Bagemaagjin aa hass Brøra.

 
(Fraa Hallingdal).
 
Dæ va i 1669 paa Housttingji i Aal, at Ola Uppheim – ell som mest va kjend mæ Venabne "Bagemaagjin" – kom te Foute aa sporde ko Rett han hadde te aa krævja Gjestsou. (I dei Tien va dæ paalagt Bøndadn aa gjeva Foute ein Sou treakort Aare, som dei kalla Gjestsou, aa som enno svaras, men paa dæ Sæt, at dæ bitalas 20 Skilling Aare for'n). Foutn svara: "E kræv de ingjen Sou." "Dæ æ so mykji de høyre paa, allesamle: no æ dæ forbi mæ Gjestsoun"! sa Bagemaagjin.
 
Daa dæ lei innte Jolo, so va dæ komen Greie te Lesmann, at han skulde taka Bagemaagjin aa sæta Jødning paa'n aa føre han like te Akershusslot, fordi han hadde svalla so grovt ve Foutn paa Tingji. Lesmann hadde mæ se ein Underofser te Hjolp, aa so toko dei Bagemaagjin mitt paa Nottn i hass Sæng, sætte Jødning paa'n aa lakka te vegars mæ hono. Tvaa taa Brøro hass vorto sinna, fordi at Bror deires skulle faa slik Skrubb, aa stelte se te paa Vegen ette, aa naadde dei paa Nes; der toko dei Bror sin mæ Magt aa sungo'n heimatt. Stor Gle aa Moro hadde dei alle tryaa aaver at dei hadde rædd'an ifraa dei Straffen som va æsla hono.
 
Trast ette Nytaar kom Foutn mæ 16 Sylatera, som vorto lægdda paa Aalmugjin. Daa Vettretinge skull bi helde, befalte Foutn dessa Sylateradn aa møte paa Tinge mæ Feltbørso, mæ La aa Kru aa itente Luntu aa full Uppakning. Aalmugjin va se so heile fortenkt paa denna Greia; dæ saag ut, som dæ ha skulja vorte innbyrdes Kri. Meiningji aat Foute va nokk dæ, at han va rædd taa Hallingji, aa difor vilde han ha Sylatera te si Hjolp, um dæ galt paa. Alt va role aa stilt paa Tingji, aa daa dæ va slutta, skull endaa Rytaradn vera i Bygden, te dæ lei paa Vaarkantn. Daa kom dæ are Gaangji Greie te Lesmann, at no skulde han taka inkji berre Bagemaagjin, men telikemæ hass Brøra aa føre dei te Akershusslot. Ja no maatte dei i Venda for Aalvuru. Den eine taa dei fekk brøte se ut aa rymde heimatt; men han gikk frelous, aa hine tvaa sat i Straffen i lang Ti, innte dei fungo løyse se mæ Pæng. Soleise maatte Bagemaagjin utsæta Garen sin te Aadne Hoftuno for 200 Daler i Løysningspæng.
 
Daa hadde dei prøvt aa stampe mot Broddn.
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum