Fraa Ringebu. (brev)

 
– Denne Tid er ikkje god korkje fyr "Fedraheimen" hell nokon annan til aa verka paa Folket no; for denne Peningnaudi gjev Folk so mykje annat aa tenkja paa. D'er visst lengje sidan Gardmennerne hev setet so i Knipa, som dei no gjer. Alt dei hev aa selja lyt ganga mest fyr halv Pris mot det, dei hev vore vane ved fyrr um Aari. Fekararne hev voret so traue i Vaar, at Ein hev næstan lotet truga deim til aa gjera Bod paa ei Ku hell ei Kvige; og daa kann du tru dei hev passat seg, so dei inkje hev bodet til med fyr mykje. So hev no Mange tekjet Øksi paa Nakken og gjengjet ut aat Timberskogen, for paa den Maaten aa faa seg nokot til aa gjera ut sine Utgifter med; men det slog au svært daarlegt til, for dei tapte no sikkert 1/3 taa di, som dei hadde reknat ut fyreaat. Øykjer gjeng det au smaatt aa faa selt, so Tidi er fælt trong fyr Folket her.
 
Likevæl er det nok sume, som liker denne Tidi godt, ja hev reint ut Gull Aar og dreg Nytte av andre Folks Hard-Tid. Kven kann no det vera? spyr du. Aa jau, det er fulla desse vaare gode "Rettens Folk", som er reint i sitt "Element" no med Stevning og Panting og Eksekvering og alt slikt, som det jamt er mest av i slike tronge Tider. Det er ikkje nokot godt Samhøve millom desse Kararne og Aalmugen no; eg tenkjer det lyt vera mest liksom millom Gjætarguten og Graabein, naar denne kjem og tek eit Lamb or Sauflokken, og hin stend raadlaus og ser paa og ikkje kann hjelpa; han riv mest Haaret taa Hovudet av Harm og ynskjer alt det Verste han veit yver den skarve Vargen. Det er leidt og saart med slikt; men kannhenda det er raadlaust med det -?        
 
C. i R.
 

 

Frå Fedraheimen 25.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum