Fraa Mandalsdalen.

 
Ein "b" hev nok teket Stykket mitt um Lærarløn illa upp. Han meiner no, at det vil draga Skule og Heim meir fraa einannan, um Løni kjem fraa Staten.
 
Der maa vera myrkt der "b" hev heime; det kann Ein sjaa af hans Dom um Lærararne.
 
No lyt eg fyrst fortelja honom, at det er inkje so galet hjaa oss. Lærarar og Folk kjenner einannan godt; og dei dreg Lasset med einannan, so godt dei kann. Og det er Folks og Lærarars Ynskje her, at Løni maatte bli Statssak, - det Folks daa, som vil Framgang og Upplysning.
 
"Folket" er her bytt i tvo Fylkingar, og den eine, som stødt fører Tru aa Kristendom paa Tunga, gjerer alt det dei kann, fyr aa meinka Upplysningsarbeidet. Det var dei, som hindra Aukingi av Laagmaalet i Amtsformannskapet; det var dei som stridde fyr aa forandra § 46 i Skulelogi, so at dei, der dei hadde Magti i Skulestyre, kunde tilgagns gjera Dagarne sure fyr Lærarane. Men korkje i det eine hell det andre fekk dei Mandalsdalens Ordførarar, Lie og Jaabæk, med seg, for desse skynad at det var Upplysingi, Pietistarne vilde kjøva.
 
Der er eit Ordtøke, som segjer, at naar ein Lim er sjuk, so gjeng det heile Likamen galet.
 
Difyre trur eg, at det skal Ingjen gleda seg yver at Skulen i Lister og Mandal og Stavanger Amt er so med det ringaste: det vert Landet sin Skadetilslut det med.
 
Skulde Skulen her leggjast yver til "Folket", so gjekk det nok galet mange Stader; det vart Innanbokslesning i "Vanjelboka" aa Ramsing i Forklaringi som vart i Velten att. Seg meg: Er Folket, Skulen og Landet tent med det?
 
U. Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum