Peter Schlemihl.

 
[Del 2 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Eg var heppen etter aa faa nokot aa vita um Mannen og hadde stor Lyst til aa frega, kven han var, men eg visste ikkje, um eg torde venda meg til nokon med Spursmaal um det; eg ottadest mest meir fyr dei Herrar Tenarar enn fyr dei tende Herrar. Eg skaut likevel Hjartat upp i Bringa og trod burt til ein ung Mann, som tottest vera mindre kaut enn dei andre, og som oftare hadde stadet aaleine. Eg bad honom sakte segja meg, kven den velviljuge Mannen i den graae Klædnaden var. "Han, som ser ut som ein Traad-Ende, som er sloppen Skræddaren or Naali?" "Ja nettupp, han, som stend der fyr seg sjølv." "Han kjenner eg ikkje", gav han meg til Svar, og – som eg totte - til aa hindra ein lengere Samtale med meg vende han seg burt og gav seg i Drøs med ein av dei Andre.
               
Soli tok no til aa skina bjartare og verda brydsam fyr Damurna. Den fagre Fanny vende i ein lett og vyrdlaus Tone aat den graaklædde Mannen, som enno Ingen hadde rødt til, det lettvise Spursmaal, um han kannhenda ogso hadde hjaa seg eit Tjeld. Han svarade henne med eit so djupt Bukk, som vardt ei æra vist honom, som han ikkje paa nokor Vis hadde fortent, og hadde paa Timen Handi nede i Lumma, og ut or henne saag eg koma Ty, Stenger, Snorer, Jarnverk, stutt aa segja, alt som høyrer til eit Lysttjeld, fridt som eg aldri hadde sett det fyrr. Dei unge Herrar hjelpte til med aa spana det ut, og i uppsett Stand hekk det utyver heile det Rom, som Teppet tok upp. Men helder ikkje i detta syntest nokon aa finna nokot sermerkt elder underlegt.
               
Lenge stod eg som fjøtrad til Flekken, eg kjende meg forskræmd og vanhugad. Men enno verre vardt det sidan, da det vardt framsett eit nytt Ynskje, og eg saag Mannen taka ut or Lumma tri Ridehestar, tri gilde, store, livande Gampar med Sadlar og Reide! tenk tri uppsadlade Hestar enno or den same vesle Lumma, som han fyrr hadde teket ei Brevtaska, ein Kikar, eit verkat Teppe, tjuge Alnar i Lengdi og ti i Breiddi, eit Lysttjeld av same Storleik med alle dertil høyrande Stenger og Jarn utor! Hadde eg ikkje sett det med eigne Augo, hadde eg visst ikkje trutt, at slikt skulde kunna ganga fyr seg.
               
So audmjuk og vedvoren Mannen sjølv tottest vera, og so liten Vyrdnad dei Andre ogso viste honom, gjorde lik vel hans bleikdæmde Andlit, som eg ikkje var god til aa venda Augat burt ifraa, meg so hugrædd, at eg ikkje lenger kunde halda det ut aa vera i Laget.
               
Eg sette meg fyr aa stela meg burt, og so liten Lut, som eg tok i Lagets Gaman, tottest det meg aa vera liten Vande aa koma undan paa den Maate. Eg vilde ganga attende til Byen og Morgonen etter paa nytt freista Lukka hjaa Hr. John; daa vilde eg ogso taka meg Mod til aa spyrja honom um den bisnelege graaklædde Mannen. Hadde det daa lukkadst meg aa koma burt soleids!
               
Eg smøygde meg gjenom Tornhegnaden ned yver Bakken og stadnade fyrst paa ei opi grasgrodd Sletta, der eg av Otte fyr aa raakast gangande i Graset saag meg umkverves. Men kor eg kvakk, daa det fyrste, eg fekk Augo paa, var Mannen i Graafrakken, som kom gangande radt imot meg. Han tok strakst Hatten av og bugade seg so djupt fyr meg, som Ingen fyrr i mitt livande Liv hadde gjort. Det var evlaust, at han ynskte aa tala ved meg, og utan aa vera grov kunde eg ikkje hindra det. Eg tok likeins Hatten av, og bugade meg atter og stod der i Solskinet berrhovdad liksom fastgrodd til Jordi. Full av Rædsla nidstirde eg paa honom lik ein Fugl, som er øygd av ein Slange. Han sjølv tottest vera myket raadvill; det saag ut, som um han ikkje ein Gong hadde Mod til aa hevja Augo i Vedret; han bugade seg ymse Gonger, trod nærare og tiltalade meg med laagt, uvisst, skjelvmælt Maal og i eit Tonelag mest som ein Tiggars. "Eg bed Herren orsaka, at - - at - - at eg vaagar meg til - - aa ganga etter Dykk, so litet kjende, som me er! Eg hev ei - - Bøn aat Dykk. Tilgjev naadigast - -" "Men, fyr Guds Skuld! min Herre!" tok eg att'i – i fullt Øgje, "kvat kann vel ein Stakkar som eg gjera til Beining aat ein Mann, som - -" me stussade baade tvo, eg kjende Blodet stiga meg til Hovudet, og, som eg totte, raudnade ogso han i Andlitet. Me tagde eit Bil, men so tok han atter Ordet: "I den stutte Tidi, eg hev havt den Lukka aa vera saman med Dykk, hev eg, min Herre, nokre Gonger – orsaka, at eg segjer det beint fram – med yvervættes Gaman og Undring havt Høve til aa leggja Merke til den fride, fagre Skuggen, som De kastar fraa Dykk i Soli liksom med eit visst Liknøgje og utan aa gaa honom, den gilde Skuggen der ved Føterne Dykkar. Tilgjev min Djervskap! Skulde de vel vilja yverlata meg denne Skuggen Dykkar?"
               
Han tagde, og det var, som um eit Kvernhjul gjekk rundt i Hovudet paa meg. Kvat skulde eg tenkja um det underlege Tilbodet aa kaupa av meg Skuggen min? Han maa vera fraa seg sjølv, orviten, galen, tenkte eg, og i ein annan Tone, som høvde betre til detta Tilstand og hans audmjuke Bragder, svarade eg:
               
So, so! gode Ven, hev De daa ikkje nog med Dykkar eigen Skugge? Detta er daa ein Handel av eit myket sjeldkjømt Slag.
               
Han tok strax att'i: Eg hev i Lumma mange Ting, som kannhenda Herren ikkje vil finna reint verdlause; fyr den verdfulle Skuggen held eg den høgste Pris aa vera laag."
               
Daa eg no vardt minnt um Lumma, kom det yver meg liksom ei Spryta av kaldt Vatn, og eg hadde vondt fyr aa skyna, korleids eg hadde kunnat faa det yver Tunga aa kalla honom, "gode Ven"! Eg tok Ordet paa nytt og freistade aa gjera det fyrre Missgripet godt atter med so stor Kurteise og Audmykja, som eg kunde driva upp.
               
"Men, min Herre, tilgjev Dykkar undergjevnaste Tenar! Eg skynar visst ikkje rett Meiningi Dykkar; korleids skulde vel min Skugge - -?" Han braut meg av: "Eg bed berre um Dykkar Samtykke til aa tora taka upp og stinga til meg den fagre Skuggen; korleids eg gjerer det, det verdt mi Sak. Derimot vil eg lata Herren til Vitnemaal um mi Takksemd Valet millom alle dei sjeldfengde Dyrgriper 1) som eg hev hjaa meg i Lumma: egte Kjelda-Rot, Allrune-Rot, Vekselpengar, Rovdalarar, Salveten aat Roland og hans Felagar, ein Galgemann – men alt detta er vel Inkje fyr Dykk – betre kannhenda Fortunats Ynskjehatt, nyleg og godt uppsett, ogso hans Lukkepung - - -".                                      
 
 
  1) Kostbarheder, gn dyrgripir.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum