Storthinget.

 
Onsdag. Etter at Budgettet til Universitetet var vedteket, tok dei til med Forslaget til Forandring i Grunnlogi um Storthingsmenn fraa Finnmarskbyarne, og dei vart fyrst ferduge Thorsdag. Aschehaug meinte, at det ikkje kunde duga berre aa jamna so smaatt um Senn paa alle Mishøve i Thingsmannstalet, det var best aa bia med det, til Ein fekk eit visst System i so Maate, som Ein kunde halda seg til. For som det no er, er det mange Mishøve, Kristiania til Dømes er større enn i mindsto 2 Amter, som sender 5 Menn, Stavanger og nordre Bergenhus, og i Skatteevne stend det yver alle. I Samanlikning med Kristiania var det ikkje so reint galet lel der i Nordluterne av Landet, naar Ein saag paa Folkemengdi, og paa kor einfengde Næringsvegerne der var. Smitt peikad paa, kor langt det var millom Valstaderne nordi der, 130 Mil millom Utendarne. Det var meir naturleg um Tromsøy og Bodøy kunde slaast ihop, og dei andre Finnmarksbyarne vart fyr seg sjølve, jamvæl um Ein maatte slaa Brevik og Porsgrund saman til ein Valkrins. H. Møller synte, at Brevik ikkje hadde gjenget attende, sidan det fekk serskild Storthingsmann, daa var det likare aa auka Talet paa Landsthingmennerne. Bjørnsgaard au meinte det same. Richter hadde ikkje nokot imot aa slaa Brevik og Porsgrund ihop, um det ikkje var onnor Raad, men det var ogso den Utvegen, aa auka Thingmannstalet i sundre Throndheims Amt. Olafsen var fyre, at Finnmarksbyarne skulde faa eigen Thingmann. Ein maatte paa alle Maatar, meinte han, sjaa til aa hjelpa upp desse Landsluterne, som hellest hadde so litet Hjelp av Naturen. Joh. Sverdrup minnte um, at Talet 111 var innkomet berre som ved eit Tilfelle i Aaret 1859, so Ein difyr ikkje skulde leggja for stort Lag paa det. Det var urettferdigt mot Finnmarksbyarne som det no var, men Ein skulde ikkje jamna det ut ved ei ny Urettferd mot Brevik. Han tykte, det var likare aa auka Talet andre Stelle enn aa slaa ihop, daa det i det heile er tunnt med Thingmenn i Norig etter dei mange ymse Interesse, som det her er. Det er ikkje her som i Danmark, der treng dei ikkje so mange. Thingmenn. Han vilde gjeva baade sundre Throndheims Amt og Akershus Amt ein Thingmann til, so dei kunde jamnast paa den Maaten. Løvenskjold vilde røysta imot alt, for etter Folkemengdi var det større Thingmanns-Utsending i Finnmarki, enn det var hellest, ein Thingmann fyr 16000 Menneskje. Bergesen heldt fram, at Brevik slett ikkje hadde gjenget attende i dei sidste Aari, den hadde like so stor Utførsla som Drøbakk og Moss. Steen meinte, at ikkje Folkemengdi men Næringsvegerne var Mælestav fyr Folkets Framgang; var det ikkje onnor Raad, vilde han heller slaa ihop Porsgrund og Brevik, det var meir dei same Interesse der enn i alle Finnmarksbyarne. Q u a m meinte at især Nordlands Amt kunde trengja ein Thingmann til, S. Nielsen likeins. Endaa talad Ueland og Moses Møller. – Ved Røysting vart Havigs og Seljelids Forslag vedteket mot 35 Mann, at Finnmarksbyarne skulde utgjera ein serskild Valkrins, og at Nordlands og Akershus Amt skulde hava 5 Thingmenn kvart.
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum