Lærarpostar.

 
- I Nore:
1) Klokkarposten ved Hovudkyrkja saman med Lærarpost. Klokkartoll 36 Kr.; i Staden fyr Husvære 60 Kr., ministerielle Forretningar 180 Kr. 3 Kredsar, 36 Vikur Umgangsskule, 8 Kr. Vika og Kost in natura.
2) Lærarposten i øvste Krinsen. 3 Kredsar, 26 Vikur Umgangsskule, 8 Kr. Vika, og Kost in natura.
3) Lærarposten i nedste Krinsen. 6 Kredsar, 30 Vikur Umgangsskule 8 Kr. Vika, Kost in natura. Til Kristiania Biskop og Stiftsd. Nore Skulekom til 1ste Juli.
 
- Lærarpost ved Hølens Aalmugeskule. Løn 800 Kr. attaat Statstillegg. Til Hus 150 Kr. Kristiania Biskop, Hølens Skulekom. pr. Vestby til 20de Juni.
 
- Lærarpost i Budals Kapelsogn, Bjerkelid og Storbudal Kredsar. Umgangsskule 24 Vikur. Løn 8 Kr. Vika. Kost in natura. Trondheims Stiftsd., Soknepresten i Støren til Sluten av Juni.
 
- Lærarpost i Strænderne, Hjørrendfjord, (Sundmør). 35 Vikur Umgangsskule i 3 Kredsar og kannhenda Ekstraskule 3 Vikur. Løn 8 Kr. Vika umfram Statstillegg, Kost in natura. Hjørendfjords Skulekom. til 1ste Juli.
- Umgangsskulelærarpost i Iveland, Frigstad og Egelands Kredsar. 24 Vikur, Løn 8 Kr. Vika, Kost in natura. Til so lenge 2 Vikur fri Skule, Løn 12 Kr. Vika. Kristiansands Stiftsd., Prest Andersen, 6 Vikur fraa 7de Mai.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum