Utlandet.

 
Tidenderne fraa Utlandet gjeng ut paa, at Semjingi millom Ryssland og England gjer god Framgang, at det er aa halda fyr visst, at Samstemna kjem saman den 11te Juni o. s. b.; men det vantar enno Upplysning fraa rette Vedkomande. Den Løyndi, som fraa fyrsto hev voret yver Sjuwalofs Ærend, er enno ikkje broti, og det er difyr ikkje annat enn Gisningar aa halda seg til um Grunnlaget fyr Semjingi. Det er truleg mange Spursmaal, som enno stend uløyste. Austrike hev med Samtykkje av dei andre Magter hersett Festningi Adakale, som ligg paa ei liti Øy i Donau, fyr aa hindra, at Skipsferdi paa Donau vert meinkad. Det kann henda, at Austrike ogso kjem til aa hersetja heile Bosnia og Hersegovina. Delegationarne hev no latet til dei 60 Millionar Kronor, som Regjeringi kravde i Vetter, og det er rimelegt, at ho vil gjera annat Bruk av deim enn berre aa hava deim til Skræma fyr Ryssland. Austrike og Ungarn hev i det sidste vortet rædde, at dei skal verdta haldne utanfyre ved den endelege Uppgjerdi millom Ryssland og England.
 
Framlaget um Forbod i mot socialdemokratiske Skrifter og Samlag vart dryftat i den tyske Riksdag i fyrre Vika, og Raadlaget endad sidste Fredag med det, at fyrste Paragaf vart forkastad med 251 mod 51 Røyster, og so tok Regjeringi Framlaget tilbake. Formannen i Rikskanslersembættet, Minister Hoffmann byrjad Ordskiftet med aa forsvara Framlaget. Alle tenkjande Statsmenner hadde havt Augat opet fyr dei indre Faarar, som er fyr Staten, og arbeidet paa aa bægja deim. Men til dessa hadde kvar slik Freistnad strandat paa Motstand fraa Riksdagen. Forbrotet den 11te Mai gjorde det til ei Skylda fyr dei sambundne Regjeringar aa stiga fram imot Faaren paa nytt Lag. "Me krev", sagde Talaren, "ikkje nokor Tillitsrøysting av Riksdagen, men Raad imot Faaren held me fyr reint naudleg. Neittar De Dykkar Samtykkje til Logi, hev Forbundsraadet gjort si Skylda, og Andsvaret fyr Etterkomorne kjem ikkje til aa kvila paa Forbundsraadet elder dei sambundne Regjeringar, men paa Riksdagen. Det er sjølvsagt, at ei Umfram-Log elder Loggjeving i det heile ikkje kan fordriva den socialdemokratiske Tanke. Aa gjera det er fyrst og fremst Fyreloga aat Kyrkja, dinæst aat Skulen, og so lyt andre aandelege Tarvende koma med. Men det hjelp ikkje, naar ikkje Staten gjer si Skulda og freistar aa hindra, at Socialdemokratiet fær breida seg utyver. Staten maa i ser leggja seg imillom, der Samlagsretten og Samlingsretten vert misbrukad." So las den socialdemokratiske Fyregangsmannen Liebknecht upp ei Kunngjerd um, at dei socialdemokratiske Thingmenner heldt seg fyr gode til aa vera med i Ordkastet, men de vilde vera med i Avrøystingi. Jørg (av Midflokken) talad imot Logi, fordi dei Raader, som var fyreslegne ikkje vilde gjera nokon Mun; dei vilde bere verta haldne fyr Teikn paa Vesalldomen; klokare vøre det aa taka Valretten fraa Socialistarne. Fyrst Politiet sette seg i Gang vilde alle andre Krafter sluta aa arbeida imot Socialismen. Denne var ei Avkoma av det nye Kulturliv, ein Skugge, som fylgde det, men som vilde vera vandare aa skilja fraa Kroppen enn i Forteljingi um Peter Schlemihl. Logutkastet var visseleg gjort i Sinne, og det var ikkje faarlegare til enn aa taka Aatgjerder i Sinne. Den nye Loggjevningi mot den katolske Kyrkja var eit Fyredøme paa det. Den socialdemokratiske Røra, eit Slags Muhamedtru, utbreidd med Ovhug, utan Allah og Forsyn, var uppkomi ved ei Samstøyping av "Magespursmaalet" med den Materialisma, som no er uppe. Ministeren hadde nemnt Kyrkja som eit godt Vaapen, og rett var det, men vilde dei, at ho skulde stiga fram med Kraft, maatte dei ikkje leggja ho i Band. Bennigsen talad mot Logi paa dei Nationalliberale sine Vegner. Han sagde ogso, at Logi vilde vera reint magtlaus imot Socialdemokratiet. Aa gjeva den Regjeringi, som no er, ei slik Magt, som var fyresleget, var umoglegt; ein visste ikkje idag, kven som kom til aa styra imorgon. Ministerkrisen var paaherdande i eino. Han ynskte Ende paa "Kulturkampen", fyrdi Kyrkja i Røyndi var ei megtug Hjelp mot Socialistarne; men ho maatte retta seg etter Statens Loger. Innriksminister Eulenburg forsvarad Logi. Socialist-Læra hadde avlagat Hovudi paa Folk, so eit slikt Forbrot som Mordfreistnaden mot Keisaren hadde vortet mogleg, endaa han ikkje trudde, at Socialdemokratarne likefram hadde komet denna Freistnaden aa Stad. Socialistarne maatte tvingast til Togn, for at det kunde verta Fred. Det var ikkje talande um Sinne elder Hardleike, og Logi skulde daa berre standa i 3 Aar. Det maatte ikkje ratast nokot, som kunde samla alle gode Krafter til ei traust Eining. Richter talad imot paa Framgangsflokkens Vegner. Han tok hardt paa Bismarck, og sagde, at han og hans Raadgjevar Wagner var dei rette Uppelskarar av Socialdemokratiet.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum