Olaus Fjørtoft.

 
Dæ unge, ædle Tre, som trengde so lite Jor, men berre Ljos, fyr aa vekse seg stort o' rankt, no hevi dæ sloppi Torva si, o' ligge nere; no æ 'kje dæ for tilegt at dei kjeme, so maange som kann, o' sanka Frugtine, som ligge straadde kring dæ.
 
Dæ er fyr aa gjere mitt til at Fjørtofts Arbeide kann verte paa-agta som dæ fortjena ut yve Lande, at eg no vil minne om Grunntaankane i dæ, som dei vise seg i dæ han hevi skrivi, o' som eg hevi haurt dei af hass eijen Munn. Dei var enkle o' greie, som alle store Taanka; men dei kann gripe djupt o' vitt, o' lyfte alt mæ kringom, so laangt som ein kann sjaa.
 
Dæ var tre Ting, som meir elde noke anna tok opp Taankane o' Arbeide hass: Maalsakja, "Mathematiken" (som var hass Skulesak) o' Arbeidarsakja ("Sosialismen").
 
Maalsakja var dæ fysste store Spørsmaal, som vakte hono. Alt paa Latinskula i Molde fekk han lide fyr sin Elsk te sitt Morsmaal, o' den Elsken fylde hono trutt te dæ siste. Dæ æ 'kje lengje sidan han sa' te meg ein Kveld: "Dæ er tvo Ting som dæ no mest trengst aa arbeide fyr: Maalsakja fyr Bøndine, o' Sosialismen fyr Arbeidarane." O' dæ hev 'kje lite paa seg fyr ei Sak, at den Mannen var henni tru. Han kunne nokk han og i Ungdoma take opp Taanka, som han sidan fann mykje Skrap i; men han fridde seg snart fyr alt dæ som ikkje var egte. Hass Arbeide her, som i alt anna, var fysst aa fremst eit Reinskearbeide. Han sparte 'kje aa reinske, om dæ vart aldri so lite atte, naar berre dæ var gott; o' dette Reinskearbeid vilde han vissa gjere paa si eijor Side. Men dafyr maa 'kje Motparten tru, at han fann dei lytefri. Dæ var nokk helde soleis, at han fann so lite egte dar, at dæ va 'kje Omakjen vert aa reinske dæ. Maalmennine, som arbeide fyr noke nytt, maatte passe seg vel fyr dei styggaste Lytine paa dæ gamle. Dæ nye norske Maal fekk 'kje vere ei stiv Omklæding af Dansk, likesom Skriftspraakje vaart no mesto berre er ei Omklæding av Tysk o' Latin. Men held' ikkje maatte dei, fyr aa verje seg mot detti, fare aa nauleite ette elde lage ihop noke som skulde vere norsk. Baade dæ eine o' dæ andre verte stivt o' raatt; o' dæ vaar dæ verste han visste. Dafyr er dæ dæ tryggaste aa skrive Bygdamaale sitt fyr dei som kann dæ, som er egte norsk o' norsk nokk førr. Den Babels-Styr, som dessi "Grammatikara" skræme seg sjøl o' andre mæ, va 'kje han rædd, naar vi berre heldt os te Jor'ne. Men dæ er eit Mistak aa tru, at han dafyr hadde imot Lands- maale. Kunne ein skrive dæ so gott som Aasen o' Vinje, so var dæ so mykje beire. Men daa fekk ein og kunne eit Bygdamaal te byggje paa; o' so skulde dæ eit gott Spraakvit o' meir Spraaklærdom te dæ endaa. Han sjøl kunne 'kje dæ; o' dæ som verre var: han hadde gløymt mykje ta sitt eigje Bygdamaal. Han var berre ein liten Gut, daa han vart sendt heimafraa, fraa Harham paa Synnmør te Latinskulen i Molde. Held' ikkje var han noken Spraakmann; so hadde vi havt eit nokelunde egte norsk Skriftspraak førr, som han kunna bruka fritt, so hadde han visst ikkje brytt seg stort mæ Spraakgreiur. Men dafyr kunne nokk dei Spraaklærde trengje te aa merkje seg hass Taanka o' Meininga.
 
Dæ er ei gomol Lærdomsgrein, som dei kalla Mathematik, som dei lærde Skulane no hevi dyrka so lengje inna sine gamle, høge Mura, at dæ laut ei Grunnbryting te, skulde 'kje ho gro reint atte mæ Ogras. Her var noke aa gjere fyr Fjørtoft. Han vilde bryte ned den Veggjen, som stængje millo Folkeskula o' den lærde Skule, te obøteleg Skade fyr den eine som den andre; o' her fekk han gott Tak. Dæ som dei i Folkeskula kalla Rekning, o' dæ som dei Lærde kalla "Mathematik" elde "Algebra", som vel alle hevi haurt so stort eit Or om, dæ er eit o' det same, o' skal 'kje anna vere. Men no skal ein Folkeskule berre gaa utakring, fyr ikkje aa vere lærd, o' i den lærde Skule skal ein gaa yve, fyr ikkje aa verte populær dvs. fyrstaaleg. Te dette her hevi dei funni opp maange Slags Stellinga mæ Bokstava, Formla, "Negative" o' "Imaginæra", so ein kann 'kje sjaa Skogjen fyr berre Treom. Men Fjørtoft kasta Krykkjine o' kom likeso høgt fyrutan. Han let alt staa mæ si Rot i Jor'ne o' steggla-'kje dæ opp i Høgda, so ein kunne 'kje naa Foto lenger, o' so dæ var mesto livlaust aa kome seg opp. Eg skal love, at den som hevi fylgt hono, aldri meir vil bruke dei gamle Skranglegreiur.
 
"Mathematiken" vilde han tekji mæ Rot aa Topp. Men han var endaa mitt i dæ, daa han fekk Helsotta si. Men han hevi broti ei Veg, som kann føre oss laangt: o' den maa vi fylgje, skal dæ verte rigtig Grein mæ vaar Skulelærdom. Eg vona og, dæ verte 'kje so lengje førr vi fær sjaa Sprotane, naar dæ kjeme ut alt dæ han hevi skrivi, om dæ endaa er oferdigt, o' naar alle dei unge Folk som han hevi skula, kjeme til.
 
Folk hevi vel faat sopas Greie paa "Sosialismen" her i Lande og no, at dei ikkje verte vitskræmde om ein bruka dæ Or'e om Fjørtofts Arbeidarpolitik. Men eg skal 'kje gaa viare inn paa hass Fyrhaldande i denne Sak; fyr han braut 'kje seg sin eigen Veg her, men berre fylgde dei store Vegbrytara i Utløndo, som Lasalle o' fleire. Dæ vise best hass Hjartelag, at dæ gjore hono ilt, at noken skulde liggje ette, o' ikkje faa gott av eit Folks beste Lunnende, som dei hadde likeso go Rett til som alle dei andre, o' at han ikkje var den som liivde seg sjøl fraa aa vera fysste Mann fyr ei stor Sak, om dæ endaa saag stygt ut i Fysstningo. Men ette dæ som i desse Dago er talt i Thingja fyr Arbeidarane, skulde ein tru at denne Sak og er paa gode Vega no, likesom Maalsakja, som han o mange fleire no hevi stræva so lengje fyr.
 
Eg heve endaa ikkje nemt ei Sak, som du kanskje hadde venta fysst, naar ein skulde skrive om Fjørtoft, o' dæ skulde vere Relgionen. Ja han sjøl vilde 'kje ha' dæ soleis, o' held' ikkje var dæ so, i minsto ikkje no lenger. Han vilde 'kje ha stort Snakk om den Ting, for dæ er visst ikkje noken som kjenne viare te hass siste Meininga. Eg veit berre, at han førr hadde vori strengt gudeleg, o' at han heile Tida agta aalvorsleg o' ærleg Kristendom. Den Mann som han sette høgst i alle Maata, var Kristoffer Brun, som og var den siste han snakka om. Han fekk dæ og mæ dæ siste Dagjen, at han vilde flytte. Han vilde reise opp te Kristoffer Brun o' Bjørnson, sa' han. Hass Liv vise besst korleis han hadde oppfatta den rette Kristendoms Aand. Alt han livde o' tenkte, var fyr andre. Han huga aldri ette korleids dæ gjekk hono sjøl. Døydsboda, som han hadde venta lengje tok han rolegt o' tolmodigt. Siste Stunda snakka han ikkje, men berre saag ut fyr seg mæ dei klaare, blide Augo.
 
Han var ærleg mot alle, enten dei var mæ elde mot hono, o' dafyr trur eg at alle no vil vere ærlege mot hono igjen, so hass Minne skal leve ljost o' reint, som han sjøl var fraa fysst te sist.
 
R. F.
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum