Kristiania, den 4de Juni 1878.

 
Thinget hev havt fælt til Mas no um Dagen med denne Skattesaki. Det vart til det, at dei sette upp Tollen paa Kaffi, Sukker, Ljosolje, Tobak og Brennevin, alt um der var dei, som stridde sterkt imot.
 
Det er Innkomeskatten, dei plent og plent vil sleppa. Sume trur og, at det skal bera til. Men det vert fælt til Kniping og Sparing og Tøygjing og Strekkjing paa alle Kantar fyr aa faa det til aa hengja ihop. Og endaa vert det visst so "nøpet" (knapt), at det skal spyrjast, um ikkje Budgettet kjem til aa rivna i Saumarne, so dei lyt til aa bøta det ihop att just med denne same Innkomeskatten, som dei no er so paa Livet fyr aa sleppa. Me vil ingenting spaa, for det hender mangt utenkt; men at det vert Knipetak, det veit me.
               
Slik er det, naar Ein gløymer aa "spara fraa Loket", so Botnen kunde spara paa seg sjølv. Det kostar aa vera Kar, maavita. Hev Ein so dertil ei Regjering, som er so hæv, at ho berre paa ein einaste Konto (Jarnvegsbyggverket) øyder upp 14 Millionar Kr. meirenn som var utreknat og fastsett, so er det ikkje annat ventande enn det vert Armod til Sluten.
 
At dei i desse laake Tider vil sleppa endefram Skatt, det kann so vera; Folk kann meina som so, at dei hev Skattar nok fyrr, og det kann ikkje vera so greidt aa leggja slike Steinar paa Lasset just no midt i brattaste Brekka. Desse stakkars Smaafolk utyver Landet, som slit so saart fyr kvar einaste Matsaaa og fyr kvar arme Biten, dei skal hava til Munns, dei vilde væl ikkje altid finna det so lett aa hava denne Skatteskillingen liggjande upptald og ferdig, naar Lensmannen kom; og so vart det Panting. Daa vil dei helder hava Tollen, for den er so sløg den; Ein legg Skatten ut i so ørsmaae Summar, og so jamt i Senn, at Ein snaudt gaar til det; Ein reint ut lurer seg sjølv. Og so kann Ein meir maata til sine Utgifter sjølv daa. Finn Ein, at dei vert for store, so kniper Ein inn paa Livemaaten, sparar nokot paa Kaffidropen og nokot paa Tobakstugga og nokot her og nokot der, og so heng det ihop og skranglar i Veg, so lengje til Tiderne vert betre. Det er meir "nibbelegt" detta, tykkjer Folk; dei dreg nok Byrdi, men dei slepp aa vita so væl um det. Det er med detta liksom med den Mannen, som sat og kjøyrde, so møtte han ein, som bar paa ein Sekk og bad um aa faa setja baade seg og Sekken upp i. "Nei", sagde Mannen, "det vert for tungt fyr Gampen det." "Man naar eg no sit og held Sekkjen sjølv?" "Ja daa kann du setja deg paa", svarad Mannen. Der hev me Grunntanken i det indirekte Skattestell. Gampen dreg Byrdi, - men han tarv ikkje vita større um det. –
               
Det Verste med Tollskatten er, at han er so ujamn og rangvis og fell tyngst paa dei som mindst toler. Og so kjem dertil, at dei Smaafolk, som paa denne Maaten lyt taka sin fulle Tott i Riksens Stræv, ikkje fær segja eit Ord med i Riksens Styre. Den rette Tankefylgd av Tollskattstellet laut vera aalmenn Røysterett. Men kven vil vera med paa den? Det er væl ikkje so mange. Dersom Ein endaa kunde leggja dugeleg Skatt paa slike Ovbunads Ting, som den Rike brukar og den Ringe lyt umbera, slikt som Stas og Fjas og Vin og meir dilikt, so var det endaa ein Ting. Me vil ikkje tala um Skatt paa slikt som Kunst-Halar ("Køer"), Kunst-Haar ("Sjinjongar"), Kunstbringur og Kunstmjødmer (av Vatt) og andre Ting av det Slaget, for daa fekk me heile Kulturen imot oss; me talar berre um det, som er snakkande um. Men so stend denne franske Handelstraktaten i Vegjen, og so er det raadlaust med det. Her er ingen Utveg; det vert Smaafolket, som fær svida.
               
Men naar Folk vil hava det so, so er det væl best dei fær det som dei vil hava det, til dess dei lærer. Det er sakte det, Thinget og hev meint; og daa er her ingen Ting aa segja. Berre dei no fær det til aa hengja ihop. Det skarve Utgiftsbudgettet hev mange baade Kantar og Knokar; der skal hoggast av og skjerast til baade lengje og væl, fyr dei fær Inntektspeningen til aa strekkja til.
               
Lat oss so tru paa betre Peningtider til næste Aar. For det, dei kniper inn no, det kjem attum daa, so daa slepp dei ikkje Innkomeskatten, um dei so "stod nedi Vatn uppund' Armann'".
 

 

Frå Fedraheimen 05.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum