Per Bø.

 
Per Bø i Gausdal er no avsomnad. Det kom som eit Toreslag paa Venerne hans, som vil sakna honom saart. Men inkje berre paa deim vil denne Tidend koma uventande. Per Bø var ein velkjend Mann, eg hadde nær sagt, i heile Skandinavia. Det var stødt Svenskar og Danskar at finna hjaa honom um Sumaren, og mest dei sidste. For den "arge Maalstrævaren", som so tidt vardt spottad i Bladom fyre det trufaste Strævet sitt, var Ven av alt andlegt Liv, som vilde lyfta Bonden upp til Fridom, Kunnskap og Sjølvstøda, og soleides og av det nyvakte Livet i Danmark, som samlad seg kring Folkehøgskulen der.
 
Per Bø var i mangt eit Mynster paa ein norsk Bonde. Han var jordkjærog ættekjær. Fyrr han hadde selt undan ein Jordlapp av Bø, fyrr hadde han stupt. Det var hans Forfedra Arbeid, deira "storknade Sveittedropar", som laag der i Aaker og Eng, det visste han. Og hans Ætt hadde setet paa den Garden og paa andre store Gardar i Gausdal, i det minste solangt som upp i det fjortande Aarhundradet, det hadde han Brev paa. Og han sette si Æra i, at Ætti hans skulde hava godt Ettermæle. Dei var stødt nemnde som bra, mannamilde Folk. Difyre skulde du aldri finna Drykk, aldri Natteflog, aldri raa Snakk paa den Garden, soleides som paa so mange Storgardar i Gausdal dessverre; men dessmeir av kjærlegt Umgjenge, av Song, av livfullt Samprat um Dagsens brennande Spursmaal. Det er eit Hovdingfolk Bøfolket, og det i beste Meining av Ordet. Per sjølv var ein kunnskapsrik Mann. Han hadde leset myket, fylgde med Liv alt, som fyre seg gjekk i Europa, og gjorde upp sin Meining um Tingen. Du kunde tala med honom um alle andlege Spursmaal, og han kunde ofta giva deg Rettleiding ved sitt sunne, reine Livssyn og svara deg med eit raakande Ord. Han var ei fin Sjæl all igjenom. Han kunde inkje tenkja simpelt.
 
Men med alt detta fanst det inkje Knot hjaa honom. Han hadde ein Gong voret inne paa det og var nær um at svika sitt eiget, men so fekk han Augo upp, braasnudde og lagde etter den Dagen sin glødande Elsk paa Maalsaki. Han saag paa denne Sak som Bondens Livssak. Han kunde tala av eigi Røynsla, og detta gav hans Ord større Vigt. Maalsaki heve visst inkje havt so trufast Arbeidar som han. Han var utrøytande. Han heldt Fyredrag, han fekk stelt til Ungdomssamlag, han plaagad Maalblad og Maalbøker inn paa Folk, han kaupte i Hundradvis av Landsmaalsbøker og fekk Bokutluting i Gong utyver heile Landet. Etter at han hadde tynt Kakseemnet i seg, talad og skreiv han aldri annat enn Norsk. Det er visst ingen, som soleides heve plaagat Embættesmennerne med Brev og Innlegg paa Landsmaalet som han Per Bø. Dei vilde tvinga honom at skriva "dannet", og han vilde inkje fira, han vilde hava Rett i Noreg fyr ein Bonde til at snakka og skriva sitt Modersmaal. Han lagde seg sidstpaa ut baade med Amtmann og Departement um den Saki. I det Stykket var han strid og urædd som i alt annat. Han var ein glødande Fridomsmann, og elskad Johan Sverdrup og hans Politik. Av politisk Tru var han Republikanar og lagde aldri Dulsmaal paa det. Han drøymde, at den Tidi skulde koma fredelegt, av seg sjølv, daa det norske Folket var moget til at styra seg sjølv og velja sin Styresmann, elder det som me kallar Republik.
 
Det norske Bondefolket er ellest eit rædt Folk. Dei jata med elder tegja seg reint, naar Embættesmannen heve sagt sin Meining. Slik ein var inkje Per Bø. Han var reide til at vaaga Trøya si fyre det han elskad, anten det var Bisp elder Bygdemann han gjekk imot. Difyre vart ogso han jamnaste brukt, naar det var nokot leidt, som skulde segjast. Var det ein gamall Skulemeister, som borde ganga ifraa men inkje vilde, - Per Bø i Vegen, for han var attaat so mild og hjartevarm, at han kunde taka paa Mannen, so det inkje sveid for hardt. Var det ein, som hadde fenget Tillitsumbod i Bygdi, og som inkje var verd det, fyre di han livde eit ureint Liv – Per Bø stod fram og sagde det beint i Augo paa honom paa Valmøtet, og Mannen vart kastad. Vilde Presten av gamall Vane raada, som han vilde, i Skulekommissionen – Per Bø synte honom djervt og fast attende innanfyre Grensa si. Og likavel hadde han inkje lett fyre at koma fram med det, han meinte, inkje lett fyre at framsetja sine Tankar greidt. Han stotad ofta og trivlad etter Ord. Men hadde ein Tolmod til at høyra honom ut, var det altid nokot paa Botnen, og Per brydde seg inkje um, at dei, som sat og ventad veltalande Fyredrag, ofta vardt kjeide og grove mot honom paa Møtom. Jau rædd var han, og s a n n all igjenom. Utan Nedslag paa Hjelmen maatte han strida. Hugsa det du norske Bonde! soleides maa du og verda!
 
Per Bø elskad sitt Land og sitt Folk. So lysande stort, som han drøymde um Gausdal og Bondens Framtid, heve visst ingen drøymt. Det kunde gneista or Augom hans, naar han tykte, dei dømde Bonden for hardt. Eg hadde ofta Nappetak med honom um det. Han tykte, eg var for strid og hadde for liti Tru, for han sjølv hadde Tru, som kunde lyfta Berg. Men ogso han saag Endemaalet langt burte, difyre galdt det at stræva. Han tenkte paa si fagre Bygd, eg kann mest segja baade Nott og Dag. Det var han, som fekk drivet igjenom, at Folkehøgskulen kom dit; det var han, som gav Timbret til vaart vakre Skulehus; det var han, som var paa Ferde seint og tidleg og skulde verja oss mot al Lygn og Bakvasking, som foor og flaug Bygderna kring. Han sat og grundad paa Botemidel til at faa Ungdomen burt fraa Svir og Sværm og faa honom til at hugleggja større Ting. Han var Raadgivaren fyre alle dei Landkrabbarne der i Gausdal, som fekk Hug til Sjøen, og daa det inkje kunde nytta paa annan Maate, tok han sjølv Skipspartar, so han kunde vera viss um, at dei kom med bra, aalvorsame Kapteinar. Du kunde komet og vekt honom midt um Notti, og var det sosant nokot, som kunde vera til Gagn og Bate fyre Bygdi, so var han reide strakst. Bygdi visste og at suga Næring av honom. Ei Tid lesste dei paa honom alt Slag ulønande Kommunearbeid og fekk honom valt inn i alle dei Kommissionar, som til var, so hans halve Tid gjekk med til det og han ofta laut sitja uppe med Skriving Nott etter Nott. Det store Bruket hans, som kravde sin heile Mann, leid ved detta, kann du vita. Men Per Bø klagad seg inkje. Per Bø heve og sett seg synlege Merke i Bygdi. Den nye, slette Vegen til Brunlaug kann me vera honom takksame fyre. Likeins den store Utskiftning av Skogom millom Gausdal og Granngjeldom. Staten vilde ugjerna uppi denne flokutte Saki, men Per Bø gav seg inkje, fyrr han fekk ein Kommission nedsett, og Grensorna fastsette. Eg tenkjer og, ein skal sjaa Merke etter honom i Skulen.
 
Per Bø hadde godt Vit, men detta var inkje det fremste hjaa honom, for fremst var hans Fantasi og Hjartelag. Han var altid full med "Idear", den eine tok den andre. Han var som ei altid ladd Elektrisermaskina, det spratt Tankar fram, naar ein tok burt paa honom. Naar han daa hadde funnet paa nokot, som han tykte var godt og praktisk, kom det Eld og Glod i heile Mannen. Han spratt fram paa Golvet, gjekk upp og ned og knipsad i Fingrom. For sprettande Liv var det i honom. Alle desse brokutte Tankarne paa alle Leider, ifraa Torvmaskinor, Teglverk, Skiferbrot, Veitegraving og til Soknebandets Løysing og Statskyrkja, fra Badehus og Hotel fyre Ferdafolk um Sumaren og til Friskulen og Republiken – gav ofta Mannen Uro baade i Kropp og Sjæl, og dei vardt og hans Ulukka. Per Bø leid ved det at standa i vaare uferdige Forhold. Det var so mangt, som skulde bøtast, og han skulde finna Botevon. So gav han seg i Vegen, men daa han inkje kunde magta det alt, slepte han ofta det eine og tok det andre, som daa tyktest honom mest naudsynlegt; men so kom han altid attende til det fyrste atter seint um sidar. Han sveik aldri det, han hadde teket paa seg; men han fekk liksom inkje Tid til at samla all si Kraft berre paa eit, og driva det fram, til det stod fullferdugt. Det var for mange, som nappad i honom. Difyre ligg det mangt halvgjort etter honom. Han var ein elskeleg Drøymar paa same Tid som han var ein praktisk Mann. Og so for ein utrøyttande Gjestvenskap han synte mot alle, høg og laag. Du kunde koma seint elder tidlegt, paa dei mest ulugomme Tider i Onni – Per Bø var lika venleg og gjestmild. Det sømde seg inkje fyre ein norsk Bonde at negta nokon Hus. Baade han og Garden leid svært ved dette Paarenn av Gjester. Sume Sumrar var Huset fullt kvar Dag, Normenner, Danskar og Svenskar, Karfolk og Kvinfolk. Han klagad seg stilt fyre meg, og sagde, at han trudde, det vardt naudsynlegt fyre honom at røma til Fjells med Kona si ein Maanad um Sumaren. For at lata dei framande sigla sin eigen Sjø, elder segja, han hadde inkje Raad med at hava deim der no Onnetider – det var umogelegt fyre Per Bø, han maatte vera den høflege Mannen. Og so hadde han for godt Hjartelag. Han hadde no ein Gong fenget det syrgelege og det ærefulle Ordet paa seg, at til honom kunde dei trygt ganga. Og var det so ein dansk Timbremann elder Snikkar elder Murar, som skulde hava Arbeid – til Per Bø; var det ein fatig Friskulelærar, som skulde "se Norre", og som trong um at kvila ut – ei Vika hjaa Per Bø; var det ei bringesjuk Gjenta, som skulde hava Fjelluft – til Per Bø med henne; kom det Gutar ranglande, som gjerna vilde paa Folkehøgskulen men inkje hadde Raad – paa Per Bø. Per Bø skulde skaffa deim Arbeid, Per Bø skulde skaffa deim Kost, og Per Bø gjorde det. Ein Islending, som var ved Folkehøgskulen, og hadde litet Raad, hadde han fritt i Huset eit heilt Aar. Eg sagde ofta med, honom skjemtande: "du er no alle Daarers Formynder, du Per." Daa log han berre. Ja han hadde stort Hjartelag, han Per Bø, han var ein vensæl Mann.
 
Per Bø hadde And, og han trudde paa And. Han visste og, at han var Andi meir skuldug enn Kroppen. Difyre tok han eit Aaret Kona med seg og strauk til Danmark Midsumars, var paa Folkehøgskularne der og hjaa Birkedal, Melby, Hoff og andre Prestar av Grundtvigs Skule. Folk laut tru, han var Halvgalen, strjuka burt fraa Garden no beste Sumarstid, og det ein norsk Gardbrukar! Slikt var dei inkje vane med. Men Per Bø visste, at han hadde ein paalitande Bror, som sytte fyre Garden; han visste, at slapp han inkje ut no, vardt det aldri kannhenda, og um han so kom til at tapa eit Par Hundrad paa det, at han var burte, so fekk han det visst tvifaldt atter i den Nøring fyre si And, som han derute ventad at finna. Og den Ferdi tregad han visst aldri paa. Det var merkelegt, so han voks etter den. Det kom meir Ro, meir stille Gleda yver heile Mannen, og han vardt styrkt i si Barnetru og i si Tru paa Livet som aldri fyrr. Alle kann vita, at detta vardt ymist utlagt i Bygdi. Per Bø vardt ofta miskjend, fyre di han inkje var som alle andre, fyredi han vilde vera friboren Mann og trudde paa Livsens høgre Magter.
 
Per Bø var ein makalaus Son og Husfader og Ven. Alle dei, som heve havt den Lukka at ferdast i det Huset, maa hava lagt Merke til det framifraa kjærlege Forhold, som var der millom Mo'r og Systkjen. Den gamle fine, av Sorg bøygde Mo'r, saag paa denne Son sin som paa Grunnmuren under sitt Hus. No er han ramlad, og ho stend. Mot Borni sine var han den kjærlegaste Fa'r, og fyre Venom sine hadde han altid opet Øyra, godt Ord og mæglande Hond. Sjølv ei fin Natur var han og fin til at skyna andre. Men veik var han inkje, han var helder hardfør. Galdt det honom sjølv, so at han leid paa Sjæl elder Kropp, tagde han seg helst; han vilde inkje vera ved, at det gjorde nokot. Han var so still den sidste Tidi, han var visst hardare klen enn nokon visste.  
 
Per Bø var ein from Kristen. I honom var inkje Trui berre ei utanbokes lærd Leksa, ho var eit Liv. I den kristne Trui livde han, i den kristne Trui døydde han. Ein av dei sidste Dagom han livde, bad han dei kjære, som stod kring Sengi, syngja dei Salmarne, han hadde mest kjær. Dei song daa millom fleire: "den signede Dag." Daa dei kom til sidst Verset, sette den Sjuke i med: "saa reise vi til vort Fædreland." Dit foor han no, til den han elskad, til den, han trudde paa. So fekk det vera det same, um han inkje fekk døya paa Fedragarden sin.
 
Per Bø døydde paa Skjeggestad i Ringebu. Han var ein Dag reist i Ærender til Vetlehamar og skulde koma heim um Kvelden. Paa Heimvegen fekk han Hjerneslag. Daa Hesten skulde snu til vinstre ned aat Brunlaugbrui, heve han venteleg, sanselaus som han var, røkt til galne Leidi, og der strauk Hesten med honom nordetter Gudbrandsdalen. I 16 Timar heve den arme Mannen setet i Karjolen, reist heile Notti. Karjolen er sett upp i Urer og paa Vegjer, der inkje Kjøyrdoning heve voret paa fyrr. Folk hava møtt honom og hjelpt honom paa Veg atter; men so hava dei latet honom fara einsleg vidare; dei hava trutt, han var full. Det er raatt og hjartelaust detta og vitnar inkje godt um Gudbrandsdølen. Det at sjaa fulle Folk etter Vegen er eit so aalment Syn, at dei vyrda det inkje ein Gong, vyrda det inkje um Mannen so er reint sanselaus og heng og sleng i Karjolen. Han er "berre full", so kann han gjerna rangla inn i Dauden daa. Paa Skjeggestad stanad Hesten, reint utmasad, og der var til all Lukka Folk, som kjende Per Bø, og visste, han aldri drakk seg drukken. Dei fekk honom i Seng, og der vardt han liggjande. Kona hans og Systkjen kom upp til honom, so han fekk daa døya millom sine kjære. Eg fortel denne sidste syrgelege Ferdi hans, daa ho i so mangt er eit Bilæte av hans Livsferd millom sitt eiget Bygdefolk. Naar han baud dei sine beste Tankar og sine Draumar um Gausdals Framtid, smilad dei berre, trudde han var øren, og let honom rangla vidare. Dei studde inkje under, dei hjelpte inkje, dei skynad inkje, at det var deira Velferd han ueigennyttig strævad fyre. Den som giv myket, skal faa myket atter, og slik Kjærleike, som Per Bø hadde til si Bygd, maa hava saatt myket, han kann inkje vera spillt. Og naar Gausdals Ungdom ein Gong, fri og sterk, samlar seg kring alt, som reint og godt er i Livet, segjer ifraa seg all Raaskap og Skilingstrældom, og vil vera med paa at byggja sitt Land kvar etter sine Emne – daa skal dei og nemna Per Bø som sin ljose Merkesmann i dei tronge Tider, han som stupte paa si Fanevakt, men inkje ein Dag slepte Merket.
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum