Kristiania, den 21de Mai 1878.

 
Odelsthinget hev vedteket Logi um Laks og Sjoaure, som gjeng ut paa at Ein ikkje skal kunna reint stengja Elvi med Fiskegreidur. – Dissenterlogi, Forslag framsett av Jaabæk og Castberg, vart til Regjeringi til Umbot og Vølsla paa Logi fraa 1845. Castberg og Jaabæk vilde hava sjølve Saki fram no strakst, Regjeringi vilde berre setja ned ei Nemnd til aa grandska det, og det vart baade dyrt og det var ikkje sagt, det kom nokot ut av det likevæl. – Sidan tok dei paa Logforslaget um Forandringar ved Aalmugeskulen, som for det meste gjekk igjenom soleids, som Kyrkjenemndi hadde innstillt. Me kann nemna § 4 um Lønstillegget. Alle faste Lærarar fær i Tillegg 2 Kr. fyr "Undervisningsvika". Er Laagmaalet av Vikeløni fyr Lærarar mindst 8 Kr. og fyr Lærarinnur 5 Kr., fær dei umfram av Statsmidlar: 1) so mykjet um Vika, som Løni av Kommunen vert sett yver det nemnde Laagmaal, inntil 2 Kr. Vika 2) etter 15 Aars trottug og dugande Teneste Læraren 3 Kr., Lærarinnur 2 Kr. Vika.
 
Storthinget hev forkastat Hundelogi med 61 mot 40 Røyster.
 
Ugjerningar. Laurdagsnotti var det 2 fulle Menn, som vart sette fast og havde i same Stova. Daa det leid lenger paa Notti skulde dei hava ein tredje inn i same Romet, men daa hadde den fyrste, som var der, vortet so skamslegen av den andre, so han laag reint vitslaus, og han maatte paa Timen førast til Sjukhuset, og der laag han i Uvitet, til han døydde Sundagskvelden.
 
Uhende. Paa Horten hev det brunnet upp 19 Gardar; dei var trygdade fyr 289,440 Kr.
               
Ved eit Miningsarbeid her i Byen var det nyst ein Arbeidar som vart ihelslegen. Daa dei skulde skjota, vilde han ikkje ganga langt nok ifraa, og so kom det fljugande ein Stein beint mot Skallen hans, so han døydde nokre Timar etter.
 
Paa Voss er det 29 Bønder, som hev sleget seg ihop paa det, at dei ikkje skal beita Innmarki si meir, korkje Haust elder Vaar.
 
Bjørnstjerne Bjørnson hev av sin Godvilje deilt ut Saakorn til 20 fatike Husfeder i Gausdal.
 
Forgiftuge Flugur hev voret framme i Danmark og gjort stor Skade paa Buskapen. Ein Stad vart den 3dje Mai drepet 50 Kyr og 2 Hestar av Bitet deira.
 
17de Mai var det stilt her i Byen, daa det baade var Helgedag og ufyse og vaatt Ver.
 
Eit nytt Verk av Bjørnson, som heiter "Et nyt System" er ventande; men fyrst skal det umsetjast paa tysk og koma ut i Tyskland.
 
Saki med Løberg skal etter hans eigi Bøn havast fyre i Kristiania. Høgsterettsadvokat T. E. B. Heiberg skal forsvara honom.
 
Klæbu Heradstyre ogso hev sendt inn Bønstad til Departementet um aa faa sleppa Bataljonseksisen iaar.
 
I Saaler hev dei no for fyrste Gong fangat Laks; Laksen slepp no langt upp i Glaama gjenom Laksetropperne, som er bygde ved Sarpsfossen.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum