Odelsthinget.

 
Ægteskapssaki. Biskop Essendrop upptok det kongelege Framlag um borgerlegt Ægteskap til Naudhøves. Det var stor Usemja i Kyrkjenemdi um denne Saki, men at eit Umbrigde var trengjande, det saag alle. Det var eit Bil sidan, at ein høgvyrd Lærar i Kyrkja so nær hadde maattat sluttat si Verksemd fyr Skuld Ægteskapslogi, og Samvitestvangen hev ikkje minkat paa det sidste, for Prestarne laut antan bøygja seg fyr Logi, elder segja fraa seg Embættet. Men Ein maatte vera varsam med aa gjera Umskipingar i ei Sak, som var so stor. Det var av Vigt baade fyr Heim og Kyrkja og Stat aa halda uppe Medvitandet um, at Ægteskapet er ei heilag Sak, og kyrkjeleg Vigsla er den beste Midel til det. Fyr Kyrkja vart det no snart ei hard Æva, og det norske Storthing var utsend ikkje berre paa Statens, men ogso paa Kyrkja sine Vegner. Naar dei kallar Ægteskapet ei borgerleg Sak, var det berre set fraa den eine Sida, utvortes, Ein kunde likso væl kalda det ei religiøs Sak fraa dets indre Sida set, og ingen Stat kann leggja annat i det enn som Gud hev viljat det. Det er berre hjaa Dyri, at det er eit Naturhøve aaleine, hjaa Menneskja tred det religiøse til, alle Folkeslag brukar religiøse Skikkar ved Ægteskapet. Motmennerne hadde nemnt Luther fyr si Meining, men han talar berre um den utvortes og verslege Sida, og so sto han i eit sers Høve til Saki. Det maatte vera ei Vekselverkning millom Stat og Kyrkja. Vaar kristelege Stat maa lata Kristendomen trengja gjenom alle sine Skipnadar (Institutioner). Der Fridomen til Samfundet og Einingen kjem til aa møtast, lyt Einingen gjeva seg. Bentsen trudde at alle hadde den Meining, at Ægteskapet var ettersi Utsida eit naturlegt Forhold, men Kristendomen kann likvæl gjenomtrengja det og gjera si gode Verkning paa det. Gud hadde ikkje, daa han skipad til Ægteskapet, gjevet kyrkjelege Reglar um det. Det er ikkje godt fyr Kyrkja sjølv, heller ikkje er det Rett, at Kyrkja maa tvinga det gode, ho hev, paa Folk, mot Disentarne iser gjerest det stor Urettferd som det no er. Borgerlegt Ægteskap fyr alle vilde ikkje støyta Folk meir enn denne Skipnaden, som no er, og det vilde best jamna Høvet millom Stat og Kyrkja. Jak. Sverdrup meinte at Regjeringi sitt Framlag um borgerlegt Ægteskap til Naudhøves ikkje kunde greida ut Floken til Bottens. – Det gale var det, at den borgerlege Handling og den kyrkjelege Vælsigning hadde vortet upp i Eit. Men detta var aa trengja til Sida baade Einingens og Kyrkja sin Fridom. Statsborgar og Kyrkjelem er ikkje det same. Ei Skiljing maatte gjerast millom det borgarlege og det kyrkjelege. Ægteskapet var berre eit sedelegt naturlegt Forhold som det ogso stod i den 16de Artikel i den Augsburgske Konfession, difyre var ikkje kyrkjelege Former trengjande. At det var gjeldande utan desse hadde ogso Staten medgjevet fyr Dissentarne. Kvar maatte hava Løyve til aa velja Maaten. – Det var ikkje annor Raad enn aa taka borgerlegt Ægteskap fyr alle elder valfritt, han heldt paa det sidste, fordi det ikkje kom so langt burt ifraa det tilvande. Det var sagt, at Ægteskapet daa vilde missa sin kristelege Karakter, men kyrkjeleg Vigjing kunde ikkje gjera eit Ægteskap millom ukristelege til kristelegt. Borgerlegt Ægteskap til Naudhøves var ikkje laglegt, med di det vilde skammerkja deim som tok det. Thinget maatte ikkje vikja av den Vegen, det hadde byrjat med ved aa strjuka § 92 i Grunnlogi. Bergersen meinte at den gamle Ordningi var baade for kjær og kjend til at dei skulde brigda paa henne no, især daa korkje Prestarne elder Folket var braahugad etter aa faa forandrat den kyrkjelege Vigsla, og daa det var so tett etter den store Forandringi ved § 92. Folk vilde tru, at det vart gjort fyr di dei ikkje lenger hadde Bruk fyr den kyrkjeleg Vigjingi. Han fyr sin Deil var ikkje so beint imot Saki, men han heldt ikkje Tidi høveleg no. Biskop S m i t t hadde slutat seg til det valfrie Ægteskap, det heldt han fyr den greidaste Maaten. Han og meinte at Ægteskapet var ei borgerleg Sak, og som vert til ved di at dei som gjeng inn i det bøygjer seg under Guds Log. Det er væl ei privat Sak, men kjem likevæl Samfundet ved, det er ein Planteskule baade fyr kyrkjelege og borgerlege Skipnadar. Difyr maatte Staten hava Tilsynsrett. Den Rett Kyrkja hev, kann ho berre krevja av sine eigne Lemer, men fyr deim maa ho kunna setja upp Reglar fyr Ægteskapet. Ein kunde ikkje segja, at det ikkje kom Kyrkja ved, fyr di det var eit naturlegt, sedelegt Forhold. Ho hadde Krav paa aa faa koma til med Guds Ord ved slikt eit vigtugt Tilhøve. Ægteskapet var etter sin Natur fyrst og fremst ei privat Sak, difyr maatte kvar faa velja Maaten, naar berre Staten fekk nokot Tilsyn. Johan Sverdrup vilde hava det borgerlege Ægteskap fyr alle. – I Kristendomens fyrste Tider brukad dei ikkje kyrkjeleg Vigjing, men sidan tok Kyrkja seg av Saki og gjorde seg paa ein Maate til Statens Tenar, men i den sidste Tidi att hev det berre vortet ei borgeleg Sak i dei fleste Land, og Ein kunde ikkje kalla desse Land mindre kristelege fyr det. Som det no er, er det berre Tvang. Dei valfrie Ægteskapi vilde skapa tvo Slag Ægteskap av ulike Verde, men ved at borgerlegt Ægteskap vart likt fyr alle, vilde Skilnaden jamnast ut. - Etter at Steen, Løvenskjold, Vefring og Jaabæk hadde ordat seg, vart det røystat um Saki, og det vart alt verande ved det gamle. Fyr Bentsens Forslag um, at borgerlegt Ægteskap skulde vera tvingande fyr alle var det 16 Mann: J. Sverdrup, Løberg, Juel, Rinde, Hjelmstad, Goverud, Jaabæk, Rejerson, Arctander, Dahl, Castberg, Qvam, Bentsen, Moses Møller, Erlandsen og Bjørnsgaard.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum