Notisar

 
Lagthinget hev vedteket Lensmannlogi mot 9 Røyster. Hundelogi vart forkastet og skal so fyre i samlat Storthing.
 
Utvandringi til Amerika skal vera stor i Aar. Dei hev utreknat, at det kjem dit 20,000 Mann meir, enn det plar; det er væl Krigen i Europa, som gjer det.
 
I Sverike skal det haldast eit Krigsspil i Aar i Juni og Juli umkring Sødertelje og nordgjenom til Stokholm. 10,000 Mann skal vera med.
 
Parisutstellingi vart opnat den fyrste Mai. Kl. 2 kom Mac Mahon, Ministrarne og Medlemerne av Senatet og Deputeretkammeret. Kommissærarne og Fyremennerne fyre dei utlendske Deilarne, derimillom Prinsen av Vales, Prins Amadeus og den danske Kronprinsen helsad paa Mac Mahon. 100 Kanonskott dundrad. Etter ein Tale av Handelsministeren forkynnte Mac Mahon Utstillingi opnat. Heile Folkehopen ropad: Live Frankrike, live Republikken. Yver all Byen var det Flagging. Det skulde vera 100,000 framande i Byen.
 
Ridande Politi. Etter Uppstyret i Paaskhelgi hev Politimeistar Michelet innstillt til Stiftet um aa faa ridande Politi i Kristiania med 12 Mann og 20 Hestar.
 
Gustav Adolf Lammers, Sokneprest hev voret, er no daaen, 76 Aar gamal. I 1855 gjekk han av som Prest, og Aaret etter trod han ut av Statskyrkja. Det var iser i Barnedaupen han skilde seg fraa Kyrkjelæra. Han var framifraa gaaverik og ein Talar av fyrste Rang.
 
Ulukkur. Styraren av eit Handelssamlag paa Thoten hev teket Livet av seg; det var Ugreida i Reknskapen hans. – Ein Styrmann skulde ro eit Kvendfolk ut paa eit Skip her i Hamni, Baaten veltad og baade datt ut i Vatnet. – Styrmannen druknad, men Kvendfolket vart reddat til Lands.
 
Ein Handverkar som var inne i Trondheim aat Svogern sin, skjenkte seg eit Glas av ei Flaske, som stod i Skapet der, i den Tru at det var Vin elder Brendevin, men naar det bar til, var det ei Uppløysning av Blaasyresalt, som er ei sterk Forgift. Han døyde ein halv Time etter.
 
Bjørnsons Skildring av "Vis-Knut", som snart skal koma ut i Danmark og Sverike, hev alt komet ut paa Tysk med Namnet "Der Mirakel-Knut.
 
Doktor-Graden. Pastor A. Chr. Bang hev i desse Dagar teket Doktorgraden i Theologi. Han er den fyrste, som hev vortet Doktor i Theologi her i Landet.
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum