Notisar

 
Blad og Bøker. I Tyskland reiknar dei, at paa Lag kvar 10de Mann løyser eit politisk Blad. Dei set heile Bladhaldingi til 73 Mill. Kr. elder 1 Kr. 73 Ø. fyr kvar Mann. Bøker les dei etter Maaten mykjet minder av, 2,400,000 Bøker paa 42 Mill. Menneskje, det vil segja berre ei Bok fyr kvar 20de Mann, og endaa skal detta vera høgt sett. Detta hev seg væl av dii, at Tyskerarne skriv Bøkerne sine so vitenskaplige og tunglesne, at det er berre lærde Folk som kann skyna deim.
 
Sprikjestakken meiner dei i Paris vil koma paa Mote att næste Aar.
 
Dei største nye Kanonar, England no hev kostat seg, hev dei gjevet 196,400 Kr. fyr med Yrkje og Arbeid og alt.
 
Toll-Innkomurne i Kristiania fyr Mai Maanad hev – etter Tollaukingi – stiget til uppimot 2 Mill. Kr., vert det sagt.
 
Eit Bøle av Pengefalskarar er fangat burt i Sverig. Den eine av dei hadde fleire falske norske Pengesetlar, og dei held det rimelegt, at Einkvar av dei hev voret i Norig i Vetr og gjort Ugagn (kannhenda gjort dei 3 100-Krunesedlarne, som kom ut i Fredrikshald).
 
Ein svensk Lægprædikant er fakkad i Fredrikshald; han var lyst etter fraa Drammen, daa dei meinte, han hadde faret med Fals. Um so er, er ikkje enno visst; men det skal vera ein litet sætande Kar skriv F. T.
 
Mordaren Hans Sjøl i Sande hev forklarat, at Grunnen til, at han vilde gjera Ende paa seg, var at han var leid av Livet og all Ting. Han trudde paa Ingenting; "naar Mennesket døyr, so er det slut, just som naar ein slagtar ein Sau." Han er ein av desse Armingar, som gjeng og harmar seg yver alting og ikkje hev Mannskap til aa verja seg elder segja fraa, naar det er nokot dei mislikar; ei Grannekjering leid han især mykje vondt av paa den Maaten. Dei andre Grannarne var han og arg paa og trudde dei ikkje likte honom; men aldri var han Mann fyr aa segja, kvat som vantad. Kona og Borni vilde han drepa fyrst, fyr at dei ikkje skulde liva etter i Naud elder Motgang, for "han heldt so av dei." – Av Borni skal den eldste og yngste no vera i Besningi, men den derimillom skal vera laak.
 
 
Thinget. 3die Juni Storthing. Val paa Styresmenn fyr Noregs Bank og Hypothekbanken. Valkomiteen hadde gjort Framlag um kven dei meinte skulde veljast, og Thinget valde dei same. - 4de Juni Storthing. Til Statsrevisorar (: 5 Mann til at sjaa yver Regjerings-Reknskaparne) vart valde: Joh. Sverdrup, Berner, Gaarder, Kildal og Hjorth. Til Varastyre (Supl.) Andr. Hølaas, J. Selboe og Advokat Bergh.
               
Deretter vart der nokot Trekkjing om nokle Søkningar um Pengar til Vegjer. Vegkomiteen vilde ikkje gjeva nokot til detta iaar, men Kolbeinstvedt meinte at Storthinget laut lata til 40,000 Kr. til Arbeid paa Vegen yver Haukelidfjeldet, og der var Fleire som meinte det same. Men 57 røystad imot nokot Utlegg i Aar og berre 50 røystad fyre.
               
 
Kyrkjesongar Johan Augustinnssen, Storthingsmann hev voret, var 70 Aar no den 10de Mai. Mange kom og helsad paa den Gamle; det vardt haldet Talar, og han fekk Æresgaavur fraa fleire Kantar.
 
Storthingspræsident Sverdrup er sjuk; det er nok det vinstre Augat, som er uheilt. – Rektor Steen er klen av "Forkjølelsesfeber", so dei fæler fyr, at han ikkje kann vera med meir i Thinget i Aar.
 
Uhende. 7 Mann bleiv i Øyeren no sin Sundag; dei var ute og fiskad. Ein til var med; men han berga seg i Land. – Frantz Matzow, Son aat Mæglar Mantzow i Throndhjem, skaut seg ihel paa ein Veidetur. Han bar Byrsa paa Ryggen, datt baklengjes, Skotet gjekk av og raamad i Nakken. Han døydde um ½ Time. Det skulde voret ein framifraa bra Gut.
 
Kristiania Arbeidarsamfund hadde Aarsmøte no um Sundagen. Det vart leset upp Aarsmelding, valt 3 nye Medlemmer av Styret, og so valt ei Nemnd til aa setja upp Framvarp til nye Logjer. Til slut stod Ein fram og med det Forslag, at Samfundet skulde ganga i Stemnelag upp til Storthingsmann Castberg, som heldt slik ein god Tale fyr Arbeidsfolket i Thinget i Ordkastet um Tollen. Til detta vart det svaret, at Samfundet ikkje hadde med aa blande seg i Dagens Politik, og hellest var slikt nokot, som Styret og ikkje Aalmannsamlingji skulde avgjera.
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum