Hestarne vaare.

 
(Ved ein Agronom)
(Framhald fraa No. 24).
 
Underlaaret bør vera sterkt og langt, umpass so langt som baade Millomfot og Hase (Kneet paa Bakfoten). Stutt Underlaar er mindre vrakande hjaa Arbeids- enn hjaa Ridehesten. Musklarne paa Innsida av Laaret maa ikkje smalkna for fort av, men ganga fyllige nedetter og vænt yver i Leggjerne. Daa segjest Hesten hava gode "Brøker." Paa Utsida skal Underlaaret smalna skarpt av ned til Hasen. Underlaaret stemner ovantil nedetter, frammantil bakut – fær dermed Innverknad paa Haseleden -, og utanfraa innetter og gjer daa sitt til, um Fotslaget vert vidt elder trongt.
               
Hasen elder Haseleden aaleitest, so snart Hesten røyver paa seg, og det ligg dermed stort Lag paa, korleids den er lagad. Han maa vera sterk, og derattaat soleids bygd, at han ikkje lett tek Skade. Liksom Framkneet skal Haseleden og vera baade breidare og tjukkare enn dei tilstøytande Bein, daa ein smal Haseled er baade veik og skakjen, Hudi her skal vera glatt og fram, so Makselen paa Leden greidt skil seg ut. Bak skal Lina fraa Hasetippen til Millomfoten vera bein. Ein Pose, som stundom finst paa Hasetippen, heiter "Piphas," og ein hard Knute lenger ned og bak paa Hasen vert kallat "Harespatt" og tyder paa for hardt Bruk. Attmed Underlaar og Millomfot skal Hasen vera paa det breidaste, men holna eitgrand av ovantil nedetter og bakantil frametter, mest paa Innsida. Er Hasen flat, elder kvelvd hin Vegen, er han ikkje trygg fyr Spatt. Ein segjer daa, at Foten ikkje er "rein", og naar det talast um turre, reine Føter, so meinast det slike, som er frie fyr Spatt og Galle. Spatt er eit stort og dessverre aalgjengt Lyte, som Ein maa vara seg væl fyre, daa det gjer mykje til, um ein Hest, og serleg ein Ridehest, er fullt brukfør. Hasen er, liksom Kneet, ihopsett av ymse Smaabein, som er skipa i Lag og sambundne paa ein slik Maate, at dei liksom byter ut Tyngdi og tek av Støyten. Men vert Støyten for hard, so tek Bein og Baand Skade og vert saare, so Hesten ivest med aa leggja si Tyngd paa den Foten, - han haltar, væl helst so lengje Foten er saar. Men av denne Skaden veks det ut smaae Beinknutar, som gjer, at sume Bein veks ihop og fyller ut den fyrr nemnde Holingi i Hasen. Stundom finst det slike rundt heile Leden, stundom berre paa Utsida (Uksespatt); men den rette Spatt er berre paa Innsida. Ein Hest kann godt ha havt Spatt, um han ikkje haltar; men so lengje Sjukdomen varer, elder Hesten "bryt", so vil han plent halta, endaa um Ingenting er sjaaende utanpaa Foten ("usynleg Spatt"). Vil Ein kunna døma, um ein Hest hev Spatt, maa ein fyrst vita, korleids ein rein Haseled skal vera, og so liknar Ein baade Føterne attaat kvarandre og ser um dei er like; for det skulde vera eit sers Treff, um dei baade tvo hadde like mykje Spatt. Er Ein endaa ikkje trygg, kann Ein anten lata Hesten standa stilt ei Stund og so med ein Gong lata honom laupa fram, elder Ein held den eine Foten upp nokot bøygd, og let so braadt Hesten laupa fram. Hev han daa Spatt, vil han i baade Tilfelle halta.
               
Vinkelen i Hasen ligg det og stort Lag paa. Er Hasen rett med paa Lag loddrett Millomfot, so kann nok Hesten vera rask; men ein slik Hase tek ikkje Støyten av vidare, og velder ofta Spatt. Er Hasen krokutt med Millomfoten paa Sned so tek han betre av Støyten, men Hesten vert mindre rask og sterk. Ein rett Hase vil stødt fylgjast med eit snedande (skraatt") elder gjenomtredande Okla ("Kode"), og ein Hase paa Sned med eit bratt Okla.
               
Haseledarne maa stemna rett bakleides, ikkje innimot kvarandre ("Kuhase") elder utifraa kvarandre ("Vidhase"); for detta er baade styggt og tyder paa ymse andre Lyte.
               
Millomfoten, som gjeng i same Leid som Hasen, er baade sterkare og lenger paa Bakfoten enn paa Framfoten. Okla er nokot sterkare og brattare bak enn framme; men detta kjem og mykje an paa Hasen; lika eins er Hoven brattare. Bakhovarne kann hava dei same Lyte som Framhovarne, um inn i mindre Mun.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum