Utlandet.

 
Det er haldet fyr avgjort, at Utsendingarne til Fredstemna skal møta i Berlin den 11te. Eit Telegramm fraa London sendt den 3dje Juni lyder so: "Sjuvlædlof, som skal møta paa Samstemna fyr Ryssland, reiste i Kveld um Berlin til Petersborg fyr aa gjeva Fraasegner og taka imot Fyresegner. Regjeringi vil i Kveld bera fram i Thinget, at det er komet til Semjing um Samstemna. Beaconsfield, Salisbury og Russell skal møta fyr England. Dei tvo fyrste reiser um Torsdagen elder Fredagen med Herskip til Hamborg og fer derifraa til Berlin."
 
Den 29de Mai døydde ein av dei eldste og mest namngjetne Statsmenner i Europa, Engelsmannen Lord John Russell. Han høyrde til ei Adelsætt, som i dei sidste tri Aarhundrad stendigt hev født Menner av dei frægaste i Englands Soga. John Russell var no 86 Aar gamall, og fraa sitt 21de Aar (1813), daa han fekk Sæte i Underhuset, og radt til det sidste hev han voret med i Aalmannlivet baade i Thing og i Styre, og stridt, som det jamt hev voret Sed i hans Ætt, fyr frilyndte Grunnsetningar; i ser er hans Namn bundet til dei Umbøter i Valgreida, som i dette Aarhundrad er gjenomførde i England. Lord Beaconsfield hev bodet Skyldfolket hans aa gravfesta honom i Westminsterabbediet, der Englands Kongar og store Menner er lagde. Baade Thinghus skal verta innbedne til aa vera med i Jordferdi.
 
Tvo tyske Skjoldskip, "Grosser Kurfurst" og "Kaiser Wilhelm" støytte saman i den engelske Kanal, og "Grosser Kurfurst" sokk um 4 Minutt. Skipet var mannat med 600 Mann, og av desse bleiv ikring 300, millom deim Kapteinen.
 
Ein ny Freistnad paa aa drepa Kjeisar Wilhelm vart gjord Sundagen den 2dre Juni. Daa Kjeisaren um Ettermiddagen Kl. 2 1/ 2 tok seg Kjøyreferdi si, vart det skotet tvo Haglskot paa honom fraa eit Hus i Gata "under den Linden". Han vart raakad i Armen og paa Kjaken. Han vende attende til Kjeisargarden og gjekk iSeng. Ikring 30 Hagl er uttekne, Blodtapet hev voret stort, og han hev havt fælt illt, men han hev ikkje voret utor Skilom, og nokon Faare skal det ikkje vera. Mordaren er ein Doktor Nøbeling, som hadde leigt seg Hus i No. 18 unter den Linden. Daa dei braut inn hjaa honom, saarad han Huseigaren og freistad deretter aa gjera Ende paa seg sjølv. Han vart førd paa Fangehuset og sett i Sjukeromet. Han hev stadet til, at han er Socialist, og at han i 8 Dagar hev gjenget med den Tanken aa skjota Kjeisaren, fyrdi han heldt det fyr tenlegt fyr Staten aa faa vekk Statshovudet. I Byen er det stor Røra, som ventande kann vera. Til Kl. 6 same Kvelden vart det tilsagt Møte i Riksraadet.
 
Av denne Gjerningi er det trulegt at mange tek Fæla, og at Fyregjerderne mot Socialistarne fær ein ny Framstøyt. Daa Ordskiftet um Socialistlogi dermed ogso hev fenget ny Forvitna, tek me her inn Sluten av det.
 
Gneist meinte, at Orsaki til, at dei eigande hadde so liten Framgang i Striden mot Socialdemokratiet, var helst aa søkja i det, at dei sjeldan gjekk ned i dei Lag, som dei vilde verka paa. Han lagde fram Forslag, som gjekk ut paa aa setja utor Kraft Trykkjefridomen og Samlingsretten til næste Thingmot, og freistad aa visa, at denne uvanlege Aatgjerd stridde korkje mot Aand elder Bokstav i Riksskipnaden. Windthorst (Meppen) viste, at det var Uraad aa hindra Freistnadar paa Kongemord med slike uvanlege Loger. Socialdemokratiet hadde ogso rettferduge Krav, og det galdt um aa lata desse faa koma til Ords, men aa kuva dei urette. "Bennigsen – sagde han – hev talat um ein vedvarande Ministerkrise i Prøysen. Me tek hardla kaldt slike Umskifte, sidan me ikkje hev sjølvstendige Ministrar, og Regjeringsmagti er likamleggjord i Rikskansleren. Eg hev den største Vyrdnad fyr Kyrkjeministeren sjølv, men i Aalmannlivet er det ikkje med Mannen, men med Maaten, ein hev aa gjera, og soframt det er Meiningi aa gjera upp den Framgangsmaaten, han hev voret Mannen fyr i den kyrkjepolitiske Vegen, skal eg vera vel nøgd med det, for det er dette, som hev gjort mest til Framvokstren aat Socialdemokratiet. (Samtykkje fraa Midflokken). Eg er forundrad paa, at Vinstremennerne ikkje røystar fyr denne Logi; dei røystad daa i si Tid fyr Jesuitlogi og Mailogerne, og var dei hugstøde, borde dei ganga med Regjeringi no og. Det Avbrigde, Gneist hev fyreslaget, stengjer eit Parti ute fraa all Borgarrett og legg all Magt paa ei Hand. Vart Logerne uppehaldne likeso strengt mot Socialisterne som mot Katolikarne, vilde ingre Ugjerningar henda. Det gjer meg godt aa høyra Hoffmanns Ord um Kyrkja og hennar Gjerning, men skal ho verka nokot, maa ho vera fri; Kulturkampen hev gravet ut Grunnen under Autoriteten, og det er ikkje til aa undrast paa, at slikt Sæde ber laakt Grøde. Soframt Godkjenning av Mailogerne skal vera Vilkoret fyr, at Kulturkampen skal hava Ende, daa trur eg at her er talat i Faafengen; for me kann ikkje godkjenna Loger, som er imot vaart Samvit." Hoffmann svarad, at han ikkje hadde tenkt paa den elder den Kyrkja, serleg ikkje paa den katolske. Kyrkja skulde ikkje hjelpa Staten, men daa Socialdemokratiet tok paa Gudstrui ogso, var Kyrkja kallad til aa taka upp Striden av andre Grunnar enn fyr aa gjera Staten ei Kjærleikstenesta (Uro i Midflokken). Kyrkja og Stat gjer det, dei gjer - sagde han – fyr si eigi Skuld, og dei gjer ikkje einannan Beinkor. Det er mi faste Tru, at den katolske Kyrkja kann gjera si Fyreloga under dei prøysiske Mailoger (Motsegn.) Den katolske Kyrkja hev gravet Grunnen undan Statens Autoritet; og Kulturkampen, slik som han er førd i dei ultramontane Blad, hev gjort meir enn Socialdemokratiet til aa skaka Autoriteten. (Staak og Samtykkje). Men her kann ikkje Staten hjelpa. De maa sjølve halda Bladi Dykkar i Age." Deretter var det uppe ei heil Horg med Talarar etter kvarandre, millom deim Feltmarskalk Moltke og Lasker. Moltke forsvarad Framlaget, og ynskte, at Riksdagen ikkje for snart maatte verta nøydd til aa beda Regjeringi um ei slik Log. Lasker talad umot Framlaget og freistad aa visa, at det kunde ikkje verta til nokot verksam Hjelp mot Socialdemokratiet. – Fyrst vart Gneists Forslag forkastat og deretter Regjeringsframlaget. Dei socialistiske Blad er velnøgde med Utgangen paa Saki. Dei andre segjer, at dette bør vera Socialistarne til ein Varnagle; agar dei seg ikkje, so vil nog Loggjevingi vita aa raama deim. Somyket radare kjem det fulla til aa ganga med det no etter den nye Mordfreistnaden.
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum