Rispur.

 
Hjaa henne Anne i Mo tek Kyrkjefolket inn etter Messa og fær seg Kaffe. Ein Sundag kom det ein Lesar. "Eg tykji rett ikkje eg ber stort me' meg heimatt fraa Kyrkjunn' idag", sukkad Lesaren. "Aa du hev full' ikkje noko aa ha 'ti", svarad ho Anna.
 
Regla. Det sat 'n Knut og knytte ein Knut, so kom 'n Knut og spurde 'n Knut: Ko d'er du gjer, du Knut? Eg sit og knyter 'n Knut eg, sa 'n Knut aat 'n Knut. Det vart mange Knutar det, sa 'n Knut aat 'n Knut att.
                              
Ein Prest og ein Drikkar hadde Fylgje framum ei Aa; nedmed den stod ein Stut og drakk. "Sjaa der", sagde Presten; "det umælande Dyret er mykje klokare enn du; det drikk aldri meir enn det treng, og so gjeng det fraa Vatnet att." "Kann so vera", meinte Drikkaren, "men tenk no, at det kom ein annan Stut nedaat Aai og nikkad til den fyrste og sa "Skaal!" – so vilde eg sjaa paa Karen, um han kunde halda seg!"
 
Guten so va landlyst.
De va ein Gut ei Gaang, so Kungen hadde lyst ut or sitt Land o Rikje. Guten lakka i Vegen, men daa han va komen eit Stykkje fraa Heime, smatt han aav inni ein Maraskrøtt, so trefte te liggje att me Vegabradde. Um ei liti Ri kom Kungen sama Leie o fekk so sjaa hono, so sat tvikrokutt inni Maraskrotte. "Kost e detta," sa Kungen, "ha kji e lyst de ut or mitt Land o Rikji, o no sit du der?" "Ja e her dit Land o Rikji, so ska e ut o du innatt i" svara Guten.
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum