Det radikale Maalstræv.

 
(Av Arne Garborg).
 
Skuledirektør Bonnevie segjer i sine Fyredrag um Skule og Undervisning:
 
"Hvilket Sprog skal man undervise i? Jeg har allerede før udtalt, at man maa begynde at tale med Børnene i deres hjemlige Dialekt, men vi er vel enige om, at de maa lære at forstaa Skriftsproget, og jeg tror ogsaa, at deeft er haanden maa lære at tale det; 1) thi det kan ikke være tilfredsstillende, at det Sprog, hvori saagodtsom alt (!), hvad de kommer til at læse, er trykt, staar for dem som et fremmed Sprog 2), hvori de ikke kan tænke (NB). Dette vilde udelukke dem fra enhver inderlig Forstaaelse (høyr!).
 
Derfor bør man, naar man har faaet Taleøvelserne vel igang, - thi man maa ved disse i Begyndelsen ikke hefte sig synderlig ved Sprogformen for ikke at hindre Tankebevægelsen – ikke udsætte længe med at lære Børnene at udtrykke sig i Skriftsproget 1); et fremmed Sprog er det jo ikke for dem 2), og det vil være lettere at begynde med at tale det end med at læse det (!!). De maa lære dette ved at høre Læreren tale og saa selv sige efter, indtil de vinder Evne til paa egen Haand at udtrykke sine Tanker." 1) O. s. fr.
 
I den Boki eg gav ut her i Haust, "Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse", let eg – berre paa Liksom – ein dansknorsk Intelligentsriddar stiga fram og halda ein Tale slik:
 
"Vi, Intelligentsen, er det norske Folk, hvilket Sprog vi nu end taler. Overfor os faar det oprindelige Folk, skjønt Pluraliteten, bøie sig; overfor os har det ingen Ret. Ligesom Preussen i Slesvig har Ret til at paatyrannisere de Dansktalende sit tyske Kulturmaal, og ligesom Russen har Ret til at paabarbarisere Polakkerne sin Russisk, - saaledes forlange vi Dansknorske, med aaben Pande og god Samvittighet, at det saakaldte norske Folk skal opgive sit Modersmaal og lære sig til at tale og tænke i vort Sprog. Og vi forstaar at sætte denne vor Fordring igjennem. Ved Hjælp af Regjering og Storthing opretholder vi Dansken i alle Skoler, ja lader de dumme Bønder lære det under Navn af "Modersmaal", hvad de ogsaa gjør, uden et Muk. – Ved Hjælp af Regjering og Storthing opretholder vi det fremdeles i hele den norske Kirke, hvorved vi endog har faaet Bønderne til at betragte vort Sprog som et helligt Sprog. Endelig forfølger vi med hjerteligt Had, paa Vers og i Prosa, ved alskens Midler, ethvert Forsøg, der vover sig frem i Retning af at faa vort Aag afkastet. Thi vi er Folket; det er vi, som nu har Retten til at styre og raade i dette saakaldte Norge."
 
Daa eg skreiv detta, trudde eg eg hadde ritat upp eit so avstyggjelegt Rengjebilæte (Karrikatur), at Maken aldri kunde verta funnen i Livet. Men naar du les og tenkjer etter det som stend her øvst av Skulestyrar Bonnevie, so vil du sjaa, at "Rengjebilætet" nok hev si fulle syrgjelege Sanning lell.
 
Det Bonnevie vil hava fram, det er, at vaare Skular, alle i Lag, og etter sams Raad, ved Lokking elder Tvang skal avmæla heile Folket. Heile Folket skal kasta fraa seg sitt Fedramaal og taka seg eit nytt Maal paa Borg hjaa sine dansk-norske Herrar. Dei femtan hundrad tusund skal bøygja seg fyr dei tri hundrad tusund; for " vi er Folket."
 
Kristofer Brun hev Rett: slikt er upprørande. Kann du lesa det utan Harm, so er du ein større Dauving enn eg trudde ein norsk Mann kunde vera. Der ligg slik ei Svivyrding av all Folkerett og av all Mannamilde i desse Tankar, at tilmed ein Russ vilde skjemmast av aa koma med dei so beintfram. Dei viser, at vaar "dansk-norske Kultur" innanfyr det vælblenkte Skalet løyner ein sann "Jordperiode" av Villmannshug og Ukjurskap (Brutalitet). Og – som eg slog paa i Boki – det mest motburdsame er, at det kjem fram med so "godt Samvit." Den skikkelege Skuledirektøren stend der og held Fyredrag so godslegt og rolegt, liksom Talen var um aa drepa ei Fluga og ikkje um aa røva fraa eit Folk dess dyraste Eign og skamfara dess Æra og Sjølvvyrde paa den verste av alle Maatar. Det maa vera fælt, kor langt den dansk-norske Intelligentsen ligg utanfyr Folkeskikken.
 
Ein Ting hev han Rett i: det er stor Synd mot Folket, at det ikkje skal faa si Upplysning i eit Maal, som det sjølv tenkjer i. Det er det, me Maalmenn og veit. Men istadenfyr no aa taka den einaste naturlege og mogelege Vegen og segja: Bøkerne bør læra aa bruka same Maalet som Folket! – so gjeng Hr. Skulestyraren den radt bakvende Vegjen og segjer: Folket bør læra aa bruka same Maalet som Bøkerne! Han vil laga Foten etter Skoen denne Karen, og ikkje Skoen etter Foten. Det er slikt, me kallar radikalt elder Rothoggar-Maalstræv. Det er ein Vant paa "Sans fyr det Faktiske" (Røynlege), som er baade barnsleg og barbarisk. Det vilde vera flirande aa raaka paa desse russiske Hervinnartankar hjaa vaar vesle dansknorske Hop av Kandidatar og Kaupmenn, - dersom det ikkje var so harmfullt.
 
Aa gjeva Folket Bøker i det Maal, som det no eingong bruker og maa bruka, det er ein etter Maaten lett og endefram Ting; til det krevst det berre litegrand god Vilje og eitpar dugande Skribentar i kvar Mannsalder. Maalet ligg aa segja ferdugt, og her skrivst i det kvar Dag. Men aa tvinga fram Maalskifte hjaa eit heilt Folk fyr aa faa det til aa tala som visse Bøker - - ja! dei hev sagt um vaart norske Maalreisningsverk, at det høyrer heime i Maanen; men det radikale danske Maalstræv høyrer ikkje heime der eingong.
 
Det er nokot, som Alle veit, at den norske Bonden lærer ikkje aa tenkja og tala paa Dansk. Eit Folk fær aldri i Sanning Magt med eit Maal, som det ikkje sjølv hev skapt, og som soleids ikkje høyrer det til. Men derimot kann den norske Bonden godt lærast av med aa tenkja og tala i sitt eiget Maal, d. e. naar Tanken skulde svinga seg uppyver det arme Kvardagsstræv; slik hev det alt gjengjet med Aalmugen i og ikring Byarne. Ein kann med andre Ord skapa Folket um i Fant elder Proletariat. Det er detta, som i Røyndi vert Endalykti paa det radikale danske Maalstræv. Det vert ei folkeleg Avvyrding og Avmegting og Nedtrælking, som vil syna seg att i alle Ting, baade i Kvardagslivet og i Politikken. Og detta vil dei, desse vaare Daningsberarar. Det er " vi, som er Folket", maavita. Det er dei, som vil eiga all aandeleg (og politisk) Magt i detta Landet. Folket skal ikkje faa Lov til aa dyrkja sitt Maal og sitt Aandsliv paa naturleg Maate. Folket skal ned i Fant. – Aa, um me budde i eit siviliserat Land! –
 
Den, som hev kjennt, kor det kostar aa knota, elder aa ljuga seg inn i ein Tale, som Ein kjenner Ein ikkje kann med; den som veit for ei Skam og ei Sjølvskjemming der er i detta, - han vil kjenna kvar Blodsdropen koka i seg ved den Tanken, at alle desse hundrad tusund Smaae skulde takast ut or Heimen og systematisk tvingast inn i Knoting og Lygn, - fyrst ramsa etter det Læraren sagde fyre og sidan lætst "udtrykke sine egne Tanker" i eit tillært og tilgjort Maal, som dei kjende dei ikkje raadde. Barnenaturen er ærleg, den, og vrider seg ved all slik Tilskaping. For eit Hav av folkeleg Skjemsla! For eit Hav av Lygn og moralsk Sott! Og for eit Folk me skulde faa etter slik ei Upptemjing!
 
Byfolk skynar ikkje detta. Dei hev aldri visst av aa knota; dei hev aldri turvt skjemmast av sitt Maal, skjemmast kvar Gong dei skulde lata upp Munnen; det hev aldri komet nokon Skulemeistar til dei og sagt: "fy, fy, Barn, kor styggt du snakkar!" Dei er reint utanfyr all den Skam og Armod, som Folket her hev aa kava med. Men ein Ting kunde me krevja: at dei hadde Daning og Mannamilde nok til aa tenkja seg inn i andre Folks Tilstand. Ein Ting kunde me krevja: at dei let andre Folk hava same Retten som dei sjølve: Retten til aa hava ein Skule og ein Bokavl paa sitt eiget Maal. Men nei! Her er ingen Ting aa venta. Bonden maa sjølv taka Mod til seg aa verja seg.
 
Dersom Skulestyret fær sin Skuletanke fram, so vert Aalmugeskulen her i Landet ein Maalskule elder Maalstrævskule, som ikkje vinn stort meir enn aa læra vaart Bondefolk tenkja og tala paa Dansk. Kor stor Tid meiner du dei fær til aa læra fraa seg gagnleg Kunnskap fyr Livet? Dei fær nok aa gjera med aa læra dei Smaae "tale pent." All Undervisning lyt ganga upp i detta, skal det muna; for det gjeng ikkje snøggt med aa faa Folk til aa byta Maal. Ho sit ikkje so laust helder, den Kufta. Det vert ein gild Skule detta fyr Bondefolk, som i sitt strenge Liv fulla fær mangt annat aa tenkja paa, enn paa aa "tala pent"! –
 
Me lyt tru, at dei Villmannstankar, som Skulestyret gjeng med, ikkje fær Framgang. Hellest skal Bonnevie hava Takk, for han so klaart og endefram hev sagt oss desse Tankar. Det er godt aa vita, korleids Folk er meinte. Me ser no, kor det ber av, um Styret fær raa seg. Paa Skulen stend det alt. Fær dei Dansknorske Magti med den, so hev ikkje me Norske meir aa gjera. Det vert soleids Aalvor no. Det gjeld aa leggja si heile Magt til, skal det muna. Det er ingen Smaating, me stridast um. Det er eit Folks Rett, Æra og aandelege Liv, som stend paa Kast, og Avgjerdstaket kjem oss so nære, at det liksom kulsar i Ein. Her er i Sanning ingen Ting aa drygja etter. Alle, som hev den mindste Gneisten av Heimhug og Folkevyrdnad, maa no skræmast upp.
 
1) Understrikat her.
2) NB!
 

 

Frå Fedraheimen 08.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum