Brennevin og Tobak.

                              

II.

 
Til ein liten Slut paa Brennevinsstykket mitt lyt eg her fyrst fortelja nokot um Bayerølet. Folk hev fyrr trutt, at der var slik ei Næring i detta Drikka; men det var og eit Mistak. Sanningi er, at der i bayersk Øl er berre 5 Procent elder ein Tjugendepart Mat, og so 5 Procent – ein Tjugendepart – Forgift 1), og Resten, 90 Procent elder attan Tjugendepartar, er - Vatn. Det vert dyr Mat det, - og dyr Forgift. Han sa' altid det ein Vestlandsdrikkar, eg kjende, at naar han drakk upp fyr ein Dalar, so sparde han ein Tolvskilings "Stump" (Braud), og han var ikkje so langt fraa det Rette helder i det. Hadde han sagt ein Tiskillings, so hadde han raamat det paa Prikken. Det plar no ikkje vera Folks Vis det, aa betala ein Dalar fyr slikt, som dei hellest kann faa fyr 10 Skilling; men her, naar dei kann faa dei 5 Procent Forgift med, so sparar dei ikkje! –
 
Professor Vaage arbeider no av all Magt paa aa faa ut detta helsetærande og pengetynande Bayerølet og faa innført eit nytt Slag Øl, som skulde innehalda mykjet Mat og litet Forgift, og fyr det Arbeidet skal Vaage hava Takk. Fær han det fram, so hev han gjort ei sann Vælgjerning baade mot Land og Folk.
 
- Og so til Tobakken! – Dei, som eg helst vil skal lesa det eg no skriv, det er Landsens – Lærarar.
 
Eg meiner eg hev Rett til aa preika fyr Folkum detta. Fyrr var eg sjølv strid i Tobaksvegjen og helst ein stor Røykjar; men no hev eg drivet det so vidt, at eg ingen Dag smakar Pipa fyre Middag, og um Ettermiddagen er det helder ikkje meir enn ei einaste Pipa, og den er liti. Tanken er aa slutta med den og. Eg meiner soleids, at det gjeng an aa halda upp, um Ein so er helder langt komen.
 
Og naar du tenkjer paa, at me, som no so væl kunde trengja kvar vesle Skillingen vaar til gagnlege Ting, at me fører inn 40,000 Centner elder 333,333 Bismarpund av denne Ufyseskapen, som ikkje duger til nokon annan Ting enn til aa tæra paa Folkehelsa og Folkekrafti, - so vil du visst finna, at her er Grunn til aa slutta fyr nokon kvar. Det er i Grunnen raatt aa bruka Tobak liksom aa drikka Brennevin elder røykja Opium, og det heng ihop med den ville Manns Hug etter alt, som riv i Halsen, og med denne armodslege Trong til aa kveikja sitt dauve Blod med Kunstraader, som tykkjest gjera godt med det same, men som tærer og gneg paa Livskrafti i Lengdi. Tobakken er forgiftig so væl som Brennevinet, og denne Forgifti (Nikotinen) er sterk; for naar Ein fyrste Gongen skal til aa bruka Tobak, so vert Ein øyde sjuk. Du minnest væl det du og. Sidan venst Ein med det, so Ein ikkje just kjenner vondt av det; men du lurer ikkje Naturen; Forgifti et paa deg, smaatt men jamnt, so lengje som du held paa og brukar henne.
 
- So vil eg og minna um ein annan Ting. Naar du røykjer, so vert du tyrst, og naar du er tyrst, so lyt du drikka. Tobak og sterkt Drikka høyrer liksom ihop og hjelper kvarandre i aa øyda Folks Helsa og Pengar. Her er mang ein ung Mann, som hev fenget Smak paa Øl ved Tobakken; eg minnest sjølv kor Kar eg tottest vera, daa eg i 15 Aars Alderen kom etter, at naar eg drakk eit Par Glas Øl, so kunde eg etterpaa røykja ein halv Sigar.
               
Det er leidt aa vita, at dei, som serskilt skulde vera Folkets Upplysningsmenn, Lærarar og Prestar helst, ofta er dei, som hjelper mest til med aa draga denne uhorvelege Tobaksvelta inn yver Landet. Eg kjenner Prestar, som tygg Skraa som Matrosar, um eg enn vonar, at det ikkje finst meir enn ein, som er so ille, at naar han døyper Born i Kyrkja, so maa han rett som det er stansa med Lesingi fyr aa sputta store Tobaksklysur stundom paa høgre og stundom paa vinstre Sida aat Kona som Barnet ber. Det er litet Von um aa vinna nokon Veg, naar ikkje Upplysningsmagti tek i; men kor kann ho taka i, naar ho ligg midt upp i Raaskapen sjølv?
 
Det som er det alra Fælaste er, at Ein i seinare Tider ofta ser, at Smaagutarne tek til aa bruka Tobak. Tenk paa det, du gamle Tobaksrøykjaren. Koss tykkje du det er voret, naar du ser Son din paa 12 Aar koma takande med Pipa i Kjeften, pustande, govande, sputtande og – bleiknande, so han er vemlen aa sjaa paa? Elder naar han lyt til Sengs, og ligg der og spyr og ankar seg og er so sjuk, han veit 'kje kor han skal gjera av seg? Kvat skal du væl segja til den vesle Armingen, du, som veit, at du sjølv hev Skuldi? For det dei Smaae ser fyr seg, det tek dei etter, og trur at dei gjer eit Karsstykkje med det. Ein plar segja, at Tobak er ei " seint drepande Forgift," og det kann so vera fyr den, som seint tek til og som brukar det med Maate. Men fyr Gutungen, som endaa ikkje er fullt utvaksen og til Magt komen, kann det henda, at den Forgift ikkje er so seint drepande helder. Det er paa høg Tid, at detta vert innprentat i Skulen. Men skal det skje med Kraft og Nytte, so lyt Læraren sjølv halda seg fraa det, og han maa fyr all Ting halda fram, at det er so langt ifraa nokot Karsstykkje aa venja seg til med sovorne Uvanar, at ein Kar snarare vert eit Stykkje av ein Træl ved slikt. Kann so Læraren faa med seg dei Unggutar, som han av ein elder annan Grunn skynar vert dei "Tonegjevande" i Bygdi, so er me langt komne. Den, som trur, at denne Sak er for vesall til aa bry seg nokot med, lyt eg hjelpa med Tal. Og til den som meiner, at det nok er galet, men som segjer, at det kann ikkje nytta aa strida imot ein Ting, som so mange er med paa, vil eg svara: Det kjem berre an paa deg og meg. Det er Einskildmannens Sak. Lat oss vita det væl, at me ikkje er frie fyr den Landsens Synd, som me tigjer still til, ja kann henda og er med paa.
 
Men det var Tal, me skulde faa. Her er mang ein Mann, Bonde, Sjømann, Fiskar, Arbeidsmann, som bruker upp – eg vil segja 2 Skilling Dagen i Tobak. Men tru det er mange, som ikkje helder vilde hava 741 Speisi i Banken paa 60-Aars Alderen?
 
Me skal ikkje rekna det du legg ut fyrr du er tjuge Aar, men tru, at du brukar fyr ½ Kruna til Vika fraa du er 20 til du er 60. Kor mykje trur du no det vert? Jau, um du kvar Laurdag set det i Banken, so vert det i 40 Aar med 5 % Renta og Rentes Renta – 2965 Krunur. Og eg trur ikkje me hev reknat høgt. Brukar du ikkje upp 2 Skilling Dagen i Tobak og 1 Skilling Vika i Fyrstikkur, so brukar du ein Dram so ender eg daa, elder kanskje ei Flaska Bayerøl imillomaat, so Rekningi vert nok helder laag. Men vil ein Husmann svara, at han brukar ikkje meir enn fyr 1 Skilling Dagen, so vert det endaa 1482 Kr. i 40 Aar.
 
Kvar Skulelærar kann fortelja deg, at detta er sannt, og med det same kjem han kannhende til aa tenkja paa, at han fyr halve Tobaksskillingen kunde havt seg ei Boksamling fyr eit Par hundrad Dalar og endaa 2-300 i Banken! –
 
Tek me ein Bymann, som er saa ovlaga "skikkeleg," at han berre brukar ½ Flaska Øl og ein Sigar til Dagen, so hev han i 40 Aar øydt upp 12,000 Kr. elder 3000 Spd. Eg tenkjer her var dei, som hadde Bruk fyr dei Pengarne i 60 Aars Alderen; og eg tenkjer endaa meir paa, kvat det kunde verta av mang ein Mann, naar han brukte den Tidi som han no kastar bort ved Pipa og Glaset, til aa utdana sin Aand. – Men det nyttar lite aa tenkja ; difyr hev eg no forsvoret Glaset, og Pipa skal snart ganga same Vegen. Og so vender eg meg hugheilt til vaart Lands trufaste unge Lærarstand og til dei unge Prestar: tenk paa detta! – men fyr all Ting: slutte fyrstsjølve; og daa vaagar eg, det kjem mang ein etter.
 
Me hev Bruk i detta Landet baade fyr Tidi og Krafti og Skillingen. Den Sløsing, som no drivst, er ei Landsulukka; Framtidi vil sanna det. Lat oss spara der, som Sparing er Helsebot, so slepp me aa knipa, der Kniping er Skam og oftaste Skade.
 
Eg sluttar med aa minna um eit litet Hende, som kann vera likso godt aa minnast som aa gløyma. Fyr nokle Vikur sidan var det ein Mann som bleiv (druknad), fyrdi han sette fast Skjøtet i Baaten, daa han endeleg maatte kveikja Pipa si. XII.
 
1) Alkohol.
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum