Kristiania, den 24de Mai 1878.

 
Storthinget byrjad Thorsdag med Innstillingi fraa Tollnemndi og hev sidan haldet paa kvar Dag med det same. Fyrr dei gjekk yver til kvart Punkt, var det mange, som orda seg med di, at dei mislikad, at denne Tollsaki kom fyre sjølve Skattespursmaalet, og at det ikkje hadde voret Samarbeid millom Tollnemndi og den store Budgettnemndi. Det vart ikkje nokot paalitande Umsyn paa heile Budgettet no, men hadde dei havt Vissa um aa kunna sleppa Innkomeskatt ved aa leggja paa Tollen, hadde Saki voret greidare. Av andre vart det haldet fram, at um alle Tollpaaleggi gjekk igjenom, vilde Staten faa inn 340,000 Kr. Maanaden, og so mykjet vilde han tapa, um Saki vart utsett. Det vart upplyst um Budgettet i det heile, at dei kannhenda kunde spara inn 15-1,600,000 Kr.; men likevæl kunde dei ikkje faa det jamnat med Tollpaalegg, og sjølv um Stempelskatten gjekk igjenom, vart det endaa att 600,000 Kr. Sume var av Princip imot Innkomeskatt og vilde helst driva paa med Toll, sjølv um det skulde vera slike aalgjengde Saker som Kaffe. Folk var no ein Gong vane med Tollen. Imot detta vart det sagt, at Tollen var urettferdig, Smaafolk fekk der ofta den hardaste Støyten, Storthinget skulde aldri sjaa til det som Folk hadde vant seg til aa lika, det skulde allstøtt ganga i Brodden, der det galdt sanne og rettferdige Fyremaal, det, meinte dei, var det rimelegste, ikkje aa setja Tollen for høg, men jamna det andre paa Skatten. Endaa er dei ikkje ferdige med Saki.
 

 

Frå Fedraheimen 29.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum