Utlandet.

 
Det er ikkje likt til, at det enno hev vortet nokor Greiding av Millom været millom Ryssland og England. Ei Vend er truleg snart ventande, anten det no vert til Krig elder Fred. Den ryske Sendemannen i London Greiv Sjuvalof si Reisa til St. Petersborg vert, som fyrr fortalt, teki fyr eit Fredsteikn av dei fleste; den Segni, at han skulde løysa av den sjuke Rikskansleren vert motsagd likevel; etter "Politische Correspondenz" kjem han til den ryske Hovudstaden berre fyr aa sjølv bera Bod um det engelske Riksraad sine Raadgjerder og Krav. Um det enn er aa halda fyr visst, at Ryssland er viljugt til aa gjera vigtuge Ettergjevnadar, so hev desse litet aa segja, solenge Ryssland neittar aa leggja fram heile San Stefano-Semja paa Kongressen, elder solenge England held fast ved dette Vilkoret fyr aa ganga inn paa aa tinga likefram med Ryssland. I eit Brev fraa Wien til det engelske Styresbladet Standard er det visstnog sagt, at Tyskland skal ha bodet til aa leggja heile Semja fram paa Kongressen i Staden fyr Ryssland, so baade Partar kunde verta nøgde; men denne Tidendi er av tvilsamt Upphav. Times sin Brevskrivar i St. Petersborg, Wallace, synest aa ha visst nokolite god Greida paa, kor langt Ryssland var viljugt til aa ganga med sine Ettergjevnadar; Styrebladet Agence russe segjer, at han hev teket for sterkt i og gjenget for vidt, men legg til, at Ryssland hev sagt seg viljugt til aa koma England til Møtes, naar berre Fyremaalet med Krigen vert naatt. Wallace sitt Brev er det same Times-Stykkje, som me nemnde sidst, og me tek det upp her i ein fullare Skapnad: Det ryske Styret er viljugt til aa gjeva etter stykkjom-til, naar berre Hovudfyremaalet med Krigen, aa fria dei Kristne, vert naatt, og det vert aabyrgslat Ryssland ei maateleg Bot fyr dei Offer, det hev gjort. Dei ryske Nemndemenner kann verta umbytte med ei europæisk Nemnd, den ryske Hersetningi kann verta minkad og stytt, det nye Bulgaria kann verta deilt i tvo Luter, som Lord Salisbury fyreslog paa Konferensen i Konstantinopel, Krigsskadeboti kann visstnog ikkje verta nedsett, men det kann skapast eit europæisk Syndikat med den Fyreloga aa taka i Vare Interesse aat eldre Kravsmenner, i Asia krev Ryssland berre Kars og Batum, og i Bessarabia vil det nøgja seg med den Landremsa, som hev berre ryske Ibuarar." Desse Tilbodi viser iminsto Leidi, som Ryssland er viljugt til aa ganga fyr aa koma til Semjing med England, um dei enn ikkje er endetil framsette. – Dei sidste Tilbodi fraa Rysslands Sida skal vera Ryssekeisarens eiget Verk, so det er trulegt, at dei er endelege, og at Ryssland ikkje vil tøygja seg lenger, enn som der er gjort.
 
Det engelske Underhuset kom saman att etter Paaskehelgi Maandagen den 6te Mai, og Fyrespurningarne um det orientalske Spursmaal hev strakst vortet uppatt-tekne fraa Motstandssida. Dei Uttalor, Skattmeisteren Northcote gav paa fyrste Handi, var ikkje mykje upplysande, annat enn med di at dei stadfeste, at det er "livande Tingingar" i Gang millom Ryssland og England, men um Arti av desse Tingingar vilde ikkje Ministeren upplysa nokot, daa "eit Ordskifte um detta i det Bilet vilde vera skadelegt fyr Landsens Interesse." Den 7de sagde Northcote, at han heldt fast paa dei Uttalor, han hadde gjort fyre Helgi. Politiken aat Regjeringi var uforandrad og det var ingen Grunn til større Hugsott. England hadde stødt ei fredleg Løysning fyr Auga, og endaa det ikkje var Grunn til aa meina, at ei slik Løysning var mindre truleg no enn fyrr, kunde Voni likevel gleppa, og det var difyr Naud paa aa taka Fyregjerder til Tryggjing. Det er naturlegt, at Motstandsflokken serleg hev Augat paa den Krigs-Demonstration, som er verksett i Helgi: Yverførsla av indiske Herfolk til Europa; men helder ikkje dette vilde Ministeren ganga inn paa. Fawcett lyste deretter upp, at han vilde fyreslaa, at Huset lagde ned Forbod mot aa bruka dei indiske Herfolk utan Samtykkje av Parlamentet, vistsom ikkje eit Medlem med meire Vegt enn han vilde taka paa seg denne Skylda.
 
Fraa Berlin er telegraferat til "Nene freie Presse": I dei militære Lag er den Meiningi raadande, at Rysseheren er so stadd, at han er udugleg til aa taka paa med ein ny stor Krig, og denne Meiningi kviler paa Tidender, som den store Generalstab hev fenget fraa dei tyske Sendemenner i Konstantinopel og St. Petersborg. Iser er Tilstandet aat den Heren, som stend synnanfyr Balkan skildrat reint utor Maaten syrgjelegt. Alle Bataljonar og Eskadronar er tynnte av Sjukdom, og dei fleste Regiment vantar meir enn Helvti av Offiserarne sine. Hestfolket og Artilleriet er berre til Deils i Stand til aa gjera nokor Tenesta, avdi at Hestetalet er so minkat, at det, med alle dei store Sendingar fraa Ryssland, likevel vil vera umoglegt endaa paa lang Tid aa faa Raderne fulltallege. Ved ei snar Attervending maatte dei gjeva upp heile Batteri elder faa dei fram med Uksar. Talet paa Sjuke og ugrødde Saarade, som skal førast heim, er so stort, at Hjelpetrænet rekk ikkje til. Det hev ogso fallet til ei lang Stadning i Sendingi av Krigsdoning, so den ryske Sudher vil vera faarleg stadd, ifall han skal brjota upp. Tsaren skal difyr og ha lagt General Todleben serleg paa Hjarta, at han skulde freista aa retta paa desse Tilstandi. I Ryssland gjer dei i Stand nye Reservebataljonar (48 til dei 132, dei hadde fyrr) og nye Reservebatteri, men Herbunaden deira skal vera fælt laak, og det at dei vantar Offiserar er dubbelt galet, naar det gjeld desse lite upptamde Mannskap. Ryssarne driv i harde Tak med aa faa i Stand Kryssarar. Dei køyper ogso upp snøggsiglande Skip i Amerikaog gjer um til Kryssarar. Assuransen paa dei engelske Handelsskip hev alt dyrnat 2 paa Hundrad.
 
Den bonapartistiske Flokken i Frankrike hev vortet usams innbyrdes, og det hev ført til det, at eit nytt Parti hev lagat seg saman, som freistar aa taka inn ei Millomstelling millom Bonapartisme og Republikanisme. Dess fyrste Herrop er "Krig mot Rouher." Raoul Duval og Prins Napoleon er med bland Førararne. Republiken fær fastare Fot fyr kvar Dag, som gjeng.
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum