Utlandet.

 
Den tyske Kronprins hev teket ved Styret i Staden aat Far sin, so lenge denne er sjuk. Dei berlinske Blad helsar denne Tidendi med synleg Fagnad, med di dei vonar, at han med si kjende Kraft vil setja i Verk aalvorslege Fyregjerder, som snart kann læra Øsararne, at det er Slut med den lempelege Medferd, dei hev notet til dessa. Regjeringi hev ogso alt gjort Tiltak, som ber paa den Leidi. Den 7de Juni er det mellt fraa Berlin, at den prøysiske Regjeringi hev lagt fram fyr Forbundsraadet eit Forslag, underskrivet av Bismarck, um aa løysa upp den tyske Riksdagen. Grunnen er den, heiter det, at ho kann ikkje vera viss paa, at det vilde ganga betre no enn fyrre Gongen, um ho lagde fram paa nytt Lag fyr denne Riksdagen det Forslaget um Fyregjerder mot Socialdemokratarne, som var framme etter Hødels Mordfreistnad. Det er aa segja visst, at Forbundsraadet vil gjeva sitt Jakvæde, og det er helder ikkje Tvil um, at den Rædsla, som hev gripet ein stor Part av det tyske Folk etter desse tvo Ugjerningar, vil driva Riksdagen til aa samtykkja dei Aatgjerder, som Regjeringi krev, um dei og vert hosta harda, og det anten Yvertalet i Riksdagen vert verande hjaa dei same, som no hev det, elder han vert annorleids samansett, enn han no er. Bismarck hev voret mistrudd fyr aa vilja nytta den Hugvendingi, som er komet upp, til aa skilja seg med dei nationalliberale og faa seg eit nytt Yvertal i Riksdagen. Paa si Sida hev desse - elder mange av deim iminsto – freistat aa avvenda den Faaren, som er yver deim, ved aa gjera Bot fyr sine Synder. Nationalzeitung hev den 6te eit Stykkje fraa "eit Lag av Riksdagsmenner", som segjer endefram, at daa Socialistlogi var fyre, hadde dei gjenget ut fraa den galne Fyre- setningi, at Hødels Mordfreistnad var eit einstaka Forbrot. Den nye Mordfreistnaden, den audsynlege Samfelling i Mordplanen, Ryggjeløysa i dei laagere Samfundslag, Trugsmaali og dei nautne Majestætsforbrot, alt synte eit Hav av Ukynde, som ikkje den Rettarskipnaden, som no er, var god til aa bægja. Til Slut lovad dette "Lag av Riksdagsmenner", at dei var viljuge til aa gjeva sitt Samtykkje til dei Fyregjerder, som vart fyreslegne. Til dette legg Nationalzeitung dei Ord: Soframt Regjeringi gjeng fram fyr Riksdagen og krev framifraa Fullmagt til aa tryggja Kongehuset og Landet, er me fullvisse um, at ho fær sin Vilje. Domen um Naudsyni av ei slik Fullmagt maa me sjølvsagt lata Regjeringi fella.
 
Mange Folk er sette fast i den sidste Vika, fyrdi dei hev talat vyrdnadslaust um Kjeisaren elder gjevet Grunn til Mistanke um, at dei hev voret i nokot Samlag med Mordaren. Politiet er paa Veiding etter Medskylduge i Ugjerningi; nokot visst hev det enno ikkje funnet ut, men det trur, at det er paa Spor etter ei Samsverjing, som er spreidd ut yver Tyskland og hev sine Folk jamvel i London og Paris.
 
Doktor Nobiling er fødd ved Posen i 1848 av gode Foreldre. Far hans var Paktar av eit Kongsgods, Mor hans er no uppattgift med ein Major. Han hev tvo Brøder, som er Offiserar i Heren, men som no vil stiga ut or Tenesta, etter at denne Flekken er komen paa Namnet deira; ein yngre Broder er Jordbrukar; han er mistrudd fyr aa ha voret i Samraad med Broderen og er sett fast. Doktor Nobiling hev voret ein trottug Lesar, og skal ha gode Kunnskapar; det er i ser Kemi og Aakerdyrking han hev lagt seg um. Han hadde faafengt søkt Post under Aakerbruksministeriet, og hadde i dei sidste Maanadar teket til aa skriva Stykkje aat socialdemokratiske Blad. Kjeisarmordet synest han aa ha tenkt paa i lengre Tid; fyr Domaren skal ha sagt, at Mordet var fyr lengre Tid sidan avtalad i ein Ølhall. Um det stend i nokot Samband med Hødels Mordfreistnad er uvisst. Til ein av Kjenningarne sine hev Nobiling sagt, at han gav Hødels Gjerning Medhald, men tykte ille um, at han hadde gjort det so laakt. Nobiling tok seg difyr betre Tak han; han brukte ikkje Revolver, men Byrsa, ladde ikkje med Kula men med Hagl av Nr. 3 og 4 og skaut ikkje av Frihand, men lagde Byrsa i Glaskarmen. Det Saar han hev gjevet seg sjølv er gjort med ei Kula, som hev gjenget inn ved Tunnvangen um eit Hol og ut att eit annat. Han hev no freisknat til litevetta, og dei gjer alt moglegt til aa halda Livet i honom. Han er fyr det meste i Uvit, men naar det er ein Glytt, han hev Samlingi, so fretter dei honom ut; enno er det likevel ikkje stort, dei hev fenget ut or honom.
 
Kjeisaren er i Besning, so han sit uppe bilom-til.
 

 

Frå Fedraheimen 12.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum