Lærarpostar.

 
Ein Lærarpost er ledig i Hole Herad. 3 Kredsar, 12 Vikor i kvar. I den eine Kreds fast Skule; i dei tvo andre leigde Stovor. Læraren fær bruka eit Jordstykke, paa Lag 10-12 Maal, mot at svara alle Skattar av det og bitala Brandpremien. Lærarløn Kr. 8, Kostpengar Kr. 5,60 um Vika. Kristiania Stiftsd. Hole Skulekom. paa Ringerike til 6 Vikor fraa 26de April.
 
- Ein Lærarpost er ledig i Halse Herad paa Nordmøre. Fastskule. 27 Vikor. Løn umframt Statstillegg Kr. 8 Throndhj. Stiftsd. Halse Skulekom. til 15de Juni.
 
- Ein Lærarpost i Sortlands Herad, Vesteraalen, er ledig. 38 Vikor. Løn – umframt Statstillegg – 8 Kr. Kostpengar in natura. 3 Kredsar i leigde Stovor. Tromsø Stiftsd. Sortlands Skulekom. til 17de April.
 
- Ved Kristiania Almugeskular er ledige:
1 elder 2 Lærarpostar paa 2000 Kr. aarleg.
2 – 3 " " 1800 Kr. "
2 – 3 " " 1300 Kr. " med Tillegg fyre kvart 3die Aar upptil 1600 Kr. 10-12 Lærarinnepostar paa 720 Kr. aarleg; etter 6 Aars Arbeidstid stiger Løni til 852 Kr. Aaret. Statstillegget er inkje her medreiknat. Lærararne 36 og Lærarinnorne 27 Timer um Vika. Baade Lærarne og Lærarinnorne maa gjera Innlag i ein Vikarkasse med 1 Øyre av kvar Kr. av Løni. I ein Pensionskasse skal kvar Lærar bitale 60 Kr. Aaret alt med ein Gong 900 Kr. Lærarinnorne 48 Kr., alt med ein Gong 720 Kr. Søkjararne maa segja fraa um dei kann undervisa i Naturfag, Teikning, Gymnastik elder Sang, likeins maa dei segja fraa, um dei er friske (best er det at faa seg Dokterattest.)
 
Til Kristiania Stiftsprovsti, sendt til Res. Kappellan G. Hansen til 8de Juni.
- Ein Lærarpost er ledig i Aas Herad 36 Vekor. Løn: 288 Kr. Kostp. 172 Kr. 80 Øyror. Statstillegg 72 Kr. Fast Skulehus, Bustad i Skulehuset. ½ Maal Jord. Læraren fær og Rentor av 800 Kr. Kristiania Stiftsd. Aas Skulekom. til 4 Vikor fraa 25de Marts.
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum