Kristiania, den 3die Mai 1878

 
Fyrr Storthinget kunde faa taka paa med Kr. Bruns og Per Bøs Framlag um Skrivemaaten av Stadsnamn, sette Regjeringi ei kgl. Nemnd, som skulde greida Saki. Og dermed, meiner f. Ex. "Fædrelandet", " bortfalder vistnok enhver Grund for Storthinget til at træffe nogen Foranstaltning". – Ja tru det?
                Regjeringsnemndi vert, som du kann vita, kav kongeleg dansknorsk. "Rettelse efter Bygdeudtalen vil vistnok sjelden kunne finde Sted". Dei skal hava Lov aa retta t. D. "Hvidesø" til "Hvidese i d" (ja dei var gode!); derimod vert det nok ikkje Tale um aa skriva Ordet slik som det vitterleg heiter og hev heitt baade aar og æveleg: " Kvitseid". Det vilde vera Maalstræv, det, og just fyr aa fyrebyggja Maalstræv er det, at denne kongelege Nemnd er sett. Men naar "Maalstrævet" i detta Tilfellet gjeng i Eit med den simplaste historiske og geografiske Sanning? – Hjelper ikkje. Maalstræv er Maalstræv, um det so var aldri so sannt.
 
- Me hev no, som du veit, andre Meiningar enn den kgl. norske Regjering i detta Stykket. Og me trur, at Regjeringsnemndi slettesikkje gjer eit Storthingstiltak faafengt. Tvertimot. Just no gjeld det fyr Thinget aa taka i, so sannt det ikkje vil, at heile Saki skal vasast av i Inkjevetta.
 
Det skal vera so vanskelegt, segjer dei, aa faa Gardsnamni skrivne etter Bygdeuttalen. Merkjelegt! Skulde det ikkje lata seg gjera, paa same Vis som i visse andre Tilfelle, aa faa dei ymse Bygdestyre til, med Hjelp av Lærarar og andre skriveføre Folk, aa faa uppsett og innsendt alle Namn, slik som dei røynleg og verkeleg heiter, og so, naar det var gjort, setja ei Nemnd, som hadde Greida paa baade Gamall- og Nynorsk (t. D. Sofus Bugge, Ivar Aasen, C. R. Unger), til aa sjaa igjenom alle desse Namn og sjaa aa faa dei skrivne alle paa rettaste Maaten og nokotsonær etter ei Rettskriving? Det turvte ikkje ganga so mange Aar til slikt, dersom Ein tok det litt praktisk.
 
- Det skulde vera ein forunderleg Ting, um det i detta Landet ikkje eingong skulde vera Raad med aa faa ein sann Geografi! –
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum