[Polen]

 
Polen, som i si Tid vart sundbytt millom dei tri Stormagter Russland, Preussen og Austrike, held trutt fast paa sitt Maal og sin Nationalitet, alt um Landsens framande Herrar, serleg Russland og Preussen, hev gjort alt det dei kann til aa faa Ende paa det polske Maal og det polske Aandsliv. Ja det som meir er: det Polske gjeng f r a m istadenfyr tilatters.
 
I preussisk Polen stend Striden millom det store tyske Kulturmaalet paa den eine Sida og so Polsk paa den andre. Tyskerarne hev strævat hardt med aa tyna Polskemaalet og faa sitt eiget "hochcultivirte" inn, og eit Bil hev detta gjenget godt. Men no vender Bladet seg radt um. Polsken reiser seg att og driv Tysken ut Fet fyr Fet. Me tek inn litegrand um detta or svensk Aftonblad.
 
"I det preussiske Polen gjer "Poloniseringi" merkjelege Framsteg. Soleids fortel Berlinbladet "Post," at i Koyna i Krindsen Mongrovicz, der dei fyr 20 Aar sidan preikad paa Tysk, vert det no haldet Gudstenest berre paa Polsk, av di Folket ikkje lenger skynar Tysk. I Cierkosko nære ved Polajevo talad Folket fyr 50 Aar sidan berre Tysk; men no talar dei berre Polsk."
 
- 20 Aar! 50 Aar! So fort kann det ganga fram med slikt, naar det fyrst kjem paa Gonga.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum