Peter Schlemihl.

 
[Del 3 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
"Fortunats Lukkepung!" og kor stor Øgje eg hadde havt fyr honom, hadde han med detta eine Ordet teket burt all Rædsla, og vendt min Hug heilt og haldent. Det kom yver meg liksom ei Ørska, og det liksom glimade dubbelte Dukatar fyr Augo paa meg.
 
"Vil Herren vera so god aa taka denne Pungen i Augnesyn og freista honom?" Han stakk jamskjott Handi ned i Lumma og tok fram or henne ein Pung av Karduans-Ledr, medels i Storleik, ovgodt samansaumad, forsynd med tvo sterke Snorer, og rette meg. Eg stakk Handi ned i Pungen og tok ut ti Gullstykke, so atter ti, atter ti og atter ti. Skjott rette eg den Graaklædde Handi og sagde: "Slikt Slag, eg slær til; fyr denne Pungen hev De Skuggen min, um De kann taka honom." – "Vel"; han fall straks paa Kne, og eg saag honom med yvervættes Hagleik sakte løysa Skuggen or Graset plennt fraa Hovudet til Føterne, hevja honom upp, rulla og falda honom saman og stinga honom ned i Lumma. Han stod upp, bugade seg enno ein Gong fyr meg og gjekk attende til Tornhegnaden. Der tottest eg høyra honom lægja fyr seg sjølv. Men eg heldt Pungen fast ved Snorerna, rundt um meg var Jordi solbjart, Himmelen yver meg rein og klaar, og i meg var enno ingen Anger elder Kjensla fyr, at eg hadde gjort nokot galet, endaa eg var nokot ørsk i Hovudet.
 
II.
 
Etter eit Bil kom eg atter til meg sjølv og snøggade meg aa koma burt fraa denne Staden, der eg vonleg ikkje hadde meir aa gjera. Fyrst fylde eg Lumma med Gull, so batt eg um Halsen Snorerna, som var fastgjorde til Pungen, og gjøymde honom paa Bringa. Uansad kom eg or Hagen, naadde Aalmannvegen og vende Feti mot Byen. Som eg i Tankar nærrade meg Porten, høyrde eg einkvar ropa aat meg: "Unge Herre! unge Herre, høyr daa!" Eg saag meg umkverves. Ei gomol Kona skreik etter meg: "Herren maa sjaa Dykk fyre, De hev visst misst Skuggen Dykkar." – "Takkar, Mor!" Eg kastade aat henne eit Gullstykke fyr hennar Raad og trod under Trei til aa vera i Skugge.
 
Ved Porten fekk eg atter høyra av Vagtkarlen: "Kor hev Herren gjort av Skuggen Dykkar?" og straks etter av eit Par Kvende: "Kross, den Stakkars Kroken, han hev ingen Skugge!" Detta tok til aa verda meg nokot ukvæmt, og eg agtade meg vel fyr aa treda fram i Soli. Men det let seg ikkje gjera alle Stader, soleids ikkje paa Torget, som eg laut gange tvert yver, og til mi Uheppa nettupp i den Stundi, daa Gutarne slapp or Skulen. Ein krylad, gaputt, vondlynd Bengel – eg ser honom enno – gjorde sitt Yttarste til med stort Skraal aa kynna dei Andre, at det vantade meg ein Skugge, og heile Horgen av bokvis Gateungdom byrjade aa gjera sine Merknader um meg og kaste Skarn paa meg. "Skikkelege Folk plaga taka sin Skugge med seg, naar dei gjeng i Soli", ropade dei. Til aa faa meg Ungarne av Halsen kastade eg Gull med fulle Hender millom deim og sprang upp i ein Leigevogn, som gode Folk hjelpte meg til.
 
So snart eg var aaleine i den rullande Vognen, tok ein øseleg Graat meg: eg evlde ikkje aa driva fraa meg det tunge Hugbod, at so myket som Gullet er meir sætande paa Jordi enn Dygd og Rettvisa, so myket er Skuggen meir vyrdande enn sjølve Gullet, og medan eg fyrr hadde uppofrat Rikdom fyr mitt Samvit, hadde eg no burtgjevet Skuggen min fyr berre Gull – kvat kunde og maatte det etter detta verda av meg i Verdi?
 
Eg var enno myket ørsk, daa Vognen heldt ved Porten til mitt fyrre Herbyrge; eg tok Fæla berre ved Tanken um aa skula treda inn i det laake Takromet og let difyr straks henta dei Ting, som høyrde meg til. Eg tok imot deim med Vyrdløysa, kastade fraa meg nokre Gullstykke og bad Kusken køyra til det gildaste Hotel i Byen. Huset vende imot Nord; eg hadde altso ikke Soli aa ottast fyre. Eg sende Kusken veg med Gull, let meg straks utvisa dei beste Visterom og stengde meg inne der.
 
Kvat tenkjer du 1), at eg no tok meg fyr? Aa, aa tilstanda det, læt meg raudna! Eg tok dne ulukkelege Pungen fram, og med eit Slag Galenskap, som vaks ved seg sjølv lik ein Eld, tok eg utor Pungen Gull, og Gull, og Gull, og enno meir Gull, lagde det paa Golvet og gjekk att og fram yver det og let det klinga, og meddi eg kvikade mitt arme Hjarta ved Klangen og Glansen, kastade eg Metal paa Metal, meir og atter meir, til dess eg sjølv, trøytt av Strævet, datt i koll paa den rike Hopen, vardt liggjande nasegrus yver og svelgde i Gullet. Soleids gjekk all Dagen og Kvelden til Ende; eg opnade ikkje Dyri, Notti fann meg liggjande paa Gullet liksom Faavne paa Andvareskatten, og soleids fall Svevnen yver meg.
 
Daa drøymde eg um deg 2); det kom meg fyr, som um eg stod attum Glasdyri i det lille Studerkammerset Ditt, og igjennom henne saag eg Deg sitja ved Ditt Arbeidsbord millom ei Beingrind og ein Bundel turkade Plentur; fram fyr Deg laag Haller, 3) Humboldt 4) og Linné 5) uppslegne, paa Sofaen var eit Bind av Goethes 6) Verk; eg skodade lenge paa Deg og paa alle Ting i Stova og so paa Deg atter, men Du røyvde Deg ikkje, Du drog ikkje Ande, Du tottest meg vera daaen.
 
Eg vaknade; det var enno tidleg. Mitt Ur hadde stadnat. Eg var lemster og liksom sundslegen yver heile Likamen, eg var tyrst og hungrig; eg hadde ikkje etet paa eit heilt Jamdøger. Med Uvilje og Motburd støytte eg fraa meg detta Gullet, som nyleg hadde voret mitt Hjarta til so stor Fagnad, no visste eg, hugill og sorgall som eg var, ikkje, kvat eg skulde gjera med det. Det kunde ikkje verda liggjande soleids, eg freistade, um Pungen vilde taka det att, men det var Uraad med di.
 
 
1) Chamisso.
2) Chamisso.
3) Albrekt von Haller, "Berns største Son", Skald og Lærd, allvisst i Naturkunna (1708-1777).
4) Alexander von Humboldt, stor tydsk Naturforskar og Bokskrivar (1769-1859). Kosmos, hans mest aagjæte Verk (5 Band), var likvel ikkje skrevet, daa denne Soga vardt førd i Pennen.
5) Karl von Linné, Sverikes største Vitenskapsmann i Naturkunna, den største i Verdi med paa den tid (1707-1778). Prestarne heldt L. fyr ein Kjættar. Paven sette hans mange Skrift paa Lista yver forbodne Bøker men maatte enno i hans Livetid (1774) utnemna ein Professor til aa lesa yver hans "system publice" i Rom.
6) Joh. W. von Goethe (Gøte), Tydsklands største Skald (1749-1832).
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum