Lærarpostar.

 
Lærarposten i "Lebesby Herads ublanda' lappiske Kredsar, Ifjorden, Storfjorden og Veinæs" er ledig. 24 Vikor. Leigde Stovor. Løn Kr. 10, Kostpengar Kr. 5,60, umframt Statstillegg. Fær Læraren Borni flinke i "Norsk", kann han desutan venta Bitaling av "Finnefondet". Skulehus med Bustad fyr Læraren verd snart bygdt. Daa fær han ogso eit Jordstykke. Læraren kann og verda Kjyrkjetolk. Tromsøy Stiftsd. "Lebesby" Skulekom. til 2 Maanar fraa 8de April.
 
- Ein Lærarpost i "Tyfjerdingers" Kreds, Eidsbergs Herad er ledig. Løn 8 og Kostpengar 4 Kr. um Vika. 36 Vikor i leigde Stovor. Kristiania Stiftsd. Eidsbergs Skulekom. til 21de Mai.
 
- Ein Lærarpost er ledig i "Braarvigs Kreds", Flaugstads Sokn. 40 Vikor i faste Skulehus. Løn og Kostpengar tilsaman Kr. 600. Fri Bustad i Skulehuset, Kristiansands Stiftsd. Flaugstads Skulekom. ved Lyngøer til Slutten av Mai.
 
- Klokkarposten ved Ranums Kjyrkje, "Indre Namdalens Provsti" er ledig. Klokkarløn: 45 Boger Havre og 80 a 100 Kr. Klokkorgaren Hildrum som ligg tett med Kyrkja fær Læraren bruka. Paa Garden føder ein 2 Heste 10 Kjyr og nokre Smalar og avlar paalag 15 Tun. Byg 35 Tun. Havre og 6 Tun. Poteter. Klokkaren bitalar alle Skattar og andre Utlegg, som kviler paa Garden. Kaaret er: Foder til 2 Kjyr og 2 a 3 Smalar, og 6 Lass Ved. "Hovedbygningen" held Kommunen vedlike. Den Umvøling, som trengst paa dei andre Husi kostar Klokkaren. Gardens Rett til Laksefiske i Namselven er paktad bort fyr 1879 fyr 120 Kr. Klokkaren fær desutan fraa Namsos Timberdirektion 52 Kr. aarleg i Laksegardsspille. Skog er der paalag til Ved og Gjerder. Klokkeringning i Kjyrkja syter Klokkaren fyre.
 
I Lærarposten som fylgjer med er 27 Vikor Skule um Aaret. Kost in natura. Throndhjems Bisp og Stiftsd. Overhaldens Skulekom. til 6 Vikor fraa 8de April.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum