Lærarpostar.

 
 - 3 Lærarpostar i Liknæs Skulekommune, Kvinnesdal Prestegjeld: 1) Homplands og Røynestad Kredsar, 25 Vikur Skule aarleg; 2) Hauglands, Lølands og Stenslands Kredsar, 30 Vikur; 3) Moi og Li Kredsar 27 Vikur. Løn 6 Kr. Vika, med Undantak 6 Vikur i Kreds No. 2, der Løni er 8 Kr. Vika. Kost in natura. Kristiandssands Stiftsd., Liknæs Skulekom. til 6 Vikur fraa den 14de Mai.
 
- Klokkar- og Lærarpost i Orre Sokn, Kleps Prestegjeld Jadaren, kann tiltredast straks. Skulen er deilt i 3 Avdeilder, og skal haldast 30 Vikur um Aaret. Løni er med Statstilskotet 8 Kr. og Kostpengar 4 Kr. Vika. I dei sidste Aar hev Klokkaren tent umfram 30 Kr. um Aaret ved Kveldskule. Klokkarinnkomurne er millom 80 og 100 Kr. um Aaret. Um Klokkarposten til Kristianssands Biskop og Lærarposten til same Stiftsd., Kleps Skulekom. til 6 Vikur fraa den 16de Mai.
 
- Ein Lærarpost ved Mandals Middelskole og Pigeskole fyr ein Seminarist, fraa August Maanad. Skuletid 30 Timar Vika. Religion og aalmenne Skulefag serleg i dei lægre Klassar. Løn 1000 Kr. Aaret. Kristianssands Stiftsd. Middelskulens Forstanderskab til 24 Juni. Fleire Upplysningar er aa faa ved Skulestyraren. K. Gleditsch.
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum