Kristiania, den 7de Mai 1878.

 
Me "held paa det Gamle". Heile Thinget stod der og sagde: Ei Endring i Ægteskapsskipnaden maa til. Og heile Landet sagde det same: ei Endring maa til. Alle visste detta. Fyr Statens Skuld, fyr Kyrkja Skuld, fyr Einskildmannens Skuld, fyr Sanningi Skuld: ein ny Skipnad maa til! Og so stod Thinget og ordstridde og antrast eit Bil, og so – vart det ved det gamle.
 
Naa ja! det er godt at det ikkje gjeng "for fort." Og med Ægteskapslogi kannhenda det kunde drygja. Men det er ikkje godt, at Thinget ikkje kann faa fram det, det sjølv vil, - og slikt hender rett som det er. Naar skal me faa ei skikkeleg Partisemjing, som kann setja litt Fart og Framkjømd i vaart offentlege Liv? Som det no er, so er Politikken vaar liksom ei stor Glya (Gelé) elder Beinløysa, som ikkje kann røra seg, men berre ligg og rek og sig, etter som det er sterk Straum til. Er Straumen veik, so ligg ho der.
 
Naar skal me faa eit skikkelegt samheldigt "Vinstre", som hev Kraft nok til aa setja seg upp eit Programm og segja: det og det vil me? Som det no er, er det berre paa eit Raam um nokon Ting vert gjort. Dei er so sjølvstendige, desse vaare gode Folk, at fyrr dei ofrar endaa si minste Grilla, fyrr let dei heile Saki sigla paa Grunn. Me kann ikkje vaar Politik i detta Landet. Istadenfyr aa semja oss um det, som er det Store i ei Sak, og so vinna detta fram og tenkja som so: Resten kann koma sidan, so stend me her liksom Holbergs filosofiske Erasmussar og verjer kvar vaar vesle Sermeining og kvar Bokstav og kvart Jota i denne Sermeining til sidste Dropen i Blekkhornet, og sviker fyr den Skuld Gong etter Gong vaar Hjartanskjær, som er Fridomen og Folkeveldet. Hadde me so sannt ei sterk Regjering, so kom snart Monsør Montanus i Soldatkjolen og fekk dansa under Korporalstaven, til dess han tok til Vitet. Men Lukka – elder Ulukka – er, at Armodsdomen er mindst likso stor i Regjeringi. Regjeringi kann ikkje helder sin politiske Stokkfisk.
 
I kvar stor Sak hev me fyrst tri "Hovudforslag": eit kvitt, eit raudt og so eit Millomforslag. Der er Thinget kløyvt i tri. Men so høyrer der til kvart Hovudforslag mindst tvo elder tri Attaatforslag; so hev me Thinget kløyt i ti-tolv Smaahopar. So er det ein, som finn ut ein betre "Redaktion" av det elder det "Alternativ"; han vil hava eit Ord ut der og eit inn der; ein annan finn paa nokot likt med eit annat Alternativ, o. s. fr. – og so fær dei tilslut det heile upp i ei Røra, som er so uendeleg, at Ingen lenger hev Greida paa nokon Ting. Saki kjem burt millom Fingrarne paa Folk fyr Skuld alle desse "Redaktionar" og Forslag og Millomforslag og Attaatforslag og Papirbitar.
 
Og alting skal upp i sjøvle Thinget, maavita, til stor Bate fyr den Bokprentaren, som prentar Storthingstidenden, men ikkje til Bate fyr Riksens Pung elder fyr Politikken.
 
Dersom me hadde ein skikkeleg Parti-Organisation, so kunde alle dei Smaating verta greidde ut i dei ymse Partimøte, og kvart Parti steig daa fram med sitt eine og klaare og væl gjenomtenkte Framlag, samlad si Magt paa det, og stod elder stupad, ettersom det var sterkt til. Paa den Maaten vilde Ein spara baade Tid og Vas, Folk kunde fylgja med i Striden, og – nokon Ting vart gjort. Store Talar og lange Ordkast er godt til sitt Bruk, naar der er Vit i dei; men det det spyrst um fyr Land og Folk tilslut, det er – Gjerning.      
 
Skal Thinget faa eiga Folksens Tillit, so trur me det lyt minnast detta. Slik som det no gjeng, so kann det nok ganga galet. Thinget magtstel seg ved denne uendelege Usemja og Magtløysa til aa faa ei Sak fram. Thingsamlingarne, segjer Folk, vert lenger og lenger, og dyrare og dyrare, og mindre og mindre vert gjort. Men det verste, som kunde henda oss no, det var, um Folk skulde tapa Trui paa sitt Thing. Alt som er godt og ungt og friskt i detta Samfundet hev byggt sine Voner paa det. Den Dagen, naar Thinget sveik desse Voner, vilde vera ein sann Domedag fyr Folk og Framtid. Lat kvar einaste Mann gjera Sitt til, at den Dagen ikkje kjem! Men Thinget sjølv maa gjera det meste.
 
Me maa sjaa til aa læra vaar "politiske Stokkfisk"! – det er Saki. Serleg vil me telja vaare Riksstellarar til aa studera det Stykket, som handlar um "det sanne politiske Sjølvstende."
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum