Hestarne vaare.

 
(Ved ein Agronom)
 
(Framhald fraa No. 22)
 
Øvst paa Framlimerne hev me Bogen elder Aksli, som hev sitt Sæte fremst paa Brjostet. I Bogen er tvo Bein, Akslabladet og "Yverarmen"; dei gjeng ihop i ein Vinkel. Bogen skal vera lang og liggja paa Snid ("skraat"), og daa fylst han stødt med eit djupt Brjost med flate Sidebein og høg Mankje. Er Brjostet laagt med rund Mankje, vert Bogen stutt og bratt. Paa ein lang Bog vil Akslabladet snida ("skraa") meir, Vinkelen millom det og Yverarmen vert daa trongare (meir "spids"), og vil soleids, naar Hesten løyp, taka av Støyten betre enn ein bratt Bog, som og gjev Akslabladet liten Studnad i Manken. Ein bratt Bog segjer Ein ligg "fast", medan den snidsette segjest liggja "laust", - endaa um Sambindingi med Brjostet er sterkare, Segarne gjeng vænt yver i Halsen og gjev Selen ei god Læga og heile Hesten ser betre ut.
 
Yverarmbeini maa liggja jamlaupes (parallelt) kvarandre paa alle Kantar, um Framføterne skal faa sitt rette Lag. Underarmen bør vera breid, sterkbygd og lang, standa loddrett fraa Yverarmen ned til Kneet og smalna fint av nedetter. Daa ein lang Underarm altid fylst med ei lang Aksl, vil han vera Merkje paa, at Hesten er fljot elder rask. Tjukk, um enn stutt, Underarm er likevæl ikkje lastande hjaa Arbeidshesten, naar der berre er det rette Høve millom Fram- og Baklimer.
 
Kneet er ihopsett av mange Smaaledar og hev stor Innverknad paa Fotfeste og Rørsla hjaa Dyret. Det maa vera sterkt og breidt aa sjaa til baade frammanfraa og fraa Sidom og hava same Stemna som Underarmen, men er likavæl breidare enn baade denne og Millomfoten ("Leggen"). Hev det eit annatvoret Lag, so tyder det paa Magtløysa elder Larveskap ("Slaphed") og er gjerna meir skakande. Er Kneet frambøygt, er det Merkje paa veike Segar og vert kallat Bukkakne; bøygjer det hin Vegen, so er Hesten "sabelføtt", men Lyte er det same. Til rett aa kunna døma eit Kne maa Ein vita Greida paa det rette Lag paa Framlimerne hjaa ein vælbygd Hest. Til Rettleiding kann det vera sagt, at naar ein tenkjer seg ei Lina fraa "Kambknuten" (ein liten Knute paa øvste Tredieparten av Akslabeinet) loddrett nedetter, so skal denne Lina ganga gjenom Olbogleden, Underarmen, Kneet, Millomfoten og Oklaleden ned i Marki. Denne Lina heiter Framlims-Fallina. Millomfoten er stuttare enn Underarmen; han skal standa loddrett og sedd frammanfraa vera smal, men sedd fraa Sida breid, daa dei Segar, som ligg paa Baksida skal vera sterke og strame, men merkja seg ut fraa sjølve Beinet med liksom ei liti For imillom.
 
I Samfeste millom Kneet og Millomfoten maa ikkje denne knipa for braadt av; det tyder paa veika Segar. Haar og Hud skal vera mjuke og fine. Ofta finst det paa Millomfoten smaae Hornknutar; dei tyder paa ymse Lyte i Rørsla og gjere Hesten snar til aa halta; dermed maa Ein sjaa væl etter slike. Nedanfyr Millomfoten hev me Taai (for det er berre sjølve Taai, Hesten tred paa), og her skil Ein millom Okla ("Koden") og Hoven. Okla kann Ein daa rekna fraa Enden av Millomfoten til øvste Kanten av Hoven ("Kruna"). I Samfestet med Millomfoten gjer det ein Vinkel, "Oklaleden" ("Kodeledet"). Detta kjem daa til aa bera heile Hestens Tyngd, og daa spyrst det um sterke Segar. Okla skal og vera med og taka av Støyten, naar Hesten løyp, og gjer detta meir elder mindre etter som det er langt til. Er det dugeleg langt, so vert det meir paa Sned og tek Støyten best av, men leitar Segarne meir, so Hesten snart trøytnar. Er det stutt, vert det og brattare, og daa vert Hesten skakjen aa rida paa. Er det reint bratt, heiter det "framstikkande"; hev Hesten attaat Bukkakne og bratt Hov, so kallar Ein detta "Overkodning." Oklo maa vera sterkbygde, helst i Leden, og ganga jamlaupes, so dei korkje stemner til elder fraa kvarandre.
 
Okla og mest Oklaleden hev mykje med Sjukdomar (Galle, Senegalle, Ledgalle, uppløpne Bein). Desse gjer Hesten halten, er vonde aa heila og kjem snart att, so dei maa vrakast gløggt. Nedmed Kruna, som er nokot høg, er titt ein hard Kant, som ein kallar "Ringfot". Det er Beinutvokstrar, som hev gjort at Okla og Krunbein hev vakset ihop, og er eit styggt Lyte, som jamt gjer Hesten halt, naar han vert brukt nokot. Kruna er mykje næm av seg; trykkjer Ein paa henne med Foten, vil det syna seg, um Hesten er livleg, "taaleg" elder tung.
 
Hoven maa samhøva i Storleik etter dei andre Limer. Han maa og snida rett, so han ikkje vert korkje flat elder bratt. Er han bratt, vert Hesten gjerne tronghøvd. Undersida skal kvelva vænt fraa Utkantarne upp mot Miden, so berre sjølve Hovrondi (ytste Kanten) tek i Marki, naar Hesten gjeng. Skoen maa høva gløgt etter denne Hovkanten. Smeden fær venja seg av med aa hogga Hoven til etter Skoen og helder sjaa aa laga Skoen etter Hoven. I det Heile skal Ein liiva Hoven fyr Kniven og helder lata Hestarne ganga uskodde bilimillom, naar dei ikkje vert brukte paa Aurvegjer elder steinsette Gatur. Den bakre Enden av Hoven maa ikkje vera for hardt innknipt, so Endarne av Hovkanten kjem for tett innaat kvarandre; det tyder paa Tronghov og kjem seg oftast av uvitug Skjering og Skoning av Hoven. Hellest skal Hoven vera glatt og heil.
 
Baklimerne er baade sterkare og kunstigare byggde enn Framlimerne, av di dei baade skal vera til Studning fyr Kroppen og til aa driva han fram. Krysset kann som fyrr nemnt, reknast med til Buken. Det umgrendsar Mjødmeskaali ("Bækkenhola"), og gjer mykje til korleids Ryggen ser ut, alt etter som Krossbeinet og dei øvste Halekvervlar er lagde. Krysset skal hjaa ein vælbygd sterk Hest vera stort, breidt, langt og flatt ("firkantat"). Naar Krysset er langt, vert Halen høgsett, og det er eit vigtigt Merkje paa, um Hesten hev lett fyr aa samla seg, elder um han er tvinten og snar til aa snaava. Eit slikt Kryss vil og gjeva godt Sæte fyr Musklarne og altid vera rett elder jamt, motsett "kvasst", "avskjotande". Det vil og fylgjast med eit langt Underlaar og lang Millomfot, som gjer Sitt til ei lett og spenneleg Rørsla. Er Krysset stutt, so er det gjerna altfor avrundt, avstikkande, med laagsett Hale; alt detta tyder paa liten Styrkje, Tyngd og Ustødskap. Krysset skal vera so langt som Bogen og helder væl det. Breiddi som er Merkje paa Kraft, skal vera midt imillom Breiddi paa Bringa og største Breiddi av Brjostet. Smalt Kryss er lastande, helst hjaa Fylmarar. Lika eins er skjeivt Kryss eit styggt Lyte, tyder paa Sjuklegdom i Kryss elder Kropp. – Laaret gjeng fraa Mjødmeleden paa skjøns frametter til Kneleden, som ligg i same Flata som Olbogleden. Det skal vera fylligt og langt med kraftigt utvaksne Laarmusklar, so Romet fraa Rumpebeinet til Underlaaret vert fyllt, og Millomkjøtet vert breidt. Laari maa sitja heilt jamlaupes kvarandre; stemner Framenden av Laaret utetter, kjem Føterne for vidt fraa einannan, og umvendt. Kneet skal liggja slik, at ei rett Lina fraa Krossbeinet skal ganga gjenom Kneled og Oklaled ned i Marki. Denne Lina heiter Baklems-Falllina. Veike tunne Laar er eit visst Merkje paa ein veik Hest. Til aa vissa seg um, at Kneet er lytefritt, maa Ein røyna Hesten nøgje.                                        
 
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum