Brennevin og Tobak.

 
I.
 
Misbruket av Brennevin og Bayerøl hev no vortet so stort, at Alle maa sjaa og skyna det; det vert og med Kraft motarbeidt, iallfall i Byarne. Paa Landet finnst det nok enno Folk som trur, at der er Styrkje i Brennevin. Og andre held paa det av andre Grunnar elder av rein Tankeløysa. Eg saag nyleg eit Brev, som var merkjelegt i denne Vegen og radt gjorde meg fælen. Mannen, som Brevet var fraa, er ein dugande Mann; den, som Brevet var til, Maagen hans, hev og eingong voret ein dugande Mann, men er no den armaste Krypen eg kjenner, sjuk og øydelagd av Drykk og av andre Udygder, som fylgjer med den. No skulde Ein venta, at detta Brevet maatte innehalda einkvart Aalvorsordet imot Drykken, som slik hev gjort Ende paa ein god Mann, den einaste Broeren aat Brevsendarens eigjo Kona. Men veit du kvat det inneheld? – Eit Klagemaal yver, at eit av dei største Brennevinsbrenneri no stend stilt, so Folk ikkje fær "Drank" til Kjyra! Tilslut stend det paalag slik: "Eg skynar ikkje, kvat dei Folk tenkjer paa, som vil hava Brennevinet vekk. Kvat skal Folk berga seg med paa Landet, naar dei ikkje hev Drank!" I eit annat Brev jamrar han fyr, at Brennevinet no er so billegt, at det løner seg ikkje aa brenna det. Og so fær ein ikkje Drank. Han veit, at Kona hans gjerna gav alle sine Kjyr, um ho kunne berga Broer sin ifraa Brennevinet. Han veit, at Brennevinet tek Helsa og Æra og Liv og Alt ifraa denne Stakkaren. Men likevæl! – So tjukk kann Tankeløysa vera.
 
Men me skal ikkje undrast for mykje. Naar ein norsk Prest i det Aar attan hundrad og nokle og sjauti kann svara ei stakkars Enkja, som jamrad seg fyr Son sin, at han drakk so fælt, so ho var rædd han skulde faa Tæring liksom Faer hans: "Nei, min gode Kone, Brendevinet styrker just hans Bryst, det!" – so er det rimelegt nok, at Folk brenner; for det vøre bra aa faa "sterke Brjost" – og feite Naut. Det gjer meg godt alt inni Hjartat aa kunna fortelja um ein annan Prest, som tok det paa ein annan Maate. I eit stort Lag sagde han til ein tjukk Bonde, som kjytte av Brennevin til Maten, at det var Synd aa drikka Brennevin. – Andre Dagen kom det ein Embættsbroer til denne Presten og formanad mot slike "haarde Udtalelser", og det glapp nok Ord um "aandeligt Hovmod" og slike Dygder og. "Ja", sa Presten, "det er nok altfor sannt, at eg er freistat av den Synd som av so mange andre, og kann der vera Hjelp mot den i aa drikka Brennevin, so skal eg taka fraa aa drikka i denne Dag!" – Det er ikkje sagt, nu hin torde gjeva den Raad mot aandelegt Ovmod. –
 
Men med alt detta fer daa den sterke Trui paa Brennevinet til aa veikna paa Landet og, og det er Von til, at det ikkje lenger er haldet fyr Karsstykkje aa hava Brennevinsflaska med seg til Kyrkja. Det skulde vera ei Furda, um Bonden vaar ikkje snart skulde faa Auga paa, at denne Drykkjeflaumen tek fraa oss baade Magt og Merg istadenfyr aa "styrkja." Væl hev me ei Luft so helsesam, at det skal leitast etter Maken, og Gjeiti gjev ein Drykk fyr klene Brjost, som eig ein heilt annan Lækjedom enn den, hin Presten trudde paa; men me er no ikkje hogne or Berget helder, og ein kann godt sjaa Skil paa Bygderne etter som dei brukar mykje elder litet Sterkt til. Eg minnest, at eg som Unggut var baade glad og byrg av, at det fraa mi Heimbygd ikkje vart ein Einaste styrd fraa Kongens Tenest det Aaret eg vart innskriven. Men fraa Grannebygdi vart mange styrde, og Gutarne derifraa var baade smaae og graae, reine Armingar aa sjaa paa. Doktaren sagde det kom av, at dei drakk Brennevin og røykte Tobak fraa Barn av. I mi Bygd drakk Folk i den Tid litet og inkje. –
 
Og so godt som me kunde vera det fyrutan! Endaa i Lag kunde me greida oss, og det godt. Foreldri mine var Haugianarar og trudde at all slik Moro var Synd; men eg trur, dei heldt det fyr ei lito Synd den eine Gongen eg var til Dans og ikkje dansad annat enn Halling og ikkje smakad Brennevin. Eg hadde voret i Byen eg, maavita, og lært aa "turna," og ein tjuge Aars Gut er mjuk, naar han vert varm og Gjentegarden stend undren ikring og Kameratarne eggjer. Eg vilde syna dei, at det gjekk fyr seg aa dansa ægte Halling utan Eldvatn aa stiva seg upp med, og eg tenkjer dei hadde godt av aa sjaa det. Det er ei stor Armod her hjaa oss, at me ikkje skal kunna halda Gaman paa noko Vis utan aa drikka oss øre. Kvar frisk Gut maa sjaa, at detta er ei Skam. Det vert snart berre Armingarne, som maa "stiva seg upp" med Sterkt fyr aa duga til nokon Ting. Dei, som der er Liv i, greider seg utan slikt.
 
Til Slut – berre eitpar Tal! Me kann ikkje vera nokot Fatikfolk me, som drikk upp fyr ikring 30,000,000 - treti Millionar – Kronur fyr Aaret i Øl og Vin og Brennevin. Me kann ikkje vera nokot Fatigfolk me, som fører inn burtimot 2,000,000 Potter Brennevin og Spiritus, av di me ikkje kan berga oss med dei 6,887,454 Pottur, me brenner sjølve! – Kor mange Lærarer, Skular, Lesesamlag, Blad og Bøker og andre gode Ting, som me no ikkje hev "Raad" til aa halda oss, kunde me ikkje faa fyr alle desse vælsigna Pengarne, som no berre øydest burt til Skade og Synd! Prøv aa rekna ut detta, gode Lesar.
 
Og so skal eg i næste Brev fortelja deg litegrand um Tobakjen og um – "Tobaksskillingen."
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum