Utlandet.

 
I dei sidste Dagar synest det ha gjenget eit fredlegare Drag gjenom Lufti. Dei Torekampar, som hadde samlat seg yver Europa i fyrre Vika, hev ikkje enno sendt sine Eldingar ut. Um det er ventande nokot stødt Upphaldsvedr, er nog likevel uvisst; Skyerne heng enno tunge yver vaare Hovud, og um endaa Toreslaatten kannhenda glid yver, hev me daa iminsto eit nytt El av diplomatiske Tingingar i Venta, fyrr det kann verta stillt, og i slike Høve kann Fred verta til Ufred, fyrr ein veit Ordet. Tingandet er no likevel komet i Gang att paa Grunnlag av nye Ettergjevnadar, som det heiter seg at Ryssland skal vera viljugt til aa gjera; Tingandet skrid heppeleg fram ved Tysklands Midling, segjer det ryske Styresbladet Agence Russe, og dette er sannat baade fraa Wien og London. Kvat det er fyr Ettergjevnadar, er ukjent; men me kann fulla snart venta Kunnskap um det no, daa det engelske Parlamentet er komet saman att etter Paaskehelgi. Somyket er daa visst, at skal dei fremja Fredssynerne nokot, maa dei innehalda ei opi Godkjenning av Europas Rett til aa forfara San Stefano-Semja. Tvo av dei engelske Ministrarne, Hardy, Minister fyr India, og Cross, Innriksminister, hev i offentlege Talar ordat um, at England gjer ein slik Vedgang fraa Ryssland til usleppande Vilkor fyr aa vera med paa Kongressen, og det er knapt trulegt, at den britiske Regjering hev latet dette Kravet falla. Dette Umbrøytet hev til Deils voret haldet fyr ei Fylgja av det, at den ryske Utsendingen i England, Sjuvalof, som er ein vellikt Mann i Styres-Ringen i London, hev vortet hentad heim att fyr aa vera i Staden aat Gortsjakof ei Tid; denne hev ogso havt den Uheppa aa verta sjuk i Utidi. Men den sanne Grunn er fulla det, at Ryssland hev funnet seg nøydt til aa gjeva etter i Røyndi i fleire Stykkje. Times fortel um, at Ryssland vil gjeva upp godtsom alt Velde i Bulgaria og lata dette verta styrt av ei europæisk Nemnd, um so skal vera, i Staden fyr ryske Nemndemenner; i Litleasia krev ikkje Ryssland meir enn Kars og Batum, og av Bessarabia vil det nøgja seg med den Remsa, som er bygd av Ryssar. Times neittar ikkje, at dette er store Etterslepp, og likevel kannhenda ikkje dei sidste, naar det knip. Den ryske Heren skal vera i ei mindre god Stelling, som ikkje vert betre av det, at Turkarne framleids drygjer med aa røma Sjumla og Varna, at Uppstandet i Bulgaria enno varer ved, og at Fiendskapen mot Ryssarne gjer seg meir og meir gjeldande i Rumænia, men som iser hev sin Grunn i det, at Ryssland, med di det hev kollstøytt det turkiske Styret, hev teket paa seg den Byrdi aa halda ei uhorveleg Landvidd hersett, fyr ei Tid iminsto. Dermed er det faarlegt at det hev teket paa seg meir, enn som det godt kann bera fram.
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum