Kristiania, den 24de Mai 1878.

 
Storthinget hadde fyr seg Herbudgettet her fyrst i Vika. Daa Krigsskulen var framme, snakkad Sørensen inn paa, kor galet det var at Studenteksamen var sett upp som Vilkor for, at Folk kunde verta Reserveløytnantar, Middelskuleeksamen meinte han var nok. Og so dei faste Offiserar, dei maatte fyrst hava Realartium, og detta stengde Vegen fyr Underoffiserarne aa koma høgre upp. Det var ogso andre, som sagde det same. – Til Demmingi i Drøbakssundet hadde Nemndi innstillt 180,000 Kr. Velde hadde framsett Forslag um, at dei ikkje skulde kosta meir paa detta; han hadde all Tidi voret imot det, for sjølv um det kunde vera nokon Nytte i det, so var ikkje den i Samhøve med dei store Pengeutleggi, dei hadde havt. – Naar det eine Sundet skulde stengjast, so vilde kanhenda ogso Straumen verta fælande strid i det andre Sundet, so det vart mest raudlaust aa leggja ned Torpedoar der. – I det heile var no ogso Demmingi so vidt ferdig, at det ikkje var verdt aa øyda meir paa det. – Hille tykte det var urimeligt aa standsa halvgjort Arbeid, daa det ikkje var innkomet nyare Upplysningar sidan Avgjerdi i 1874, som kunde gjeva Saki ei onnor Vending. - Daae hadde fyrr voret mot, men no hadde han fenget eit annat Syn; skulde Ein setja ut Arbeidet, vilde det berre verta dyrare. – Det vart haldet fram av mange, baade at dei ikkje var nokot sætande dei Motlegg, Velde hadde komet med, og at ei slik Demming vilde vera til stort Gagn til Forsvaret baade fyr Kristiania og dermed fyr heile Landet. – Ved Røystingi gjekk Innstillingi igjenom. Veldes Forslag hadde 29 Mann fyr seg: Ellingsen, Løberg, Rinde, Veum, Schumacher, Andreassen, Mortensen, Hjelmstad, Hektoen, Jaabæk, Reierson, Liestøl, Igland, Aarflot, O. Nilsen, Olafsen, Dahl, Castberg, Lund, Eskeland, Øverland, Kolbenstvedt, Ueland, Storsteen, Wennberg, Qvam, Velde Bentsen, Soelberg.
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum