Notisar

 
Odelsthinget hev i dei sidste Dagarne havt fyr seg Forslag til Log um Vaartorskfiskingi ved Sundmør.
 
Storthinget hev haldet paa med Innstillingi fraa Jarnvegsnemdi um Pengetilskott til private Dampskipslag. Innstillingi vart samtykt med sume Forandringar, etter at det fyrst var ordad um Saki i det heile, um Staten skulde driva nokot vidare paa med aa gjeva slike Tilskott, med di Sume fann at det ikkje var verdt aa lata til nokot større, minders Bygderne sjølv lagde til Helvti, daa var det ogso betre aa setja upp Reisetaksteren so dei kunde tena meir med det. Andre derimillom Joh. Sverdrup meinte, at Bygderne gjorde nok, og at det ikkje gjekk an aa setja upp Taksteren. Det var daa især til dei lange Ferderne dei syntest, Staten maatte hjelpa. Sidan hev dei havt fyr seg ymse Pengesaker, Innstillingar fraa Budgetnemndi, Kyrkjenemndi og Vegsnemndi, som hev gjenget radt for det meste, herav kann me nemna, at det vart gjevet 1200 Kr. til Organist Lindeman til Samling og Utgjeving av norske Folketonar, og 2000 Kr. til Kand. Ross fyr aa reisa umkring i Bygdom og studera Spraak og Maalføre.
 
Lesja Heradstyre vil senda inn Søknad til Regjeringi um aa faa sleppa Eksisen i Aar fyr Skuld dei tronge Tiderne; dei hev ogso bedet dei andre Heradstyre i Gudbrandsdalen um aa gjera det same.
 
Paa Smaalensbanen hev det gledet ut no att paa den same Staden som fyrr; Ufyllingi etter den fyrre Skrida, som dei no hev haldet paa med i 14 Dagar, sig ut yver Svadberget og til Bottens att.
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum