Riddarsvae.

 
(Ei Seigdn ifraa Valdris, neskrevi av H-. E-d.)
 
Paa noko Garda i Vangsokn, so kallast Leirol o Syndrol, levde de i ældgamale Ti tvau greskji Riddara; men støtt o stendigt laago dei i Trætte me ina'n; dei vøro no alti nokolite ve se, maaveta, o Rikdom gjev Mo, o so ha de no me rae vøre soleise ifraa Adels Ti, at slikt Høkle alder kunne vera einse o velførlikte; de e so dei segja før eit gamalt Ord, at de rymmist 'kji tvau Høgherra i ei Hit; noko maa dei ha o vri paa o kjaftast um, dei trevist 'kji arleise, ser du.
               
Desse tvau Riddaradn prøvde rae o støtt paa o gjera de so meinint før ina'n, so dei vel kunna baade aapenskaale o i Duldsmaate; o Natadn drogo dei se kring Husveggjedn aat ina'n so løynske Hunda. Difor laut dei pytte atte inkji berre Døradn; men dei reiste ogso engon Tingen attfere Glasgluggo. Der paa Leirol finnst de enno atte eit umogele stort Bord, so Leirolsriddaren hadde te reise attfere Glashølo, men de ter enno djupe Hogg i di ette Hælvtydnunn' 1)  aat Syndrolsriddare.
               
Daa denna Ufre'n imyljo dei hadde stande paa i langsammele Ti, trefte dei te møtast nepaa eit Svaberg nie Synshaga der paa Leirol. Daa vøro dei 'kji Kar før aga se, anna de bar ihop me dei o te hoggast o stingast so best dei kunna. Sinne ser 'kji, segja dei gamble, men dei saago daa so mykje lell, atte dei fingo de, dei gjingo ette: dei laago atte paa Stae daue bæi tvu, difør kallast de vesle Svaberge den Dag i Dag Riddarsvae.
 
1) Halvtydna: liti Øks med tunnt Blad.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum