Utlandet.

 
Det er Sjuvalofs Ferd til St. Petersborg, som vert mest umtalad i Tidenderfraa Utlandet no um Dagen. Hans Ærend er aa gjera det ryske Styret kjent med dei Avbrigde, England krev i San Stefano-Semja. Desse Avbrigde synest ikkje aa vera so reint smaae, etter som Gjetordet segjer. I Asia skal Turkiet verta haldande Bakum, fyrdi det er soleids tilliggjande, at um Russland fekk det, vilde det opna baade Herveg og Handelsveg fyr det "ned til Mesopotamia og Persarviki." Bessarabia skal verta verande, som det er, rumænsk Eigedom. Fyrstedømet Bulgaria skal ikkje strekkja seg sunnanfyr Balkan; Ryssland hadde her dreget Landskilet soleids, at det ikkje var lagt minste Lag paa Interesse aat andre Folkeslag enn det slaviske. I dette Kravet skal England hava god Stydning av Frankrike; dette er no fyr Tidi det megtugaste Medelhavsrike og det vil ikkje finna seg nøgd med, at Ryssarne beinveges elder umveges trengjer seg fram til Medelhavet og fær ei Hamn der; og paa Tal um Bessarabia, so vil venteleg Austrike-Ungarn, endaa det til dessa held seg atter, samlaga seg med England til Slut. England skal vera viljugt til aa lata Floten sin ganga attende til Besikaviki; men so krev det, at Ryssarne til Gjengjeld skal draga sine Herar nordum Balkan. Turkarne hev gjort Vringlor med aa røma Festningarne Sjumla og Varna; Todleben hev no skræmt deim med det, at han vilde hersetja Konstantinopel, vistsom dei ikkje gav upp Festningarne paa Timen; men han lovad ut, at naar det var gjort, vilde Ryssarne ganga attende til Lina Adrianopel-Dedeagatsj og røma Erzerum. Osman Pasja hev upplyst, at den turkiske Heren ikkje var god-til aa hindra Hersetningi.
 
Mordfreistnad paa Keisar Vilhelm. Laurdags Ettermiddag Kl. 3 ½, daa Keisaren skulde heimatt fraa ei Kjøyreferd med Storhertuginna av Baden, vart det skotet fleire Revolverskot imot Honom fraa "unter den Linden". Keisaren vart ikkje raakad. Gjeraren vart gripen paa Flekken. Det var ein tjuge Aar gamall Bleksmed fraa Leipzig, som heiter Emil Hødel elder Lehmann. Han neittar, at han hev skotet paa Keisaren; han vilde berre skjota seg sjølv der unter den Linden, sagde han, fyr aa visa Rikmennerne Laakskapen i det Tilstandet som er. Han sagde seg aa ikkje høyra til nokot politisk Parti; han var ein Fiende av alle desse og av det noverande Samfundstilstand. Dei fann fleire socialdemokratiske Skrifter baade paa honom og heime hjaa honom, Medlemskort til fleire socialdemokratiske Samlag og Bilæte av Socialistførarom Bebel og Liebknecht. Fyr Keisaren vart det gjort myket til Høgtid, kvar han viste seg sidan um Dagen.
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum