Til Postverket.

 
(Detta No. verdt sendt til alle Postkontor og til Postdepartementet.)      
 
Det gjeng so skakkstyrt med Postumsendingi av "Fedraheimen", at det er ei Spott og Skam. Mest dags dagleg kjem det Klagebrev fraa Tingarar, som snart vantar eit No., snart fleire, og snart alle. Det er den Eine etter den andre, som slett ikkje fær Bladet, endaa han hev baade tingat og betalt. Og fraa Ekspeditionen vert Bladet kvar einaste Gong umsendt so plent og gløggt, at det er mest raadlaust, at nokot Mistak kann verta gjort av den.
 
Ofta hender det, at naar ein Tingar klagar, og Ekspeditionen daa strakst sender nytt Blad til honom, - so kjem denne nye Sendingi attende med Paaskrift: "Overkomplet" elder "Formeget sendt." Daa hev Posthuset altso funnet fram dei Blad, som fyrst var sende, og latet Tingaren faa dei, etter at dei hev legjet paa Posthuset i maanads- og kvartalsvis. Detta er godt nok Prov paa, at Skuldi er hjaa Postverket.          
 
Ifjor, daa Bladet vart "ekspederat" av Posten, gjekk det reint burtiveggjene. Det var t. D. eit Posthus, som vasad burt Bladet (eit heilt Kvartal!) fyr ikkje mindre enn 15 – femtan – Tingarar 1). Me skreiv til detta Posthuset og bad um Upplysning; inkje Svar. Tilslut skreiv me og sagde, at dersom her ikkje vart gjort ei Greida i denne Sak, so skulde me gjera Melding til Postdepartementet. Jau, - daa kom det Svar. Det var berre ein "Forglemmelse," maatru. Av ein "Forglemmelse" hadde detta gilde Postkontoret vasat vekk Bladet i Dungavis. 2)
               
I Aar, daa me hev serskild Ekspedition her inne, kann det ikkje bera s o avstyrt i Veg; men det er illa nok. Skulde Postverket betala alle dei "Ettersendingar," som me lyt senda av kvar Vika, so vart det Pengar av. Men desse Pengarne maa no Utgjevaren t a p a, endaa han mindst av alle hadde Raad til det.
               
Og ikkje nok med, at han maa bera detta endeframme Tap. Det verste er, at han taper Tingarar. Naar Folk ser, at dei ikkje kann f a a eit Blad paa skipeleg Maate, so segjer dei det upp. Og andre, som kunde vilja tinga, skræmest fraa Bladet, naar dei fær høyra, at det gjeng so ubeint med aa faa det.
               
Paa den Maaten arbeider Postverket – av berre Slurveskap, for det kann daa ikkje vera med Viljo! – paa aa tyna "Fedraheimen" og gjera Utgjevaren i den verste Beit. Slikt er so ufolkelegt, at det er leidt aa snakka um.
               
Det hev ofta, høyrer me, voret Ugreida med aa faa kringumsendt frilyndte Blad. Og naar eit Blad dertil er norsklyndt, so hev det voret reint ymist. Vil Postverket, at Folk skal tru, at her ikkje er Prentefridom her i Landet? – For den verste Maaten aa driva "Censur" paa vøre daa i Sanning den aa pina Livet av eit Blad paa den Maaten!
               
- Me vil beda Postverket 3) tenkja paa detta. Dei bør minnast, at eit Maalblad ogso hev Lov aa vera til, so Postverket hev ikkje det Grandet meir Rett til aa fara med Slurv mot t. D. "Fedraheimen" enn det hev Rett til aa gjera det mot "Morgenbladet" og "Fædrelandet."
               
Dei Tingarar, som ikkje fær Bladet skikkeleg, bed me um strakst aa segja fraa til Ekspeditionen. Me skal daa heretter sanka upp alle slike Klagebrev, og naar me fær ein høveleg Hop utav dei, so sender me dei til Postdepartementet, og so fær daa dei gode Slurve-Posthus taka det dei fær.
               
Detta er den einaste Maatan, me veit aa gjera det paa no. Ei Greida maa til, og skal til. Ogso vaare Postfolk maa kunna læra Folkeskikk. Um "Fedraheimen" skal liva i Lengdi, veit ikkje me. Men det veit me, at han ikkje skal drepast av Postgutar og "Postaabnarar" og ikkje døy av "Post-Censur" og Slurv. Det er Gudskelov Slut paa den Tid no, daa det heitte, at "Maalmannen var rettlaus."                                          
 
Bladstyret.
 
1) Sidan hev me spurt, at det nok var fleire endaa.
2) Det var eit Mistak av oss, at me ikkje drog detta Posthuset fram fyr Dagen med same. Men Ein vil gjerna hava Fred, maatru, og gjerna vona det beste um Folk – so lengje til Ein lærer.
3)D. e. visse Posthus; for det, som her vert sagt, gjeld sjølvsagt ikkje alle. Det er sume, som greider sine Ting so godt, at det er berre ein hente Gong det kjem Klage, - og so kunde alle gjera.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum