Maalreinsking og Maalreisning.

 
Maalreinsking og Maalreisning. 1)
 
Maalreinsking gjeng fyr seg i alle Land; det er faae, som no i Tidi trur paa eit Allheimsmaal (elder sams Maal fyr heile Verdi), og Strævet gjeng difyr allestad no ut paa aa skilja Tungemaali av med det verste Laanegods. Soleids i Tyskland og Sverig med franske Ord og i Danmark (og Norig) med tyske. Slik Maalreinsking er ein priseleg Ting; Storfolket er og med paa den og gjev honom Framferd. Endaa her hjaa oss er det komet so langt, at det er overlseg faae, som segjer t. D. "allenfals", "ungefær" no fyr Tidi. Maalreisning derimot er nokot annat. Storfolket set seg jamnan imot det Arbeid aa taka upp til skriftleg Dyrking eit Maal, som fyrr ikkje hev voret annat enn Talemaal, og aa freista aa leggja den aalmenne Sedskaps Innhald inn i eit slikt Maal. Soleids hjaa oss, og soleids i andre Land med. Men det Maalet, som Stormengdi talar, plar endaa vinna seg fram til sin Rett, um enn Striden tidt er hard. Holland hev sitt eiget Maal, ulikt baade det Over- og Nedertyske, men hev ikkje fengjet det utan Strid med Tysken, og Tyskerarne hev enno Von um aa vinna paa Hollandsmaalet. Island hev lika eins eit Maal, som Svenskar og Danskar kallar "oldnordisk" og gjerna vil gjera til Upphavsmaalet baade aat Svensk og Dansk (elder Dansknorsk), men som korkje er svensk, dansk elder norsk; Island hev maattet stridast med Danmark fyr aa faa hava Maalet sitt, men hev vunnet. Serbia hev av sitt Folkemaal skapt seg eit Bokmaal i detta Hundradaar, Ungarn lika eins, Finland i dei seinste Aari; Grekland, som i fleire hundrad Aar hev talat eit Røremaal, som var korkje Gresk, Tyrkisk elder Fransk, hev no reist til Liv att det Gamall-Greske elder eit Maal, som likjest detta som Dotteri likjest paa Moer si. Sverig reiv seg laust fraa Danmarks Formyndarskap i Maalvegen under Gustav Vasa. I Nordtyskland arbeider Forfattarar, som vert vida lesne, paa aa utvikla det Nordtyske Talemaal til Bokmaal; i Sudfrankrike strævar dei lika eins trutt med aa reisa Provangsmaalet elder det Maal, som vert talet i ei Mengd av ulike Bygdemaal alt ifraa Mynnet av Girond-Elvi i Nord yver Puy de Dôme til Grenoble, d. e. Gaskognarmaalet, Tulusmaalet, Langedocmaalet, Sevennermaalet og Rhonemaalet elder det, som i serskild Meining heiter det Provangsalske. Portugal hev haldet fast paa sitt eiget Maal, som er avskilt fraa det Høgspanske elder Kastilianske, um det enn vert sagt, at det ikkje er stort annat enn Kastiliansk, slik som detta var fyr eit Par hundrad Aar siden, ei Meining som do ingen Portugisar gjeng med paa. Endaatil Innbuarne av Katalonia (ei spansk Storbygd) strævar med aa riva seg lause fraa Kastiliamaalet og arbeida upp sitt eiget til Kulturmaal. Cheker og Polakkar elskar og fredar um sine Moersmaal. Inkjenokot av detta Arbeidet er gagnlaust; det kjem altid til Nyttes paa einkvar Maaten, um me enn ikkje trur, at det vil vera Raad fyr Nordtyskerar, Katalaningar, Provangsfolket og Polakkarne aa faa fram elder halda uppe sine serskilde Maal, so lengje dei berre er Utbygder av større Land og ikkje hev nokot Sjølvstende. Onnorleids hev det seg derimot der, som Maalgrensa gjeng i Eit med Riksgrensa. Er tvo elder tri Folkeslag i eit Rike paa Lag like sterke, vil dei ikkje enda, fyrr dei hev arbeidt upp tvo elder tri jamgode Maal, so som i Sveits; er derimot eit Folkeslag sterkare enn dei hine, so som i Ungarn, Finland og Norig, so vil Meirtalet faa sitt Maal fram til sin Rett, - snarare elder seinare etter som det kann høva, men difyr like visst og uavvendelegt, um det enn ikkje vil reint ut tyna Faatalsmalet elder –maali. Paa Maalreisning kann Ein soleids arbeida, med visst Von um Framgang og Sigr, allestad der, som dei ovanfyr nemnde Vilkor er aa finna, men med Nytte, endaa um desse Vilkor vantar. Ettertanken vil i alle Tilfelle vekkjast ved det, og Arbeidet vil paa eikor Vis syna att i Folksens Framvokster.
 
Eit Vitnemaal millom mange um den sigrfulle Magt, som ligg i ei sovoret Arbeid, hev me fraa dei seinste Dagar i dei Tidender fraa Belgia, som her i Stuttmaal skal forteljast etter eit utanlandsk Blad. "Maalspursmaalet i Belgia, som det hev voret Strid um i Aaratal, nærrar seg no endeleg til aa faa si Løysning. I det belgiske Thing er framlagt ei Komite-Innstilling um Maalstriden, som ordar paa, at det flamske Maal (eit nordtysk Maalføre) skal verta innført til framtidigt Bruk i Kyrkja, Skule og Rettssal jamsides med det Franske (som er Bokmaal i Belgia). Innstillingi upplyser, at der i Belgia finst 2,300,000 Innbuar, som talar Fransk elder Vallonsk ("Franskbelgisk"), men yver 3 Millionar, som talar Flamsk elder Tysk. 23,000 talar baade Flamsk og Tysk. Nemndi set fram, at i dei flamske Landskap skal alle Bygdespursmaal greidast i det flamske Maal. Embættsmennerne skal paa detta Maalet samtinga med Kommunestyrarane og Folket hellest. Til vitenskapeleg og praktisk Dyrking av det flamske Maal skal det skipast ein Høgskule elder daa ei Avdeild ved Høgskulen (Akademiet) i Bryssel. Ved Allskulen og dei offentlege Skularne skal Flamsk og Fransk njota same Retten. Alle dei, som ikkje kann baade Maali, skal hava Rett til aa faa Domssaker og Domsbrev uppsette i sitt eiget Tungemaal."
 
I Norig gjev derimot Justits- og Kjyrkjestyret Amtmennerne Lov til aa avvisa offentlege Brevskapar, naar dei er skrivne i det norske Maal.
 
Finverdi ("Intelligentsen") hjaa oss set seg imot Maalreisningsarbeidet "af Hensyn til Folkets Vel" (!); dei vil Folkets Samstøyping i ein Klump, som dei daa sjølv vil styra, og det i ei einaste Leid-: nedfyr Bakke; Folkekløyving hatar dei difyr verre enn Pesten; men i Belgia er dei ikkje rædde Folkekløyvingi, helder ikkje i Sveits, og endaa stend desse Rike som Mynster-Rike i alle Maatar. So vil dei ikkje avstengja (isolere) oss, riva oss lause fraa den aalmenne Kultur, slik som Maalreisningsmennerne; men dersom Ein trur, at Flamsk elder Norsk er uført til Berar av Kulturtankar og urømt fyr aalmennt Kultur-Innhald, so tek Ein storom i Mist. Maa me hellest spyrja dei sjølvkloke Visingar: kvat er best, anten at Norig hev Bokmaal og Bøker saman med Danmark, og so Bøkerne vert lesne av 400,000 Mann i Norig – dei som talar Norsk les ikkje andre danske Bøker enn gudelege -, elder at Norig hev Bøker fyr seg sjølv, og so dei vert lesne av 1,500,000 elder 2 Millionar i Norig, fær Lesarar i Sverig og endaa nokot i Danmark med, daa dei er skrivne i eit Maal, som er so fint og fullgodt, at det lyt verka paa Maalvoksteren i vaare Granneland ogso? Og attaat alt detta vinn Ein, at Folk lærer seg til aa tenkja, fyrr dei talar – tenkja med kvart Ord dei tek paa Tunga -, og kjenna seg paa Heimlands Grunnen baade i Tale og Tanke. No er det just rette Tidi til aa arbeida fyr ei norsk Maalreisning. For no hev Vitenskapen, etter det Uppsving som den samanliknande Maalgranskning hev teket, gjort det til ein tvillaus Ting, at Tungemaalet i vaare Bygder stend øvst av alle nordiske Maal; og no er me just so hepne, at me hev ibland oss ein Flokk av kunnuge Vitenskapsmenn, som hev Samhug med det Stræv aa uppattreisa det Tungemaal, som vaare Haakon'ar og Olav'ar talad i Norigs Stortid. Tek Ein for snart aat med ein slik Gjerning, so vert Verket som det kann, - i kunnskapsarme Tider vert det uvitenskapelegt Fuskverk, endaa um det vert drivet av heimkjære, viljesterke og dugande Menn som Peder Plade, Kristjern Pedersen, Olaus Petri og Gustav Vasa; tilmed Menn som Peder Syv, Ludvig Holberg, Georg Stjernhjelm, Nils Tjållmann, slike, som kjem upp seinare, vinn ikkje langt i sitt Maalbøtingsstræv, naar fyrst Maalet eingong er reist. – Men for lengje maa Ein ikkje helder drygja, for daa vert for mykje av den gode Malmen spillt. So gjeld det daa aa arbeida, den Stund det er Dag!
 
1) I Umskrift etter "Verdens Gang."
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum