Hestarne vaare.

 
(Ved ein Agronom)
               
(Framhald).
 
Halsen skal vera høveleg lang, reisa seg paa Lag loddrett upp fraa Bringa og runda litt av uppmot Nakkjen. Paa Undersida bør Barken (Luftrøyren) kunna skiljast greidt ut paa baade Sidur. Øvste Kanten av Halsen skal vera fast og skarp, ikkje blaut og hangande, men helder ikkje ein tjukk Spekkhals. Er Halsen væn og vælreist, er han gjerna nokot lenger enn Hovudet og smalnar av uppimot detta. Ein slik Hals, fritt samvaksen med eit loddrettsitjande Hovud, hev Hesten liksom til eit Styre fyr Rørsla. Er derimot Halsen stutt og tjukk, vert han framstikkande, fylst gjerna med eit framstikkande Hovud og gjer Rørsla tung og utrygg. Slike Hestar kann vera væl nok til Arbeidsgampar, men duger korkje til Kjøyre- elder Ridehestar.
 
Brjostet hev serleg med Andardraatten aa gjera og maa sjaast væl paa. Det umfatar eit Rom, som vert kallat Bringehola. I den ligg Lunga, som er den vigtigaste Hæse- elder Puste-Reidskapen. Det ligg stort Lag paa ein lett og god Pust; men ein god Pust krev store Lungur, og store Lungur tarv stort Rom; dermed kann Brjostet vera som eit Maal fyr Lunga. Det maa vera djupt, breidt og langt, men daa høveleg etter Kroppen hellest. Til eit Maal kann Ein tenkja seg ei Snor fraa Manken til Marki avdeilt ved Olbogleden (dvs. Leden uppunder Buken); gjeng no Brjostet nedum Deilingspunktet, so er det "djupt" (sidt), men naar det ikkje ned-til, er det "laagt" (trongt). I fyrste Tilfellet vert Hesten "laagføtt", i sidste "høgføtt." Breiddi ser Ein av Rundingen paa Sidebeini; men her spyrst det mykje etter, um desse er lange elder stutte; er dei stutte, so ser Brjostet breidare ut enn naar dei er lange; for i sidste Tilfellet er Rundingen utbytt paa ei større Lengd og syner soleids mindre att. Hellest skal Brjostet runda seg vænt, auka jamt i Breiddi bakyver og so ganga umerkjeleg yver i Buken. Paa Undersida gjeng det mest flate-rett bak i Buken; men der vert daa ymse Avbrigde paa detta, ettersom Brjostet er "djupt" elder "laagt". Lengdi paa Brjostet rettar seg so mykje etter Ryggen, at det vil falla laglegare og tala meir um den der.
 
Naar Hesten stend roleg, skal Ein ikkje kunna sjaa paa Brjostet, at han pustar; ser Ein, at Brjostveggen røyver seg, so er det Merkje paa, at Hesten er hardt brukt. Stundom viser det seg eit Innknip elder liksom ei liti For 1) langs etter den nedste Kanten av Sidebeingrindi; den tyder paa, at Hesten er sprengd. Daa maa han verta brukt varlegt, av di han trast vert andpusten.
 
Fremst paa Brjostet er "Bringa", som maa vera breid og full, til Merkje paa Kraft. Men ho kann og vera for breid, so Framføterne kjem for langt fraa kvarandre. Er ho for smal, "Gjeitebringa" dei kallar, er ho baade ufager og veik, og Føterne kjem daa for nære kvarandre.
 
Øvst uppe gjeng Brjostet ihop med Ryggen. I det Daglege reknar ein Ryggen alt ifraa Manken og til Krossbeinet. I Grunnen er detta tvo Luter fyr seg: Ryggen og Lenden; men det kann no vara um. Heile Ryggen skal vera rett, men bøygja litt upp ved Mankje og Krossbein.
 
Det er godt, at Manken er høg; det gjev Hals og Hovud ei friare Reisning og Framføterne ei god Studning; at Ryggen bøygjer upp med Krossbeinet tyder paa sterke Segar (Musklar). Lengdi paa Ryggen er ymis; ho rettar seg etter Maalet paa den hin Kroppen og maa verta dømd etter det Bruk, som Hesten skal vera til. Ein lang Rygg er veik, og um enn ein slik langlivad Hest er "jordvinnande" (dvs. stig langt), so held han ikkje lengje ut. Er Ryggen stutt, vil Hesten vera "tung" (sein) og attaat skaken aa rida paa. Naar Ryggen er dubbelt so lang som Krysset ("Lenden", Stykket fraa Krossbeinet bak til Halen), so er han passeleg. Segarne paa Ryggen maa vera væl utvaksne, helst paa Lenden; daa vert Ryggen breid.
 
Lenden er den øvste Grensa av Bukhola; han skal ganga jamt yver i Krysset og i Sidurne, som maa vera væl avrundade. Er alt detta so, so segjer Ein, at Hesten er "sluttat." Er han smal og lang med utstikkande Mjødmeknokar og eit Innknip i Sideveggjen millom desse og Sidebeini, daa hev han "Sveltgruvur." Undersida av Buken skal halda fram i same Leid som Undersida av Brjostet og snida av baketter upp mot Svangjen. Heng han for sidt ned, er det eit Lyte (utan daa hjaa ei Fylmerr). Er Buken uppknipt, er det Merke paa skral Magamelting elder tung Pust. Ein maa sjaa etter under Buken at Hesten ikkje hev Navlabrokk. - Halen skal øvst uppe farta i same Leid som Ryggen, og so bøygjer han ned. Er han for laagt sett, vert han hangande, danglar att og fram under Gonga og tyder paa at Hesten er veik elder dauv.
 
 
1) For (Faar): "Fure", t. D. Plogfor.
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum