit. Han trur væl, det er ein god og fager Gjerning han her gjerer. Han tenkjer væl som so, at di meir han kann riva ned paa ein stor Mann, di større vert han sjølv. Det er sume som hev det paa den Maaten, helst Smaafolk, segjer dei.
 
Der er i detta nokot raatt og styggt, som vitner vondt um det "norske Folk." Sverdrup er no ein gamall Mann, som hev ofrat Landet eit so langt og rikt Arbeid som faae og ingen, og som snart aa segja hev slitet seg upp paa det. Og enno held han fram, ungdomsfrisk som fyrr i Aand og i Tanke; Helsa er smaaleg, Krafti ofta arm; men det er det same; han arbeider og arbeider utan Stans, han vil vera med og byggja paa Landsens Framtid til Haandi sig og til Augo sloknar. Ein sovoren Mann burde vera trygg mot all Gapeferd, ja mot sjølve Hatet. Me veit, at han er av vaare Største og Beste, og me veit, at det er oss og Landet og ikkje eg sjølv, som han strider fyre. Me skulde vera glade, so lengje me aatte ein slik, og tenkja paa, kor gildt det væl vil verta, naar me eingong stend honom forutan. Men – Ingen bryr seg um slikt. Vaare største Stakarar, vaare verste politiske Vasekoppar og Vinglingar, Armodsdomen og Faavisa og det laakaste Hat, ligg etter honom allstødt; kvar gjer dei sitt, med den beste Vilje og den rolegaste Hug, til aa kasta kalde Skuggar yver ein stor Manns aldrande Aar, - og me andre, me finn oss i det, me les desse Armodsblad til kvar Dag, og just desse Blad er det, som hev den største Magt og dei fleste Lesarar. Morgenbladet heiter enno "Intelligentsbladet", og "Almuevennen" hev det største Tingartal av alle Blad i Landet, - til eit sorgsamt Vitnemaal um, at Landslyden ikkje er eit "Folk", men – rett nok - ein " Almue."
 
Som væl er, so hev det daa no i denne store Mugen sett seg av liksom ein folkelig Kjerne, og den veks fyr kvar Dag og vil visst tilslut veksa seg so stor, at han fyller heile Landet. Daa vil "Almuevennen" og Morgenbladet og deira Aand vera daud og burte, og daa vil det væl verta likare aa liva fyr Menn som Sverdrup med.
 
At ein Mann som Chr. Johnsen ligg og glefser etter Sverdrup, det kann no hellest ikkje gjera stort fyr honom. Det er me andre, som lyt skjemmast av det, og det er Johnsen sjølv som tek Staden: han gjer seg til Narr. Han er liksom eit fint Lemæn, som set seg paa Bakbeini og viser Tenner og skrik: du lyt læ aat Stakkaren, som er so magtlaus og endaa vil vera Kar. Ein Upolitiker som Chr. Johnsen, som aldri i sitt Liv hev aatt ein Stortanke elder visst av aa setja seg inn fyr ei Sak, han er so ørende liten mot Sverdrup, at han ikkje vert stort likare enn den vesle Bikkja, som gjøyr etter Maanen.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum