Utlandet.

 
Greiv Sjuvalof hev gjort fraa seg Sendeferdi si til St. Petersborg. Utvinningi av Reisa er ukjend, daa dei ryske Styresbladi heile Tidi hev haldet seg tegjande um hans Ærend. Fredsvonerne hev haldet seg uppe, men Tilstandet er i det store det same som fyrr; Striden millom Ryssland og England er i sin Grunn like uløyst, endaa det kann vera Von til, at det ryske Styret vil gjera store Ettergifter fyr aa koma til ei fredleg Semjing; Herbuingi, som dei held fram med paa baade Sidor alt dei orkar, Austrikes Aatferd i det sidste, Tilhøvet millom Ryssland og Rumænia, og den faarlege Stellingi ved Konstantinopel tyder ikkje paa, at den spaadde Semjing er naaande so braadt. Times fyr den 14de i d. M. segjer, at Sjuvalof ikkje hadde aa bera fram endeframme engelske Forslag, men han var berre sett i Stand til aa greida ut fyr Tsaren dei Grunnsetningar, som etter Englands Meining kann utgjera Underlaget fyr ei god Løysning. "Det England hev mest imot San Stefano-Semja fyr – segjer Bladet . . er det, at ho gjev Ryssland reint ut Yvervegti i Turkiet. Det nye Bulgaria vil ihop med den ryske Landaukingi i Asia gjera Turkiet til berre eit Underrike. Imot denne samlade Verkning reiser det engelske Styre Protest, og   utan Ettergifter, som i alle Maatar veg upp ei slik Etterkoma, kann ikkje England nøgja seg. Soframt som Ryssland gjer slike Ettergifter, ynskjer England ikkje aa blanda seg upp i dei andre Raadgjerder, som Ryssland maatte etla aa taka til Bate fyr dei Kristne i Austerlandom. Det Bulgaria, som vart skapt ved San Stefano-Semja maa iminsto innrømast i stort Maal, og det kann henda, det stend paa Ettergifterne i denne Vegen, um den nye Skifteslina i Armenia krev eit Avbrigde." Er det so at City-Bladet veit rett Greida, so synest det engelske Styre aa ganga hardla vidt i sine Krav, og Spursmaalet vert daa heretter, kor langt Ryssland vil gjeva etter. – Den ryske Her i Turkiet er, som fyrr fortalt, slett ikkje vel stadd; Sotti herjar, Turkarne styrkjer sine Feste og hev samlat ein Her paa 100-150,000 Mann ved Hovudstaden, Herens Heimferd kann lett verta meinkad baade til Lands og paa Sjoen. Festningarne Sjumla, Varna og Batum er enno ikkje rømde. Den ryske Yvergeneral Todleben hev hotat med Tvangsaatgjerder, vistsom ikkje Turkiet paa Timen uppfyller San Stefano-Semja i dette Stykkjet. Det ryske Feltlæger skal vera flutt ei Mil næmare aat Konstantinopel. "I Umkverven aat San Stefano – segjer eit Telegram – hev Ryssarne plantat upp 40 svære Kanonor berre ein snaud Fjordungsveg fraa dei turkiske Linor. Berre det ryske Hovudkvarteret vert verande i San Stefano; Herfolket er altsaman lægrat i Umkverven. Ryssarne hev ogso gjort ei liti Flutning framyver imot Høgderne bak Bujukdere. Turkarne hev gjort seg reide til aa taka imot". Daily News meller fraa Konstantinopel den 17de: "General Todleben hev sendt Porten ein Note, og i den krev han, at Turkarne skal røma Sjumla, Varna og Batum, løysa upp det turkiske Lægret ved Maslak og gjeva Ryssarne Løyve til aa hersetja Bujukdere (eit av dei vigtugaste Stelle fyr Herredømet yver Marmorasjøen); Folk trur, at Porten ikkje vil gjeva etter." Eit Telegramm fraa St. Petersborg av 19de Mai segjer likevel, at um den Tidendi, at Todleben etlar aa næma seg elder hersetja Konstantinopel, hev Agence Russe etter Tilsetning fraa Styret upplyst, at ho er sett ut av Krigspartiet i Konstantinopel til aa hindra Tilstig millom Styret i St. Petersborg og det i London. Kor som er, so er det visst, at i Stellingi ved Konstantinopel er det no den største Faaren ligg. - Ryssland skal ha køypt 200000 Byrsor i Amerika og tingat 500000 til. Ein Ryss, Kaptein Semetsjkin, skal i New-York fenget ei Lista paa 170 amerikanske Skip, som er fale, og som skal nyttast imot engelske Handelsskip, um det vert til Krig.
 
Til Utsending-Huset i dei sambundne Statar i Amerika er det framboret Forslag, som gjev Riksformannen Fullmagt til aa kalla inn 75000 Mann til Vernd mot sosialistisk Upprør, som dei er rædde skal koma paa til Sumars.
 
Den svenske Riksdagen hev latet til 2 Mill. Kr. til aa halda uppe Nøytraliteten. Den norske Regjeringi skal ikkje vera meint paa aa koma med nokot Framvarp um slikt Tillag iaar etter det Avslag, ho fekk ifjor.
 
Den næmaste Fylgja etter Mordfreistnaden paa den tyske Keisaren vert truleg det, at det vert teket Aatgjerder mot Socialistarne, og at Trykkjefridomen og Samlingsfridomen vert innskjerd.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum