Peter Schlemihl.

 
[Del 5 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
"Ulukkesfugl!" ropade eg og vreid Henderna, "det var han sjølv!" Og no datt det liksom Skjeljar ogso fraa Augo hans Bengel. "Ja, han maatte det vera, han var det evlaust," tok han skræmd i, "og eg Nautet, Blindingen, kjende honom ikkje og hev sviket min Herre!" Uppøst, i sterk Krampegraat gjorde han seg stort Samvit yver detta og lastade seg sjølv fyr, at han ikkje hadde kjendt Mannen, og han var so orvønen, at eg, som sjølv var reint misstrøystug, laut gjeva meg til aa trøysta honom. Eg sagde honom Gong etter Gong, at eg ikkje var missnøgd og ikkje bar nokon Tvil um Truskapen hans. Eg sende honom ned til Hamni til aa rekkja Sporet etter den Graaklædde. Men den Dagen hadde ei Ovmengd av Skip siglt av, nokre i Aust, andre i Vest, Sud og Nord – det hadde voret Motbyr dei fyrre Dagarne -, og det var reint Uraad aa faa Spurdag paa Mannen i den
graae Frakken; han var burtkvorven, sporlaust burtkvorven liksom ein Skugge.
 
III.
 
Kvat vilde Vengjer hjelpa den, som var fastgjord til eit Berg med ei Jarnlekkja? Eg laag liksom Faavne paa Andvareskatten, avstengd fraa Folk, faatøk midt i all min Rikdom; men eg brydde meg aldri eit Grand um Rikdomen, eg bannade honom helder, daa eg fyr hans Skuld var avstengd fraa Umgang med Folk. Berande paa mi myrke Løynd aaleine, ottadest eg fyr den laakaste av mine Tenarar, som eg likevel maatte ovunna; for han hadde ein Skugge og kunde lata seg sjaa i Soli. Aaleine heldt eg meg i mine Rom Natt og Dag, og angersam Sorg tærde paa mitt Hjarta.
 
Enno Ein gjekk fyr mine Augo og harmade seg; eg kunde ikkje faa min trufaste Bengel til aa høyra upp med aa syrja yver, at han hadde sviket sin gode Herres Tiltru og ikkje dreget Kjensla paa den som han var udsend etter, og som han sette i nøgje Samband med min Hugverk. Men eg kunde ikkje gjeva honom nokor Skuld; eg innsaag, at detta skreiv seg fraa den Ukjendes Kunster. Eg gjorde enno ein Freistnad og sende Bengel med en kostsam Brillantring aat den mest aagjæte Maalar i Byen til aa bjoda honom aat meg. Han kom. Eg gav Tenararne Orlov, Bengel med, stengde Dyri, sette meg burtaat Mannen, rosade Kunsti hans og kom endeleg med tungt Hjarta til Saki. Fyrst let eg honom lova meg den djupaste Togn.
 
"Hr. Professor", sagde eg, "kunde De vel maala ein falsk Skugge aat ein Mann, eg kjenner, som paa den ulukkelegaste Maate hev misst den rette Skuggen sin?" - - "De meiner ein Slagskugge?" "Ja, ein slik meiner eg." – "Men", spurde han, "korleids kunde han daa missa Slagskuggen? Kvat fyr ei Hending kunde taka Skuggen ifraa honom?" "Korleids det gjekk fyr seg", svarade eg, "fær vera det same; so myket kann eg likevel segja", laug eg med stor Djervskap saman: "han reiste fyrre Vetteren i Russland, og ein Gong, daa det var forfælande kaldt, fraus Skuggen hans so fast til Jordi, at han ikkje evlde aa løysa honom atter".    
 
"Den falske Slagskuggen, som eg kunde maala", svarade Professoren, "vilde berre vera ein slik, som han atter miste kvar Gong han røyvde seg, um enn nog so litet – allvisst ein Mann, som den eigne medfødde Skuggen hekk so laust ved, som eg kann skyna hans maatte gjera -; den, som ikkje hev nokon Skugge, gange ikkje i Soli, det er det Vitugaste og det Vissaste!" Han stod upp og gjekk sin Veg og sette eit Par Augo paa meg, som eg aldri
 
Soleids fann Bengel meg sitjande, daa han kom attende. Han saag sin Herres Tunglynde og vilde stillt og vyrdsamt ganga ut att. Eg saag upp – eg svignade under mi tunge Sorg, eg maatte tru meg til honom. "Bengel!"ropade eg " Bengel, du, den Einaste, som ser og ærer mi Sorg utan aa spyrja etter Grunnen, men som tykkjest hava djup og varm Medkjensla med meg, Bengel! kom til mitt Hjarta! Mitt Gull hev eg ikkje løynt fyr deg, eg vil helder ikkje løyna mi Sorg fyr deg. Bengel, gakk ikkje fraa meg! Du ser meg rik, romhendt, godhjartad, du tykkjer Verdi maatte hava Grunn til aa visa meg Dyrd, og du ser, at eg gøymer meg undan og løyner meg fyr Verdi. Bengel, ho hev dømt, Verdi, og støytt meg ifraa seg; kannhenda vil ogso Du venda deg burt fraa meg, naar Du lærer aa kjenna min syrgjelege Lut i si heile Sanning. Bengel, eg er godhjartad, rik, givmild, romus, men – men - - eg vantar Skugge!"
 
"Vantar Skugge?!" spurde Bengel under Vigti av Sanningi og duvde og skalv yver heile Likamen. Stride Taarestraumar vall honom ut or Augo og nedyver Vangarne. "Aa, eg Ulukkelege", tok han att'i, "at eg vardt fødd til aa tena ein skuggelaus Herre!" Han tagde, og eg gøymde Andlitet i Henderna.
 
"Bengel", sagde eg um eit langt Bil dyvjande og bivrande, "no hev eg opendaget Deg mi Løynd, no kann Du forraade meg, um Du vil. Gakk av Stad og vitna mot meg." Han tottest vera i sterk Kamp meg seg sjølv; endeleg fall han fyr Føterne mine og treiv Haandi mi, som han vætte med sine Taarer. "Nei", sagde han, "kvat Verdi enn segjer, eg kann og vil ikkje forlata min gode Herre fyr Skuld ein Skugge, det fær vera det same med meg, eg vil gjera det som rett er, eg vil vera hjaa Dykk, laana Dykk min Skugge, hjelpa Dykk, der eg kann, og, der eg ikkje kann, syrgja med Dykk." Eg tok honom um Halsen, undren, men rørd yver eit slikt Huglynde; eg var hugheil fyr, at han ikkje gjorde detta Offer fyr Gull, men berre av Medhug med mi Ulukka.
 
Sidan gjekk det nokot betre med min Skipnad, og min Livevis vardt nokot onnorleids. Det er utrulegt, kor umsorgfullt Bengel tok seg av meg og visste aa dylja mi Skuggeløysa. Yveralt var han fyre meg, med meg og etter meg, alt saag han, alt tenkte han paa, yveralt stelte han det slik, at han kunde laana meg sin Skugge, um Torvvar til di og Faare skulde truga, for han var større og tjukkare enn eg og kunde soleids skyla og skyggja meg heilt. No vaagade eg meg atter ut millom Folk og tok til aa spila ein Rolle i Verdi. Eg laut visst nog paataka meg mange Eigenluner. Men slike stend den Rike godt, og solenge Sanningi ikkje kom upp, naut eg all den Æra og Vyrdnad, som tilkom mitt Gull. Eg tenkte med Ro paa det Møte, eg skulde hava med den gaatefulle, Ukjende um mindre enn Aar og Dag.
 
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum