Gardenamn.

 
Prof. O. Rygh skriv i Morgenbladet og prøver aa verja sitt dansk-norske Navnebot-Framlag imot Dagbladet og Kr. Brun m. fl. so godt som han kann. No er Prof. Rygh ein dugande Kar og ein Fagna Mann; men etter det han skriv her i Mgbl. kann eg likevæl ikkje tru, at han fær so mange med seg.
 
Han tek strakst til paa denne gamle Maaten, at anten skal Bygdemaalsordi vera skrivne etter den mest utskjemde og avskapte Form som finst - um so den betre Form er likso livande og kjend -, elder so skal dei rengjast um etter dansk Skrivebruk. Det gjeld um, at Folkemaalet vert synt fram i den rette avskapelege Bunad, so Ingen skal finna det altfor fagert. Det er underlegt aa sjaa ein Mann som Rygh vera med paa slikt; men det heng i dei alle, um dei so sjølve korkje veit elder vil det.
 
Soleids maa "Hiterdal" paa ingen Maate vera skrivet etter den beste Bygdemaalsform Heiddal, som liver – væl ikkje just i sjølve Bygdi, endaa Bygdefolket hev baade Minne og Medvit um det rette, - men daa strakst Ein kjem burt i Grannebygdom; det maa endeleg heita " Heddal" etter den mest avslitne og slurvne Uttale, som kann finnast. "Hvidingsø" ved Stavanger, som i Bygdemaali ikringum heiter " Kvitsøy" greidt og klaart, skriv Professoren "Kvisøya" (sic). At "Jæderen" i gode Maalføre heiter "Jaren", det hjelper ikkje; det lyt endeleg skrivast "Jæren". Professoren synest i det Heile aa hava lagt stor Elsk paa "Jæren", som han vel veit ikkje er nokot "sterkt i Formerne"; men – han er nok ikkje vidare kjend der, er det likt til. Soleids trur han, at alle Gardenamn paa –stad etter Bruns Framlag maatte verta skrivande –st; for den rette Form –sta(d) meiner han er reint daud og gløymt. Men neimen um ho det er. Formerne paa –sta(d) hev funnest, jamsides med dei paa –st, alt til dei seinste Aar og finnest der enno; dei vert fulla ikkje brukte ofta elder av mange, men derimot vert dei brukte av dei "beste" dvs. naar Maalet vert talat med størst Finleik og Stødleik. Og det er dei beste, som vinn i Lengdi. At ei Form kann kveikjast uppatt, berre ho hev den minste Gneiste av Liv, ja um ho so kannhenda i ei "myrk Tid" liver berre i ein einaste Munn, det er her nok ymse Døme paa, og her skal eg nemna eit just ifraa denne "Jæren". Den gamle Ætt brukte Hjelpeverbet "vera" i Formi " ", som enno er brukt i Grannebygdom baade i Sud og Aust og Nord. Men Ætti deretter sagde "vera", dei alrafleste daa, og no segjer Ingen lenger "væ". Slike Tilfelle er nok helder aalgjengde i all Maalsoga 1).
 
Det er nok Ingen som hev meint, at Ein just skulde leita upp dei laakaste Kvardagsformer og setja dei upp til Log fyr Skrivemaaten; men difyr tarv Ein ikkje plent gjera vaare Namn um etter dansk Bruk. Meiningi hev visst voret den aa finna fram dei beste Former og so retta Skrivemaate og Bokstavering nokot so nær etter det Gamle fyr aa fram den Einskap og Samanheng som til trengst i ei Namnebok fyr det heile Land 2). Paa den Maaten vart Namni altid lagde so nære inn til Bygdeuttalen (Heiddal – "Heddal", Kvitseid – "Kvitsei o. s. fr.), at kvar Mann kunne kjenne dei att; men dei vart samstundes baade rettare og vænare og norskare enn desse Bytingformer (Bastard-), som kjem upp, naar Ein skriv norske Namn etter dansk elder dansk-svensk Rettskriving.
 
Prof. Rygh fortel, at dei Skriftformer, som no er brukte, ofta ligg nærare det Gamle enn Bygdemaalsformerne. Aa – ikkje so ofta, naar Ein gjeng fram paa den Maaten som ovanfyr er vist, og den Maaten lyt nok vera den rette. Men dersom det likevæl hender ein Gong, so fær Ein hugsa, at det som det spyrst um no, i det 19de Hundradaar og utetter, det er ikkje aa halda uppe med Kunst og Vald slike forne Former, som eingong raudlaust er daude og gløymde, men aa faa Namn, som høver etter det Maal, som liver, og som no er sannt og heimslegt og norskt. "Heiddal" er den rette ny-norske Form, liksom "Heitradal" er den rette gamall-norske. Men "Hiterdal" ("Hitterdal"!), som korkje er gamall elder ny, korkje Fugl elder Fisk, usann baade i Fyretid, Samtid og Framtid, - kven tru vil liggja og gjøyma og salta paa den? – I det Høgste einkvar gamall dansk-norsk Skindbokmannen, som hev større Elsk til etymologiske Daudskrottar paa Spiritus enn til Liv og Sanning.
 
Den einaste Maaten, Prof. Rygh veit til aa faa Einskap – nokot-so-nær Einskap – i Skrivemaaten av vaare Gardenamn, er som sagt aa rengja dei um etter dansk Skrivemaate, so vidt som daa detta læt seg gjera. Det er den kjære Provinsflekken, som me plent og plent maa halda paa. Me veit, at med slik Skrivemaate vert vaare Namn vanskapte, og det jamt; men dei Uformer og Meiningsløysur, som heng ihop med det, dei lyt me halda paa fyr aa faa hava det kjære danske Provinsmerke yver Landet. Mange Gardar heiter nokot paa "Fjell"; so er det rett nok, at Ein ikkje i ei Bygd bør skriva "Fjell," i ei onnor "Fjøll," i ei tredie "Fjødd;" o. s. fr. 3); - men so skal me endeleg skriva " Fjeld," som me veit er galet alle Stader, og som ikkje hev nokon Grunn, - berre fyr aa sleppa den rette norske Form "Fjell," som ligg til Grunn fyr alle desse ulike Bygdeformer, og som soleids er den grunnrette fyr heile Landet! – Kven skulde væl høyra sovoret.
 
Professoren fæler fyre, at naar t. D. Garden "Lysne" i Sogn vert heitande "Ljøsno" 4) o. s. fr., so vilde slike store Umbrigde gjera for mykje Ugreida. Soleids vilde Postopnaren inni Lærdal verta reint i Beit, naar der kom eit Brev til N. N. Ljøsno, for han kunde ikkje altid hugsa, at "Ljøsno" skulde tyda den Garden, som heiter Ljøsno elder Jøsno, daa han fyrr altid hev set Garden skriven fyr "Lysne". – Lat oss springa yver detta; slikt er altfor barnsklegt. – Det var daa væl hellest Meiningi, at naar Namni vart rettad i Matrikkelen, so skulde dei "Offentlege Funktionærar," som hadde nokot med Gardenamn aa gjera, faa Listur og Namnebøker og full Vitring um Tingen? Og skal ikkje Folket hava Rett til aa faa fram dei rette Namn paa sine Gardar, fyr di um det vart einkvar Skrivaren og Futen, som i fyrstom Bilet fekk eitgrand Mas med aa slaa etter i Bøkerne og hugsa desse rette Namn? Er det ikkje difyre, at me hev desse kloke, studera Folk til Embættsmenn, at dei skal vita kvat som rett er og halda det rette uppe? –
 
Professoren tenkjer seg eit annat Tilfelle. Dersom ein Utbygding, t. D. ein Bergensmann, hadde Pengar tilgodes av "N. N. Lysne", og so det ein god Dag var tillyst i Avisom, at "N. N. Ljøsno" var busliten og at Garden hans skulde seljast, so kunde det lett bera til, at Bergensaren ikkje haattad paa, at denne "N. N. Ljøsno" var hans Mann, og dermed kunde han daa tapa sine Pengar. Med detta hev Prof. Rygh berre provat ein einaste Ting: at han ikkje veit, kvat ein "Kreditor" er fyr ein Kar i denne Verdi. Det er so barnslegt, at du mest kann koma paa Graaten, naar denne gode Professoren trur, at ein Forretningsmann, som skal hava Pengar av ein Mann, ikkje veit aa passa paa slikt. So snart Kravshavaren (Kreditor) saag i Avisa, at no skulde Gardarne faa nye Namn – aa huttetu, kor han vilde vera utum seg fyr aa faa vita, kvat Skyldnarens (Debitors) Gard skulde heita. Og strakst vilde han skriva det inn i sine Bøker og vera reint paa Livet fyr aa ikkje gløyma det. Du tarv aldri tru, at N. N. Ljøsno slapp fraa ein Skilling av den Skuld, som N. N. Lysne hadde gjort; for so godslegt gjeng det ikkje til i denne Verdi!
 
Daa kunde det likso snart henda, at ein Mann, som skulde hava Pengar av "N. N. Søvde", kom til aa forsøma seg, naar "N. N. Saude" vart busliten; - men detta Umbrigde fraa Søvde til Saude vil Hr. Rygh sjølve vera med paa!
 
So meiner Professoren, at eit so stort Umbrøyte som det, Dagbl. etter Bruns Framlag vil hava, ikkje er gjenomførande. Ein ser, at Prof. Rygh og er av dei, som hev Mistillit til vaar Regjering, og i det kann Professoren hava Rett. Men det vilde daa vera ei Armod utor all Maate, dersom ho ikkje eingong skulde hava Magt til aa læra sine eigne Tenestmenn upp til aa skriva rett, skriva t. D. "Ljøsno" fyr "Lysne", "Heiddal" fyr "Hiterdal", "Lauvdal" fyr Løpdal" o. s. fr. so lenge, til andre Folk og tok etter. Me ser det hev voret gjerande fyr Styret aa læra Folk upp til aa skriva "Gjertstølen," naar Garden hellest heitte "Nabben", elder "Hammerstad", naar Garden heitte "Lida", elder "Salvehus", naar Garden heitte "Sogus", - og so maa det daa ganga likso lett aa faa dei til aa skriva dei Namn, som dei veit er rette, og som dei til det jamne høyrer og brukar kvar einaste Dag!
 
- Nei; det er det danske Maalstræv som er ute og prøver seg her og. Det var reint flirande aa sjaa, kor Regjeringi fekk Føter aa ganga paa, daa ho høyrde, at Bruns norske Framlag var uppkomet. Ho gløymde reint sin departementale "Værdighed" og sine vanlege "Drøftelser og Overveielser" i Aarevis, og flaug avstad med ein einaste Gong og sette ei Nemnd til Hjelp mot Norskdomen, so det berre rauk etter, og strakst var der eit meir vælmeint enn klokt Blad, som toskad ut med Meiningi i reine Ord: " hermed bortfalder vist-nok enhver Grund for Storthinget til at træffe nogen Forføining i Sagenes Anledning," sagde det. Aa du utrulege dansknorske Visdom og politiske Reveklokskap! kor du er trehendt i all di Ferd og armodsleg i alle dine Tankar!
 
Eg kann ikkje forvæl tru, at Thinget denne Gongen let seg forsøma. Her er eit Tilhøve, som seint kjem attum, til at føre den Sak fram, som vart paateki alt i 1837: aa vaska Provinsflekken av vaart fagre Land og gjeva det Rett til aa føra sitt eiget Flag ogso i denne Meining. Det er ikkje sannt, at Saki er so reint spildrende ny, at Folk ikkje er fyrebudde paa eit slikt Umbrøyte. Tvertimot: Saki er just uppe, og ho vil koma meir og meir upp med kvar Dag som gjeng. Med Studning av Riksens Logmagt vil ho visst gange lettare fram enn nokon trur.
 
Her er og so fullt av Vingel og Vas i vaar norske Namnebok, at det trengst væl til ei Umbot, og det ei, som ikkje er berre halv. Me vil her setja upp ei Lista paa slike Vinglenamn, so kann kvar sjaa. Dei fleste er etter Dagbladet:
 
Bygdemaal:                       Skrift:
Breivne (i Bykle),                Brevig.
Oddeskar (do.),                 Oddersgaard.
Kjiggjaastad (Aaseral),      Kittelsdal.
Kaalestrond (Lunde),         Kalvestrand.
Geisar (Lom),                     Gedser.
Juland (do.),                       Lifland.
Gjeitsto (Thel.),                  Gjedestad.
Sauar (do.                          Søvde.
Sjaak (Gbr.),                       Skidager.
Kvitseid (Thel.).                   Hvidesø.
Redal (Rom.),                      Nittedal.
Frogner (Follo),                    Fron.
Øykaasen (Davik),               Egaas.
Stauri (Nordfj.),                    Støvereide.
Bodlaakro (Sogn),                Ballager.
Robjørgane (Nordfj.),           Røberg.
Røo (Hall.),                           Raaen.
Urde (" Ule", Vaagaa),          Ulleberg.
Lauvdal (Bygl.),                    Løpdal.
Hankodd (Aaseral),              Hamkull.
Austru (do.),                        Østerhus.
Aardalen (Stryn),                  Erdal.
Marsjø (Vesleelvdalen),        Mælsø.
Lauperag (Dalarne),             Løvbrekke.
Sogus (Bygl.),                       Salvehus.
Stuttstog (do.),                     Støtestuen.
Grei-brokk (do.),                   Greprok.
Forus (Hetland),                    Furaas
 
- o- s- b- Det er reint utrulegt, kor hage dei hev voret til aa rengja all Form og Meining ut or vaare Bygdenamn. Sumetider hev Tullingskapen gjengjet so vidt, at dei hev sett reint andre Namn paa Gardarne enn dei hadde. Naar Leines vert skrivet "Ledingen" elder "Gjøsløen" "Yttrestøl" o. fl., so finnst her ikkje lenger korkje Ev elder Stev; det ber radt burt i øre Vilska. Og slike Tilfelle finnst fleire Stader. Dei spurde ein Bonde i Nordland um Namnet paa Garden hans; "aa", sa Bonden, "Garden min heite no Nabben; men han kallas Gjertstølen i den hellige Skrift". 5) Dei hev faret der og tullat og mishøyrt og mistydt og misteket; so hev det og hendt, at sume Gardar hev fengjet reint framande Namn. Alt slikt m a a greidast upp i; men daa kann Ein likso væl taka det andre med.
 
Heradsstyri bør faa Bod um aa skriva upp og senda inn alle Namn, slik som dei lyder i Bygdi. So set Ein ei Nemnd av lærde Menn, som ser igjenom det alt og set Skikk paa det; men desse Menn maa ikkje vera av desse danske elder dansksvenske Maalstrævarar; det lyt vera vituge og klaartenkte norske Menn, som veit aa taka Tingen som han snur, og som ikkje er rædde aa bøygja seg fyr det Røynlege og Sanne.
 
G.
 
1) Men var den fulle Form (paa –stad f. Ex.) reint avgløymd, so Ingen lenger hadde so mykje som Min net um henne, so laut Ein rett nok skriva –st. Men - Tregjen var no væl ikkje so stor. Sml. nedanfyre.
 
2) "- i det Høieste (sic) med nogen Lempning efter de ældre Former med Hensyn til Lydbetegningen", som Professoren ordlegg det.
 
3) Professor Rygh nemner upp fleire Bygdemaals former; men han gløymer aa nemna, at det ogsaa sume Stader hev den rette Form " Fjell". Det er væl den "lærde Distraktion" (Gaaløysa), kann eg vita.
 
4) "Jøsno" er ei laakare Form; Ljøsno er den rette og likso livande som "Jøsno".
 
5) "Den hellige Skrift" er i N. Thj. Fylke alt, som stend paa Prent. Naar Ein brenner upp eit Stykkje av eit Avisblad elder slikt, so segjer dei: "brenn' du upp Guds Ord?"
 

 

Frå Fedraheimen 12.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum