Peter Schlemihl.

 
[Del 6 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.) 
 
Framhald.
 
Eg skynade, at det ikkje kunde lata seg gjera aa halda meg lengje paa ein Stad, der Folk alt hadde sett meg skuggelaus; eg tenkte ogso paa, at eg hadde framstellt meg hjaa Hr. John som ein faatøk Stakkar, og det var eit Minne, som ikkje hugade meg. Eg vilde berre prøva meg fram her og sidan gjeva meg paa Ferd til ein annan Storby, der eg var heilt ukjend; - men det var nokot, som heldt meg att i Byen lenger enn klokt var: mi Faafengd og – den fagre Fanny.
 
Eg kom saman med henne einkvar Staden; ho hugsade ikkje aa hava sett meg fyrr, men viste meg Merksemd; for no hadde eg baade aalment Vit og Flogvit. Naar eg sagde nokot, lydde Folk, og eg visste sjølv ikkje, korleids eg var komen til den Kunst aa føra og herska yver ein Samtale so lett, som eg gjorde. Det Inntrykk, eg saag eg gjorde paa den Fagre, gjorde av meg det, ho ynskte, nemleg ein Narr, og eg fylgde henne sidan under tusund Faarar og stor Møda gjenom Skugge og Dimma, kvar eg kunde. Eg sette ei Æra i aa fylgja henne i hennar Faafengd og Byrgskap og leika med hennar Kjenslur, og eg var med min beste Vilje ikkje i Stand til aa halda upp med di.
 
Men kvifyr plaaga Deg med detta? Du sjølv hev ofta nog fortalt meg det same um andre Narrar. Eg skal berre segja, at det kom ein eigen Hending til, uventad fyr baade meg og henne og Alle.
 
Daa eg ein fager Kveld hadde samnat eit utvalt Lag i ein Hage, gjekk eg Arm i Arm, som vanlegt, med mi "Stjerna", litet burte fraa dei andre Gjestarne, og gjorde meg Umak med aa laga Talemaatar. Ho saag bljug ned fyr seg og gav meg eit linnt Handtrykk; daa stakk Maanen, heilt uventad, fram millom Skyerna – og ho saag berre sin eigen Skugge falla burtyver Jordi. Ho kvakk og saag daafengd paa meg, so paa Jordi atter og søkte Skuggen min med Augo og det som gjekk fyr seg i henne, det maalade seg so underlegt i hennar Minur, at eg hadde maattet setja i aa storlægja, hadde det ikkje voret min Skugge, som vantade, men no gjekk det meg iskaldt ned yver Ryggen.
 
Eg slapp henne or Armarne og ho fall i Daan. Som ein Pil skaut eg meg gjennem dei uppskræmde Gjestar, naadde Porten, kastade meg upp i den fyrste Leigevogn, eg fann, og køyrde til Hotellet, der Bengel til mi Uheppa hadde stadnat heime. Han stokk, da han saag meg; eit Ord var nog til aa segja honom, kvat som stod paa. Det vardt strakst hentad Posthestar. Eg tok berre ein av Tenararne mine med meg, ein stor Snikjar og lentug Fant, som heitte Raskal, og som hadde visst aa gjera seg gild fyr meg ved sin Snøggleik, men som ikkje kunde hava det mindste Fyresviv um, kvat som var hendt. I denne Notti køyrde eg 15 Miler. Bengel vardt verande tilbaka til aa gjera upp med Hotelverten, straa ut Gull og koma etter med det Naudsynlegaste av mine Eigneluter. Daa han Dagen etter tok oss att', kastade eg meg i Armarne paa honom og svor, at eg aldri meir skulde gjera meg skyldug i ein slik Daarskap, men vardveita meg vel fyr ei slik Vankoma. Me heldt fram vaar Reisa yver Grendsa, yver Fjell og Dalar, og fyrst paa den andre Sida, avstengd fraa Ulukkestaden ved ein høg Fjellgard, vaagade eg meg til aa kvila ut etter den utstandne Møda og Rædsla i ein By ved ein Laugestad, som var litet vitjad.
 
IV.
 
Eg gjeng skjott yver den Tidi, som kom næmast etter det, eg hev fortalt i fyrre Stykkjet. Eg vilde gjerna fortelja ogso det, som daa gjekk fyr seg, men den livande Aand, som skulde setja den rette Lit paa Hendingarne, vil ikkje koma. Eg slær faafengt paa Berget, det spring ingi Kjelda fram. Aandi er viki fraa meg. Kor myket onnorleids ser ho ikkje no ut fyr meg, denne framfarne Tidi! - Eg skulde ved Badet spela ein heroisk Rolle; klent innstuderad, og ein Nykomling paa Skodeplassen, som eg var, vardt eg strakst fjettrad av eit Par blaae Augo. Foreldri, narrad av Spelet, baud upp alt til aa gjera Saki av, og Narreverket ender med – Haad, Spott og Sorg; det er Alt, Alt! Eg vemst og finn det viset, tomt, ufjelgt og likevel forfælande, at det kann koma meg soleids fyr, det, som daa var meg so rikt og fekk mitt Hjarta til aa slaa so sterke Slag. Mina, liksom eg gret, daa eg miste deg, soleids græt eg ogso no yver aa hava misst ditt Bilæte i Saali. Er eg daa alt so gamal? Aa, kjende eg berre eit Pulsslag fraa hi Tid, ein Augneblink av hi Sæla! Men det er faafengt aa syrja!
 
Eg hadde sendt Bengel fyreaat med Pengar til Byen til aa leigja og innreida Hus etter mitt Tarvende. Han hadde straatt ut Gull i Ovmengd og latet falla store gaatesame Ord um den fornæme Framande, han tente, men ikkje nemnt korkje Namn elder Stand; for eg vilde vera ukjend. Det sette Grillur i dei gode Folks Hovud. Strakst Huset var ferdugt, kom Bengel attende, og me gav oss paa Vegen.
 
Paa Lag ei Halvmil fraa Byen, paa ei solbjart Flata, stengde ei høgtidsklædd Mengd Vegen heilt og haldent fyr oss. Vognen laut halda. Dei spelade upp med full Musik, me høyrde Ljoden av Kyrkjeklokkur og Kanonskot, eit høgt Live! trengde gjenom Lufti, - og rett ut fyr Vogntrappi stellte seg upp eit Kor av kvitklædde Jomfruer med stor Dramb og av stor Fagerleik, allvisst den eine, som tottest meg standa mest likso langt framum dei andre, som Soli ved Middag stend yver Stjernurna i Notti. Ho trod ut or Krinselen og gjekk heilt fram aat Vognen; den høgvaksne, fine Drosi knefall fyr meg og rette meg paa ei Silkeputa ein Krans av Laurbærblad, Oljegreiner og Rosur og framsagde nokre Ord um Ting, Sømd og Kjærleik, Ord, som eg ikkje skynade, men som med sin Sylvklang gjekk meg til Øyro og Hjarta, - det var som eit himmelsk Syn, med himmelsk Musik. Koret song ein Lovsong yver ein god Konge og Lukka aat hans Folk.
 
Og alt detta midt i Soli! Ho laag enno paa sine Kne berre tvo Stig ifraa meg, og eg, Skuggelausingen, kunde ikkje stiga ut or Vognen og kasta meg paa Kne fyr denne Engel! Aa, kvat hadde eg daa ikkje gjevet fyr ein Skugge? Eg maatte gøyma mi Skamm, mi Sorg, mi Ørvæna 1) djupt i mi Saal og djupt i Botnen av den døkke Vognen. Bengel tok til Vitet fyr meg; han sprang or Vognen paa hi Sida, eg kallade honom attende og rette honom ein drambsleg Krans med Diamantar, som eg hadde liggjande i mitt Reiseskrin, og som eg ein Gong hadde ætlat aat den fagre Fanny.
 
( Meir.)
 
  1) Vonløysa.
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum