Av laak Ætt.

 
[Del 9 av 10. Fyrste delen.]
 
Ei Forteljing.
 
XIII.
 
(Framhald).
 
Baronen vaagad seg lenger. "Sannt aa segja", sagde han, "so hev eg ofta undrast paa deg, at du gjeng her og slit, du, som so lett kunde faa Tak paa den Livsvon, Naturen sveik deg fyr."
 
"Kor daa?" sagde Leiv.
 
"Kvat er det du treng i denne Verdi? Kvat er det du treng fyr aa faa njota din Livsrett? Kvat er det du gjeng her og slit fyre, og øyder burt dine varmaste Aar og di friskaste Kraft fyr aa vinna?"
 
"Rikdom", svarad Leiv.
 
"Ha – ha, javisst! Rikdom! slik ein Armodsting, slikt Smaaskrap . . . Berre ein liten Gull- klump millom deg og din Rett, millom deg og ditt Liv! Og den Gullklumpen ligg og sleng fyr Føterne dine, og du, Tullingen er i Tvil um aa taka han upp!"
 
"Fyr Føterne mine -?"
 
"Du hev, liksom hin Kasseraren, Styre yver ei Kassa, som er full, rett som det er . . . Han var ein Mann; han kjende sin Rett . . . gjer du lika eins!"
 
Leiv var blodraud og stod upp. "No er det nok!" sagde han. "At du, som er fødd Baron,
kann hava slike Armods Tankar!"
 
Det kom nokot Raatt yver Baronen. Han drog paa Aksli og flirde. "Lat oss vera ærlege mot kvarandre!" sagde han. "Eg er ikkje meir Baron enn du. Eg er av arme Folk; Naturen hev voret rangvis mot meg som mot deg . . . Men daa eg kom til Amerika, saag eg, at desse "demokratiske" Folk hadde Vyrdnad fyr høg Ætt og slikt; so kallad eg meg Baron . . . Lygn? Nei. Det er ingen Skil paa meg og ein Baron i Grunnen; ein fødd Baron hev ikkje meir Rett til aa vera Baron enn eg; heile Skilnaden er ein Titel, og den kann eg bera som ein annan . . . og det er imindsto visst: eg hev same Hug paa aa liva og same Rett til aa liva som nokon Baron! Det er med meg som med deg; i denne Kroppen brenn det og Livsens heite, tærande Eld, og denne Sjæl stend og i Glod etter Liv og Gleda . . . Lat oss slaa Lag, me tvo! Me stend paa like Vilkor; lat oss slaa Lag! Lat oss vaaga eit Tak, som kann berga oss upp or denne Trældomen! Ver Mann, Mr. Hegglid . . ."
 
Leiv stod og stirde med vidopen Munn. For ei Umkverving! Heile Glansen som stroken av "Baronen." Kven var som stod der no? Ein liten mager Tufs av ein Kar, ufager, ufin, eit Armodsting, av laak Ætt, og ein Skarv attpaa! Leiv kjende seg uendeleg flat. "Farvæl!" sagde han. Baronen vart stygg. Det gjekk liksom tvo Baaredrag i Kross yver Andlitet hans, Skam og Harm fraa den eine Sida, Svivyrding fraa den andre. "Orsaka, orsaka," sagde han med Spe, "eg heldt Mr. Hegglid fyr aa vera ein Mann, eg. Naa, Herregud, Ein mistek seg so tidt i denne Verdi . . . Farvæl! Armod og Ovmod høver laakt ihop; naar du fær liva so lengje som eg, og tola det eg hev tolt, so vert du og Filosof! og eg skal hava Moro av aa liva den Dagen. Farvæl solengje, Barnet mitt!" Han gjekk; Leiv saag han aldri sidan.
 
Men han kjende seg forunderleg kald og liksom skamfull etter detta. Naar han minndest Baronen, gjekk det ei tung og sleip og ulidande Kjenning gjenom Bringa hans, liksom naar Ein minnest ei skamleg Stund. Det, som Baronen hadde sagt, og som Leiv totte høyrdest so avstyggjeleg laakt i hans Munn, var i Grunnen slikt, som han kjende fraa seg sjølv. Hadde han ikkje sjølv gjenget her og meint, at Livet var rangvist, og at han leid Urett? Hadde han ikkje sjølv harmat seg paa sin Lagnad og tenkt Ting, som var nærepaa Haad mot Styraren sjølv? No fann han alt detta so uendeleg umannslegt. Han skjemdest som ein Hund. Han tok i med sitt gamle Stræv fyr aa velta det fraa seg. Ikkje med Syting og Treging var det Von um aa vinna fram, men einast med rolegt, mannslegt Arbeid.
 
I Grunnen hadde det væl ikkje so fæl Naud.
 
Han hadde god Løn, og næste Aar fekk han meir. Paa Alvhild turvte han ikkje tvila. Ei Gjenta, som var av so gode Folk, kunde ikkje fara med Svik. Og kunde ho venta 4 Aar, ventad ho nok det femte med. So snart han fekk tena seg uppatt so mykje, at han kunde segja, naar han ventad seg heim, vilde han skriva til henne og fortelja alt. No, daa han ingenting godt hadde aa skriva um, let han det vera. Naar ho fekk hans Helsingar, so skynad ho nok Meiningi.
 
Tidi leid. Han undrast væl paa, at han aldri fekk høyra nokot fraa Alvhild. Men han tok seg aldri vonde Tankar. Faer hans skreiv so godt um Gjenta, at han tottest vera trygg. Vel gjekk det ymist Folkesnak um henne, fortalde Aasbjørn; men Folk hadde det no altid so annt med slike Droser. Men den Vaaren, daa Knut og Alvhild vart feste, fekk Leiv eit Brev fraa Faer sin, som var meir urolegt. Alvhild var med Helsa og livde godt, stod der. Ho var ofta i Lag, og Folk fortalde fyr visst, at Knut Aasen gjekk paa Friarfot etter henne. Sume sagde meir og. Men, meinte Aasbjørn og kom uppatt med sitt gamle, Ein skulde ikkje bry seg. Væl kunde det ikkje vera so greidt fyr slik ei Bidledros helder, naar Gutarne styrmde paa, og den Rette var so langt or Syni. Men Aasbjørn vilde ikkje tru so ilt um Alvhild. Ho hadde so god ei Uppsyn og slike reine Augo. Skulde Ein mistru ei slik, maatte Ein mistru alle. Men ho undrast visst paa, at han ikkje sende Brev. Leiv stokk av detta. Han kom paa nytt uppi Uro og fredlause Tankar. Han sat um Nætterne og skreiv Brev til Alvhild, men brende dei upp att um Morgonen. Um Dagen arbeidde han som ein ør Mann. Det galdt nok um aa skunda seg no. Tidi gjekk, og han var enno komen so litet paa Veg. Kor skulde det ganga? Det drog seg ut etter Sumaren, og Fredløysa hans vaks. Han vart meir og meir bleik, og dei som saag han i Augo, totte han saag villare ut enn fyrr. Han tenkte stundom paa "Baronen" og undrast paa den "Filosofien" hans, som han eingong hadde funnet so fæl. Dersom Lukka var imot han i dette einaste, som han kravde av henne, og som han no hadde kavat fyr so saart, - so vilde han likevæl tru, at Livet varrangvist. –
 
Han hadde sendt eit Brev heim til Faer sin og bedet han faa full Greida um Knut og Alvhild og so fortelja alt utan Dulsmaal. Naar han fekk Svar paa det, so vilde han skriva eit langt Brev til Alvhild. Det var paa Haustkanten, daa han fekk Svar. Men der stod:
 
"No vilde eg helder tigja enn tala, dersom det stod til meg. Eg hadde aldri trutt detta um Alvhild. Men Ein skal aldri lita paa nokon Ting i denne Verdi, og mindst paa Gjente-Augo. Det er usætande og usannt alt, so nær som Dauden, sagde dei gamle. Eg er so leid og sorgfull, eg kann litet skriva.
 
Var det ikkje det eg tenkte, daa du foor, at det er ein speleg Ting aa sleppa Gjenta so langt ifraa seg. Dei er so veike, og Gutarne ligg allstødt etter dei. Knut Aasen er ein snaal Kar, og sløg til; han visste aa snu og venda seg til Fisken beit.
 
Det vert sagt fyr visst, at Knut og Alvhild skal hava Brudlaup i Haust; Sundag kjem skal det verta lyst fyr dei fyrste Gongen. Korleids Alvhild likar detta, veit eg ikkje fyr visst. Eg hev ikkje paa lange Tider høvt henne aaleine; ho liksom skydde meg, og so let eg henne vera. Eg var no van med slikt, eg fyr min Part. Men fyr di Skuld gjorde det meg so vondt, at ingen utan Vaarherre veit det.
 
Sume segjer, at Alvhild er litet glad. Dersom du saag deg Raad med aa koma, so er det Ingen som veit nokon Ting. Best skulde eg lika aa høyra, at du var like sæl um ei Gjenta, som det ikkje er meir Sæt paa. Men Ungdomen er no som han er, den, og Elsken med. Di meir vondt Ein maa lida av Venen sin, di hardare elskar Ein. Tak det ikkje for tungt; eg veit du er sterk Kar. Enno kann det beinka seg, so lengje dei ikkje hev voret i Kyrkja." -
 
Han las Brevet. Ein Gong, tvo Gonger, fleire Gonger. Han las det til dess han ikkje lenger fekk Meining i det. Heile Dagen sidan sagde dei han gjekk med stive stirande Augo og svallad med seg sjølv, svarad ikkje, naar dei spurde, og foor aat i alle Ting som ein galen Mann. Men Dagen etter var han roleg og kald. Augo var harde, han var bleik som Lik, og Uppsyni var stygg, liksom han bar paa ein fæl Tanke; men roleg var han. Han hadde sagt til seg sjølv: Alvhild vil eg eiga med det Gode elder Vonde; fær eg ikkje Guds Hjelp, so hjelper eg meg sjølv . . .
 
I otte Dagar arbeidde han som vanleg. Daa reiste Husbonden paa Langferd og gav Leiv Styret av alt paa Garden sin. Andre Notti kom Leiv burt. Dei andre til aa leita, fælte fyr alle Slag; Leiv hadde voret so underleg i det seinste. Men dei korkje saag elder spurde til han. Husbonden kom heim. Han vart reint utav det fyr Leiv; for han hadde likt Guten. Dei tok til aa leita att aa nyom. Daa vart Husbonden var, at Pengeskuffa var tom. Det hadde vort mykje i henne, for han skulde just ut med ein stor Sum paa Garden. Og han hadde trutt Leiv som seg sjølv. Daa tok han galne Tankar. I Byen fekk han spyrja, at fleire Skip just den Notti var siglde til Europa. Leivs Namn var ikkje aa finna; men Ein hadde set han i Byen den Notti. Det var greidt nok. Leiv hadde teket Kassa med seg, bytt Namn, og rømt. -
 
- - So var Leiv Hegglid likevæl av ei laak Ætt. - -                                         
 
 

 

Frå Fedraheimen 11.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum