Per Bø.

 
Han hadde syner fagre, som alar upp ein mann,
Dei gav slik glans åt augat, som sjeldan du fann,
Dei panna gav slik ljoske, som nær soli ho rann,
Dei gjenom alt hass yrkje som raude tråd seg spann.
 
Og støtt so var han fremst og i all ting var han først,
Var taki rigtig tunge, då såg vi honom størst.
Alt fagert, godt, han kjende, sin rike arbeidsdug
Han ofrad seint og tidleg med slik framifrå hug.
 
Det heimlege han elskad, mest "målet hennar mor",
Det vilde han få fram i pen og levande ord.
Og fridomsdrykkjen svalande, han drakk av klåre væld,
Gav framtid fyr hass arbeid og gav andi hass eld.
 
Han sat i ættargarden, ein høgættad mann,
og samlad, karad åt seg, inkje pengar men and,
Eit litet framtids Norge sankast ofta um hass bord,
So ungt, so fritt og frægt i song og levande ord.
 
Hass arbeid og tankar, som stjernerap di sprang,
So lysande, so alle stod i undring mang ein gong.
Han sjølv, som eit stjernerap, han fall ifrå so brått
Og yrkjet hass ligg brotet i enkja sin gråt.
 
- Nei inkja ligg det brotet, ho vil halda det fram;
Og du bonde! vakna, tak arven som ein mann.
Han var av dei store, du lyt ogso bi stor,
Ska det verta nokot av i vårt kjære gamle Nord.
 
Innherad på gravfestdagen.
 
M. Utheim.
 

 

Frå Fedraheimen 01.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum