Lærarpostar.

 
Ved Aalesunds Aalmugeskule. Fraa 15de August. 800 Kr. 34 Timar Vika. 3 Maanadars Uppslag. Nordre Søndmøres Provsti, Aalesunds Aalmugeskulekommission til Sluten av Juni.
 
- Ved Øystre Porsgrunds Aalmugeskule. 34 Timar. 900 Kr., etter 3 Aar 100 Kr. Tillegg etter Fyretal av
Skulekommissionen. Skiens Provsti til Sluten av Juni.
 
- "Trydals og Fjeldgaardenes" Kreds, Bykle. 24 Vikur, Umgang. 8 Kr., Statstillegg. – Uppstad og Hougens Kreds., Hyllestad. 24 Vikur. 8 Kr., Statstillegg. I Hougens Kreds Kostpengar. – Brokke Kreds, Hyllestad. 12 Vikur. Skulehus. 8 Kr. og Kostpengar. Kristianssands Stiftsdirektion, Provst Blom, 6 Vikur fraa 19de Mai.
 
- Nordre og Søndre Fogns Kreds, Finnøy, Stavanger Provsti. 33 Vikur i Kredsstovur, 2 Vikur paa einsleg Gard. 8 Kr.; Kostpengar Kr. 3,20. Kristianssands Stiftsdirektion, Finnøy Skulekommission. 6 Vikur fraa 17de Mai.
 
- Ved Levangers kommunale Middelskule: 1) Skulestyrar- og Fyrstelærarposten; Løn 2400 Kr., fri Bustad, Alderstillegg 200 og 400 Kr. etter 3 og 6 Aar. Tysk, Engelsk, Fransk; upptil 24 Timar um Vika. Skal vera Kasserar fyr Skulen og maa difyr skaffa Kaution fyr 1000 Kr. – 2) Andrelærarposten; 2000 Kr., Alderstillegg 100 og 200 Kr. etter 3 og 6 Aar; Religion, Norsk, Historie, Geografi, upptil 30 Timar i Vika. – 3) Tredie- lærarposten; 1200 Kr.; 100 og 200 Kr. Tillegg etter 3 og 6 Aar. Mathematik, Rekning, Skrivning, Teikning, truleg ogso Gymnastik, upptil 30 Timar i Vika. – 4) Fjordelærarposten; same Løning. Aalmenne Skulefag i dei lægre Klassur, inntil 30 Timar i Vika. – Uppslagstid 3 Vikur. Throndhjems Stiftsdirektion, Skulens Forstandarskap, til Sluten af Juni.
 
- Klokkar- og Lærarposten i Lødingen, Nordre Salten. Strakst. 24 Vikur, 3 Kredsar; mogeleg Umskiping og lenger Skuletid. 2 Kr. Vika, Kostpengar Kr. 4,80. Klokkarinntekten 220 Kr. Klokkargard er ventande, som det skal kunne fødast 2 Kyr paa og saast 4 Tunnur Potetur og ½ Tunna Bygg. Ingen Vedskog elder Torvmyr. Paa Klokkargarden skal i Sumar byggjast Skulehus med Bustad. Til dess Husleigepengar 10 Kr. Maanaden. Tromsøy Bisp og Stiftsdirektion, Lødingens Sokneprest 6 Vikur fraa 24de Mai.
 

 

Frå Fedraheimen 08.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum