Fraa Tyskland.

 
(Brev til "Fedraheimen").
Berlin den 13de Mai 1878.
 
Som De veit, vardt det no sin Laurdag (11te) gjort ein Mordfreistnad paa den tyske Keisaren. Um sjølve denne Freistnaden vil eg Ingenting skriva, for um den kann De lesa likso godt i tyske Blad; men eg vil fortelja litt um, korleids Bodet um detta Uhendet vart motteket her i Berlin. Ved mangfelde Tilhøve hev eg seet, kor folkekjær den gamle Keisaren er her i Riksstaden sin; soleids vardt sidste Fødselsdagen hans høgtidat med Flagging og Festupplysing paa ein so overlag drusteleg Maate, at det gjekk langt yver den Brudlaupsstasen, som stutt fyreaat var aa sjaa her, og eg meinte daa, at Berlinararne hadde gjort alt det dei kunde i den Vegen.
 
Men Stasen no um Laurdagen var endaa nok slik, og det maatte eit Høve som denne Mordfreistnaden til, fyr at Byen skulde kunna koma i slikt eit Festskrud. Det var eit brikjande bjart Veer, og "Unter den Linden", som med sin fagre fir-radde Lauvgang just no stod i sin beste Bragje, var full av Folk. Klokka var ½ 4, daa Hendet bar til, og som Eld i veset Gras gjekk Gjetordet gjenom all Staden; utanfyr Keisargarden, (Palæet), ein koseleg tvihøg Bygning, vart det i same Stundi samlat ei svær Folkemengd som rædd og tagall stod der og kviskrad um den stygge Udaad; for Ein visste endaa ikkje, um den gamle Mannen var sloppen fraa det med Heilo. Daa dei fekk vita Vissa i so Maate, strøymde Folkehopen ned til den Staden, der Ugjerningen var gjord, og der Skoti hadde sett eit litet Merkje i ein Vegg. Ein halv Time etter Udaaden var heile Gata flagprydd. Dei flaggar ikkje so ofta her; men fer dei fyrst til med det, so gjer dei det til Gagns, og eg hev sjeldan set nokot meir drustelegt enn Unter den Linden den Kveldykti. Folkemengdi vaks derimillom stødt; Serblad hadde ført Bodet ut til Byens ytste Endar; Hopen framfyre Keisarborgi vart aa nyom so tjukk, at det var med Naudi, at dei ridande Politimenn kunda faa gjera Veg fyr Vognarne; Berlinarfolket viste hellest denne Gongen ei Søma, som eg aldri fyrr hev havt Høve til aa rosa dei fyre. Keisarens Ætt og andre, som kom fyr aa helsa og ynskja til Lukka, stimde ustanseleg til, so Tidi tok til aa falla lang fyr Folkehopen. Rett som det var, sette Ein i aa syngja: "Heil Dir um Siegeskranz," og alle desse Tusund song med; sterkare og sterkare gjekk Tonestraumen; "Gratulantarne" innanfyre fekk Lov til aa venta; Dør-Duken drogst til Sides – og der stod den strake, kvithærde Gubben og helsad blidleg til alle Sidur, Lufti skangrad av "Hoch" (Leve!); det var som Jubelen skulde sprengja kvart eit Brjost, og eg vil undrast, um ikkje Keisaren i den Stundi gløymde sin Uhugnad yver, at dei ikkje hadde viljat lata den 81-Aars Gamlingen faa døya i Fred. For den Helsing, han her fekk, var ikkje av desse vanlege Konge-Fagningar etter Skikk og Bruk; men her stod han ands Andlit med sjølve sitt Folk, med sine trufaste Preusserar. Det vart paa nytt ei Rørsla i Folkemengdi; men naar Sume gjekk, kom Andre att; til Klokka 10 var Keisargarden umlægrat; daa Krunprinsen, som – i Snøggom aa segja – er eit Hovud høgre enn alt Folket, kom ut fraa Faer sin, var det snaudt han kunde koma fram; Hoch- og Hurra-Rop vilde ikkje faa Ende, og Uppglødingi naadde Høgdi, daa Keisaren andre Gongen kom fram og helsad. Dei heldt paa og song; i Sluten vart Songen førd av tvo hundrad klaare Barnerøyster; Fedrelandssongar bytte med "Heil Dir" og "Lover den Herre," til dess Keisaren tok stad til Operaen; daa skildest Flokken og gjekk av fyr aa sjaa paa den snøggt tilstelte Festupplysing, og det var sannsagt verdt aa sjaa, naar ein bengalsk Ljoske her og der lyste upp heile Gata med dei tusundtals Flag og straalande glade Folk, som strøymde att og fram under dei breide Lindekrunom. Daa Keisaren kom att fraa Operaen, tok det paa nytt til med Helsingog Fagnadrop, og dei slutad ikkje, fyr alle Ljos i Keisarborgi med ein Gong braadsløkktest. Daa gjekk dei heim – elder ut og tok seg ein "Glederus." Det same Høgtidslag var yver Byen igaar (Sundag) og nokot idag med.
               
Berlin hev i det Heile vist ein so livande Kjærleik til "Sigersgubben", og gjort det paa ein so agande og so sømeleg Maate, at endaa den kaldaste Preusserhataren maatte kjenna ein Godhug fyr dei. Det var ei Uppgløding av Takk mot honom, som, sjølv ein Manndoms Mann, hev ført eit Manndoms Folk til Siger og Sjølvkraft.
                                                              
d.
 

 

Frå Fedraheimen 22.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum