Peter Schlemihl.

 
[Del 1 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
               
Motto: "Verscherzt ist dem Mensch des Leben Frucht, So lang er die Schatten zu haschen sucht". Schiller 1799.
 
Men: "Songez au solide," dvs. Pass vel paa Skuggen! Chamisso 1837.
 
Lang og hard var Sjoferdi, men heppeleg var ho, og eg naadde umsider Hamn. Strax Baaten sette meg i Land, tok eg Skræppa paa Nakken, skauv meg fram, so godt eg evlde, gjenom den yrjande Folkemengdi og gjekk inn i det fyrste det beste Huset, der eg saag Herbyrgstavla hangande. Eg bad um eit litet Visterom, Tenaren mælte meg med Augo og førde meg inn i eit litet Kott høgt uppe under Taket. Eg bad um reint Vatn og gløymde ikkje aa høyra etter, kvar Storhandlaren, Skipseigaren og Godseigaren Thomas John budde. "Utanfyr den nørdre Porten i det fyrste Landhuset paa høgre Handi, eit stort, nytt Hus av raud og kvit Marmor med mange Pilarar", var Svaret. "Vel." Det var enno tidleg Dags; eg snørde strax upp Skræppa, tok or henne den snudde svarte Kjolen og iførde meg den beste Klædebunaden, eg hadde, stakk til meg Verndebrevet fraa Morbror min og gav meg paa Vegen aat den Mann, som eg vonade skulde verda meg til Framhjelp i Verdi.
 
Eg gjekk den lange Nordgata og naadde snart Porten. Der saag eg Pilararne skimta fram gjenom Grøndi. "Altso her", tenkte eg. Eg viskade Duften av Føterne med Lummeduken, sette Halsklædet i Skikk og vaagade meg til aa draga i Klokkestrengen. Hurdi sprang upp. Der laut eg no fyrst halda ut eit Forhøyr av Portvaktaren. Men han let meg daa umsider melda, og eg hadde den Æra aa verda innboden i Hagen, der Hr. John heldt til med eit litet Gjestelag. Eg kjende Mannen paa Bragderna; Andlitet, som lyste av Sjølvvyrding og Byrgskap sagde meg strakst, kven Verten var. Han fagnade meg vel – som ein Rikmann av dei fyrste ein faatøk Stakkar, vende seg endaa aat meg, utan daa aa venda seg burt fraa dei hine, og tok imot det Brevet, eg heldt fram. "So, so, fraa Bror min; det er lenge sidan eg høyrde fraa honom. Han liver no vel?" "Der", heldt han fram, vend imot dei hine Framande, "der læt eg byggja det nye Huset." Han braut upp Sigillen, men vardt ved aa røda, og Røda gjekk mest um Rikdom og den Magt Rikdom gjev i Verdi. "Den som ikkje er Herre yver i mindsto ein Million", sagde Hr. John "han er – orsaka Ordet – berre ein Tufs." "Aa, kor sannt!" tok eg att'i med full yverfløymande Kjensla. Detta likade han synleg vel; han mylte til meg og sagde: Verd her, Frende, seinare hev eg kannhenda Tid til aa segja deg, kvat eg tenkjer um detta – han peikade paa Brevet, som han stakk i Lumma, og vende seg atter aat dei hine Gjestarne.
 
Han baud Armen aat ei ung fager Dros, andre Herrar gjorde likeins, det var Damur nog, fagre var dei alle, og Gjestelaget gav seg av Stad til Haugen, som var kringvaksen med ein livande Hegnad av fagre Hagtorn med blømande Rosur.
 
Eg gjekk sisst av alle og fall Ingen til Tyngsla; for ingi Saal gaadde meg det mindste. Laget var gladlaatt; dei spøkte og skjemtade, mælte stundom aalvorsamt um lettvise Ting, oftast lettvist um aalvorlege, og allvisst gjekk med stort Gaman Skjemtet ut yver fraaverande Vener og deira Umstand. Eg var for framand til aa hava Skynsemd paa det meste av det, som vardt sagt, for sorgmod og hugbroten til aa finna Gaman i aa løysa Gaatur.
 
Me hadde naatt Tornhegnaden. Den fagre Fanny, Dagens Stjerna som det tottest, vilde av Eigenlune sjølv brjota av ei blømande Risla; ho saarade seg paa ein Torn, og liksom or den myrklitade Rosa flaut Purpur ut yver den fine Handi hennar. Detta Hendet sette heile Laget i Røra. Det vardt Spursmaal etter engelsk Plaaster. Ein stillferdug, grannvaksen, høg, mager, gamalvoren Mann, som eg ikkje hadde sett fyrr, stakk Handi ned i den ange ørlitle Ytterlumma paa den gamalfrankiske Frakken sin av graa Taft, tok ut ei liti Brevtaska, opnade henne og rette Drosi med eit audmjukt Bukk Plaasteren. Ho tok imot honom utan Merksemd fyr Gjevaren og utan Takk. Saaret vardt forbundet, og me gjekk lenger upp aa Haugen, radt til Toppen, til aa njota det vide Utsynet yver det storlagde Landskapet og det umælelege Havet.
 
Utsynet var baade stort og fagert. Me augnade ein bjart Prikk i Synsmaalet millom det myrkvorne Hav og Himmelens Blaae. "Ein Kikar hit!" ropade Hr. John, men fyrr Tenararne vann so myket som aa snu seg ein Gong, hadde den graaklædde Mannen, bugande seg djupt og kravlaust, stunget Handi ned i Frakklumma og or henne teket fram ein gild Dolland. Hr. John sette Kikaren strakst fyr Augat og kynnte Laget, at det, som me tekte, var det Skipet, som hadde siglt av Dagen fyrreaat, men som Motvind heldt att i Hamnmynnet. Kikaren gjekk fraa Hand til Hand, men kom ikkje att til Eigarmannen. Eg bisnade paa Mannen og kunde ikkje skyna, korleids den store Maskina hadde kunnat faa Rom i den litle Lumma, men detta tottest ikkje vera underlegt fyr nokon, og ingen tottest gaa meir den graaklædde Mannen enn meg sjølv.
 
Forfriskningar vardt kringbodne, den mest sjeldfengda Alda fraa alle Jordstrik i dei kostsamaste Fat. Hr. John viste dei Framande Æra med lett Kurteise1) og vende paa nytt eit Ord ogso aat meg. "Ver so god og tak fyr deg", sagde han, "detta hev du ikkje havt paa Sjoen." Eg bugade meg, men han saag det ikkje, han rødde alt med ein Annan.
 
Laget ynskte aa slaa seg ned paa Graset ved Avhanget av Haugen mot det utspennte Landskapet, men vaagade det ikkje, daa Jordi var litet doggvaat. "Det vøre ovgildt", sagde einkvar, aa hava eit turkisk Teppe her aa breida ut. Ynskjet var knapt uttalat, fyrr Mannen i Graafrakken var med Handi nede i Lumma og med audmjuke Bragder tok fram or henne eit ovgildt gullverkat turkisk Teppe. Tenararne tok imot det, som skulde det so vera, og breidde det ut paa Haugen. Laget tok utan Umstand Plass paa Teppet, eg derimot saag mest vitskræmd paa Mannen, Lumma og Teppet, som mælte yver tjuge Stig i Lengdi og ti i Breiddi, og gneid Augo, uviss um, kvat eg skulde tenkja, so myket meir som Ingen tottest finna nokot sermerkt korkje ved Mannen elder Gjerdi hans.
 
1) Kurteise: upphavleg Fransk av coûr (Hov), men brugt her i Landet fraa gamal Tid=Dansk: Høflighed, Belevenhed.
 
 

 

Frå Fedraheimen 15.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum